Jordskjelvet i Myanmar: Fryktar det kan hjelpe brutal militærjunta

4 days ago 14



Situasjonen på bildet ovanfor er nettopp den Peter Sang ikkje vil sjå.

På plass på sjukehuset i hovudstaden Naypyidaw er landets militære leiar, Min Aung Hlaing. Han helsar på skadde og sjekkar at alt går riktig føre seg.

– Det er dette dei ønsker at folk skal sjå, særleg det internasjonale samfunnet – at det militære regimet bryr seg om folket, seier Sang.

Igjen har ei naturkatastrofe ramma Myanmar, berre eit halvt år sidan fleire hundre mista livet i flaum.

Ruiner etter et jordskjelv.

Ruinar etter jordskjelvet.

Foto: Privat

Det er erklært unntakstilstand i seks regionar i Myanmar etter fleire kraftige jordskjelv nordvest i landet i dag morges. Talet på døde og skadde har stege gjennom dagen.

Krisa har ramma sentralt i Myanmar, mellom anna midt i landets militære junta sitt kontrollområde.

No ber juntaen om internasjonal hjelp. Dei ønsker seg også bloddonasjonar medisinsk utstyr. Men Sang vil åtvare mot å stole på dei:

– Dei vil ikkje ha hjelp. Dei vil utnytte situasjonen til sin eigen fordel, for å vinne legitimitet, seier han.

Brutal junta

Militærregimet har lite støtte internasjonalt, med unntak av Kina og Russland, og er nærmast isolert. Det er ekstremt upopulært heime og møter massiv motstand over heile landet.

– Det er ein svært brutal militærjunta, seier UiO-professor Kristian Stokke, som har forska på Myanmar i ei årrekke.

– Landet har hatt konfliktar mellom militære og ulike motstandsgrupper i mange år. Men den juntaen vi ser no, er ganske udiskutabelt det mest undertrykkande regimet vi har sett i Myanmar.

Juntaen tok makta i eit kupp i 2021, og innførte unntakstilstand. Sidan har det vore væpna konfliktar mellom militærjuntaen og ulike motstandsgrupper, blant dei etniske minoritetar og demokratiforkjemparar.

Vil ha legitimitet

Dei siste åra har juntaen mista kontrollen over ein stor del av områda dei tidlegare hadde. No er planen at dei skal halde val i desember, og på den måten konsolidere makta si.

Difor treng dei å vinne legitimitet både internasjonalt og i folket sine auge, og det kjapt, forklarer Sang, som kom som politisk flyktning frå Myanmar til Noreg i 2004.

mann med dress og fargerikt skjerf foran FN-bygninga

Peter Sang åtvarar mot å stole på militærjuntaens intensjonar.

Foto: Privat / NRK

Militærleiar Hlaing har opna dørene for internasjonale organisasjonar, og seier juntaen vil samarbeide for å hjelpe dei som no er ramma.

– Juntaen kontrollerer grensene. Viss dei hjelper internasjonale organisasjonar med å få inn naudhjelp, får dei eit godt forhold til verdssamfunnet. I tillegg kan det stille dei i betre lys hjå folket, seier Sang.

Også Stokke trur at juntaen no kan bruke situasjonen til å bli meir etande for partnarar, ved å vise at dei tar ansvar for folket.

– Valet i desember har ingenting med styreform å gjere – det er eit narrespel for eit internasjonalt publikum.

Offer for jordskjelvet ligg på bakken utanfor eit sjukehus i Naypyidaw.

Offer for jordskjelvet ligg på bakken ved sjukehuset i hovudstaden.

Foto: SAI AUNG MAIN / AFP / NTB

Manglande informasjon

Militærjuntaen har dei siste åra tidvis skrudd av tilgangen på internett i landet, og sensurert sosiale medium. Pressefridomen har også vore avgrensa.

– Eg er eigentleg overraska over at det har kome så mykje informasjon om jordskjelvet som det har. Det seier noko om storleiken på katastrofen, seier Stokke.

Kristian Stokke, UIO

Kristian Stokke, professor ved UiO, har forska på Myanmar i ei årrekke.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Fleire statlege nettsider var nede i tida rett etter jordskjelva.

Myanmar-forskaren Joe Freeman i Amnesty International seier til New York Times at landets sensurering og manglande tilgang på internett nok har påverka informasjonen som har komme ut om jordskjelva.

En gruppe mennesker som ser på flammar

Etter eit luftangrep frå militæret mot bolighus i Rakhine i februar.

Foto: HANDOUT / AFP / NTB

Stokke meiner at juntaen har vist at dei ikkje har omsorg for dei som blir råka av humanitære katastrofar tidlegare.

I Mandalay, nærmaste storby til episenteret, er tusenvis blitt fordrivne av juntaen berre dei siste to vekene. Ein tredel av dei 3,3 millionane som er drivne på flukt i landet, kjem frå Sagaing-regionen.

– Vanlegvis ville ikkje dei brydd seg ei slik hending i det heile tatt. Men når det skjer i ein militærby, så må dei forhalde seg til forventningane om at dei skal gjere noko, seier han.

Kan svikte

Det er behov for store humanitære innsatsar i Myanmar framover.

Kim Gabrielli, leiar i den ideelle organisasjonen Worldview International Forum, seier at den største utfordringa no blir å koordinere hjelpa.

– Det er usikkert kven som kontrollerer dei ulike delane av landet, rett og slett. I tillegg er linjene inn i landet er brotne, fordi ulike aktørar kontrollerer grensene. Difor blir det vanskeleg å få inn ekstra forsyningar, seier han.

en gruppe menn som sitter på bakken utenfor et hus

Politimenn inspiserer ein kollapsa bygning i hovudstaden Naypyidaw.

Foto: SAI AUNG MAIN / AFP / NTB

Vil juntaen no sleppe til internasjonale aktørar, eller vil juntaen bruke dette til å styrke seg sjølv? Begge delar har skjedd før, og kan skje igjen, seier Stokke.

– Dei vil helste bruke dette til å konsolidere makta si og for å legitimere militærjuntaen. Men dei kan på andre sida også bli stilt til ansvar og ikkje klare å levere. Då kan dette føre til at juntaen kollapsar, trur han.

Publisert 28.03.2025, kl. 23.38

Read Entire Article