Norsar, opplyser at jordskjelvet hadde ei styrke på 4,3 og at det ikkje er eit stort eller farleg skjelv.
– Det ser ut som det har vore eit jordskjelv i Nordsjøen på høgde med Vestlandet, altså Ålesund, Førde -området, med styrke 4,3, seier Anne Strømmen Lycke, administrerande direktør i Norsar til NRK.
Ho seier at det ikkje er forventa at det kjem skade på bygningar ved skjelv med den styrken.
Kan komma etterskjelv
Det norske nasjonale seismiske nettverket ved Universitetet i Bergen (UiB) har på si side registrert jordskjelvet med ei styrke på 4,0.
– Dette er ein styrke me har opplevd kanskje éin gong i året i gjennomsnitt i Noreg. Det er ikkje veldig uvanleg, men litt større enn skjelva ein pleier å merka i Noreg, seier Mathilde Sørensen, professor i geofysikk ved UiB og jobbar ved Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk.
Ho seier vidare at dette er eit av dei områda me har ganske mykje jordskjelvaktivitet i Noreg.
– Så det er ikkje uvanleg at det blir litt kraftigare skjelv der òg, seier ho.
Risikoen for at det kjem eit større skjelv er uendra etter at det har vore skjelv.
– Det er mogleg det vil komma nokon mindre etterskjelv dei neste vekene, men dei vil sannsynlegvis vera så små at det ikkje er nokon som merkar det, seier Sørensen.
Kjente kraftig ristning
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) fortel at han òg kjende jordskjelvet tydeleg då det råka Nordfjordeid.
– Det var ei skikkeleg risting, og det tok godt i huset. Det var uhyggjeleg å kjenne dei enorme kreftene som var i sving, seier han til NRK.
Bjørlo anslår at jordskjelvet varte i mellom 10 og 15 sekund. Trass i dei sterke ristingane, vart ingen gjenstandar knuste.
– Dette er det sterkaste jordskjelvet eg kan hugse å ha opplevd her, seier han.
Politiet i Møre og Romsdal har mottatt fleire telefonar frå innbyggjarar over store delar av fylket som har opplevd kraftige ristingar i bygningsmassen.
– Per no har vi ikkje fått meldingar om skadar på personar eller gjenstandar, opplyser politiet til NRK klokka 22.
Såg på TV då han kjente ristinga
Steinar Svardal i Stavang i Kinn kommune sat i øvste etasje og såg på TV då jordskjelvet råka.
– Det rista godt i huset, og eg trudde fyrst det var eit fly. Men det var så kraftig at eg skjønte det måtte vere eit jordskjelv. Hunden blei redd, seier han.
Svardal anslår at jordskjelvet varte i rundt 40 sekund.
– Blei du redd?
– Nei, kanskje ein vakker dag får vi oppdage noko som er mykje sterkare. Det er jo litt spennande og, dette her, seier Svardal.
Marianne Slettedal som bur i Tenfjord, rett utanfor Ålesund beskriv det som eit sjokk.
– Eg sat og skulle leggja guten min, også plutseleg rista det i huset, og det small i taket. Det kjendest ut som når du ligg i ei seng ved sida av sentrifugen på vaskemaskina, det var ganske kraftig. Det vekte til og med gutungen, seier ho.
I Ålesund beskriv Solveig Skaar det som eitt veldig trykk.
– Det var eitt veldig trykk, med ristning og høg buldring. Dotter mi på 5 år var så redd. Lampene vaia og senga bevega seg. Det var ganske kraftig. Godt det er over, seier Skaar.
Utsett område
– Det er jo jamleg jordskjelv langs Vestlandskysten og i Nordsjøen, fordi det er ei gammal sprekksone, fortel Lycke.
Det har vore fleire jordskjelv i dette området dei siste åra. Til dømes vart eit jordskjelv med styrke 3,8 registrert utanfor kysten av Vestlandet 16. januar 2024.
Ifølgje NGU er Noreg blant dei mest aktive jordskjelvområda i Nord-Europa, og særleg Vestlandet er spesielt utsett.
Publisert 12.01.2025, kl. 21.28 Oppdatert 12.01.2025, kl. 22.59