Forsvarsminister Israel Katz meiner ei «utvandringsordning» kan løyse delar av konflikten i området.
Han opplyser at det israelske militæret (IDF) skal lage ein plan for at palestinarar kan «emigrere» til villige mottakarland.
Det melder israelske medium som Times of Israel og Haaretz.
Han nemner spesifikt Noreg, Spania og Irland som aktuelle mottakarland.
Katz meiner det er hyklersk dersom dei ikkje tar imot palestinske flyktningar.
Yasser Safi frå Khan Younis, Gaza vil ikkje reise frå heimen sin. – Dette er vårt land, og her blir vi, uttala han til NRK.
Foto: NRKPeikar ut fleire europeiske land til å ta imot palestinarar
Katz sine uttalar kjem etter president Donald Trump sine uttalar å tvangsflytte palestinarar og at landet hans bør ta over Gazastripa.
Landa han peikar på har alle anerkjent Palestina som stat.
Israels utanriksminister Israel Katz.
Foto: AFPKatz hevdar òg at desse landa har retta falske skuldingar om landets krigføring.
Spanias utanriksminister José Manuel Albares avviser forslaget frå Israels forsvarsminister, melder nyheitsbyrået Reuters.
NRK har bede UD om kommentar til den israelske forsvarsministeren sine uttalar, men har ikkje fått svar endå.
Forskar: Gaza er gjort uleveleg for å presse palestinarane ut
Seniorforskar ved Prio, Jørgen Jensehaugen meiner forslaget i realiteten er tvungen fordriving som er pakka inn for å sjå humanitær ut.
– Det er openbert at dette ikkje eigentleg er frivillig. Når Israel gjer eit område uleveleg og så sender eit tydeleg politisk signal om at dei ønskjer at folk skal dra, så er dette berre ei innpakking av fordriving, seier han.
Han understrekar at det er Israel si krigføring som har gjort Gaza uleveleg.
Ifølgje Jensehaugen har Israel heilt sidan starten av krigen ønskt at palestinarane skal forlate Gaza, fyrst til Egypt, no til andre land.
– Når vi ser dette i kontekst med Donald Trumps utsegn om at befolkninga i Gaza bør flyttast ut, er det tydeleg at dette er eit forsøk på etnisk reinsing.
Jørgen Jensehaugen, seniorforskar ved Institutt for fredsforsking.
Foto: Amanda Iversen Orlich / NRKHan peikar på at Noreg har tatt imot palestinarar for medisinsk behandling, men meiner at Noreg ikkje vil støtte Israel sitt forslag om ei massiv fordriving.
– På kort sikt fryktar eg at dette kan føre til at neste fase av våpenkvila ikkje blir noko av. På lengre sikt ser vi allereie at Katz presser på for å gjere ytterlegare fordriving mogleg, seier han.
Forskaren meiner at dette minner om tvangsflyttinga av meir enn 700.000 palestinarar i 1948.
– For palestinarane er det tydeleg at dette er eit forsøk på å gjenta det som skjedde i 1948. Dei ser dette som ein ny «Nakba», eit forsøk på å tømme palestinske område for palestinarar, seier han.
Trump: USA tar over Gaza
USA sin president Donald Trump sa tysdag at han ønskjer at USA tar over Gaza og at palestinarane «flyttar ut».
Jensehaugen meiner Trumps plan er urealistisk.
– Det ikkje er appetitt i USA for å ta over Gaza og dekke kostnadane.
Likevel fryktar han at utsegna kan fungere som eit grønt lys for dei mest ekstreme kreftene i Israel.
Trump sine utsegn har skapt sterke reaksjonar, òg frå FN.
– Det var veldig overraskande, men vi må sjå kva dette konkret betyr, sa FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi til nyheitsbyrået AFP.
Noreg er i dialog med USA om Trump sin Gaza-politikk, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Amanda Iversen Orlich / n645897Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) uttala til NRK at Noreg meiner Gaza framleis skal vere ein del av ein framtidig palestinsk stat.
– Verdssamfunnet har lenge sett både Vestbreidda og Gaza som palestinsk, sa han, og kallar Trumps utspel «eit klart avvik» frå USAs Midtausten-politikk.
Publisert 06.02.2025, kl. 08.04 Oppdatert 06.02.2025, kl. 11.00