3.46,63 og 7.22,91. Det er dei rykande ferske innandørs-verdsrekordane på éi engelsk mil (1609 meter) og 3000 meter, som nokre av dei fremste rivalane til Jakob Asserson Ingebrigtsen sørgde for laurdag kveld.
– Det er perfekt motivasjon for Jakob Ingebrigtsen, seier NRKs friidrettskommentator Jann Post.
Torsdag er det Ingebrigtsen sjølv som får høve til å fortsette rekordskredet. Da skal han springe éi engelsk mil i det NRK-sende stemnet i Liévin – staden der han sprang inn til verdsrekord på 1500 meter innandørs for tre år sidan.
Rekordskred
Laurdag kveld var det New York som var staden å vere. Først var det 3000 meter, der Grant Fisher sprang inn til verdsrekord og vann like føre Cole Hocker.
Fisher tok bronsen på 5000 meter i OL i fjor, som Ingebrigtsen vann, mens Hocker tok OL-gullet da Ingebrigtsen stivna og «berre» blei nummer fire på 1500 meter.
Deretter kom éi engelsk mil, der det i utgangspunktet skulle bli ein duell mellom sølv- og bronsevinnaren frå 1500-meteren i OL, Josh Kerr og Yared Nuguse.
RIVALAR PÅ REKKE OG RAD: Fleire av Ingebrigtsens fremste rivalar var i aksjon laurdag kveld. Nuguse (lengst til venstre) vann éi engelsk mil framfor Hobbs Kessler (lengst til høgre) etter at Josh Kerr (i svart) trekte seg med sjukdom, mens Cole Hocker (nummer to frå høgre) sprang under den tidlegare verdsrekorden på 3000 meter innandørs.
Foto: APKerr blei sjuk i forkant, men i fråværet hans sprang altså Nuguse inn til verdsrekord på distansen.
Begge delar kom i løpet av rundt 70 minuttar og førte til eit skred av nasjonale og personlege rekordar, i tillegg til verdsrekordane. I begge løpa var også begge dei to første under dei tidlegare verdsrekordane.
– Ikkje mitt problem
I intervjusona etter målgang blei Nuguse spurd om kva han tenkte om at Ingebrigtsen kunne ta rekorden.
– Det får så vere. Eg bryr meg ikkje, svarte amerikanaren humrande til blant andre Citius Mag og Letsrun.com.
– Det er ikkje mitt problem. Poenget er at eg har rekorden i dag. Eg er glad for det.
HALDT UNNA: Nuguse blei hardt pressa av den gode avsluttaren Hobbs Kessler, men sprang inn til verdsrekord på éi engelsk mil.
Foto: AFPFor alt ligg til rette for at det kan bli med nokre få dagar som verdsrekordhaldar for Nuguse, med Ingebrigtsens løp i Liévin. NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal, trur ikkje rekordløpet laurdag endrar mykje for nordmannen.
– Eg trur heilt ærleg at han ikkje bryr seg så mykje. Han er berre opptatt av seg sjølv og kva han skal gjere for å optimalisere prestasjonen sin. Eg trur han legg lite energi i desse resultata, seier han.
– Eg trur han frykta at rekorden blei flytta meir. Det er tydeleg at han har gjort nokre baneøkter i det siste for å lade opp til det løpet og det er ein mann som liker å springe for verdsrekordar. Det er mogleg å springe med litt jamnare fart enn det dei gjorde her, supplerer Post.
– Motivasjon på treningsbålet
Kommentatorduoen lèt seg først og fremst imponere av 3000-meteren på laurdag.
Mens Hocker primært har vore kjent som ein spesialist på 1500 meter, har Fisher hevda seg best på 5000 og 10.000 meter tidlegare.
– Det imponerer meg at Grant Fisher spurtar ned sjølvaste OL-meisteren, som er kjent for å vere ein veldig sterk avsluttar, seier Rodal.
OVERRASKANDE SPURT: Det var Hocker som var først ut på oppløpet på 3000-meteren, men Fisher som kryssa målstreken først.
Foto: AFP– Det er fem sekund bak verdsrekorden til Jakob frå i sommar utandørs, men den rekorden reknar eg som heilt vill. Det blir trass alt sprunge fortare utandørs enn innandørs, seier han vidare.
– At han spring den tida der innandørs, da blir han skummel framover. Det synest eg var usedvanleg bra, supplerer Post.
Sjølv om dei begge lèt seg imponere, trur dei ikkje Ingebrigtsen lèt seg skremme.
– Eg trur ikkje han blir skremt, men i den grad han blir skremt, så trur eg han er meir imponert over løpet til Fisher og Hocker, enn løpet enn Nuguse, seier Rodal.
– Eg trur ikkje Jakob blir skremt av nokon som spring over 7.20 på 3000 meter. Han har jo sprunge 7.17 utandørs og var aldri trua der. Fisher trur eg ikkje han tenker så mykje på i det heile. Men han får nok med seg at Hocker har trena i vinter. Han veit jo kva han kan stelle i stand, seier Post, og legg til:
– Det er berre litt motivasjon på treningsbålet i vinter for Jakob.
OL-MINNE: Grant Fisher sprang inn til bronse på 5000-meteren i OL i fjor sommar, bak Jakob Ingebrigtsen og Ronald Kwemoi.
Foto: APOL-vinnar med åtvaring
Hocker var sjølv strålande fornøgd med løpet i intervjua laurdag etter målgang. Han meinte 3000-meteren kom til å bli ein hjørnestein for den vidare karrieren hans.
Det fordi Hocker i løpet laurdag tok kommando med 600 meter igjen, i staden for å vente til avslutninga. I OL-finalen på 1500 meter var det først med rundt 20 meter igjen at han dukka opp i teten.
– Mange gonger går eg til med 200 meter igjen, der eg er sikker på at eg har den beste avslutninga. Eg veit ikkje om eg har den beste avslutninga på dei siste 600 meterane, men eg gjorde det likevel, sa han til Citius Mag og Letsrun.com.
– Det er 1500 meter som er det eg lever og andar for. Det er der eg er komfortabel. Eg viste i fjor kor farleg eg var. Eg enda betre enn det eg var i fjor, åtvara Hocker.
Blir rundlurt av Johnsrud Sundby: - Jævla kjøtthuer! 04:23
Publisert 09.02.2025, kl. 15.41