Ingebrigtsen om «sjokk»-varsel: – Dei som blir sjokkerte, kan ikkje så mykje om løping

3 weeks ago 28



Han er så aerobt sterk, så det ville ikkje overraska meg om han spring svært fort. Han treng gode forhold, han treng at harane spring fort, men eg trur det vil sjokkere mange kva han er kapabel til på halvmaraton, seier Stewie McSweyn til NRK.

Australiaren er ein av Jakob Ingebrigtsens kompisar i friidrettssirkuset, og har konkurrert med nordmannen og brørne hans i ei årrekke. McSweyn har også fått med seg rykta som går om at Ingebrigtsen spring halvmaraton i København på søndag.

Ennå er det altså ikkje bekrefta at det norske løparfenomenet stiller til start. Men fredag sende arrangørane ut invitasjon til ein pressekonferanse kl. 15.00 laurdag.

«Vi forventar å annonsere eit spennande namn på startlista til løpet søndag,» stod det i invitasjonen.

Kven det dreier seg om er no ei dårleg skjult hemmelegheit.

Verdsrekordforsøk

Verdsrekordhaldar Jacob Kiplimo frå Uganda står allereie på startlista, og det er varsla at han skal prøve å slå eigen rekord. Den er i dag på 57,31 minutt.

– Kan Jakob følge tempo til verdsrekord?

– Ja, på banen ser vi at ingen klarer å springe frå han. Det er ingen grunn til at han ikkje skal klare det på halvmaraton òg. Han er ein tøff konkurransemann, er McSweyns offensive spådom.

Halvmaratonen i den danske hovudstaden går føre seg under to døgn etter Ingebrigtsen vann Diamond League-finalen på 1500 meter i suveren stil.

Athletics - Men's 5000m Final

TRUR PÅ REKORD: Stewie McSweyn.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters

– Psykiske problem

Sjølv om han ikkje har bekrefta halvmaratondebuten, har Ingebrigtsen dei to siste dagane ikkje gjort noko forsøk på å avvise det overfor NRK

– Står du på startstreken i København?

– Eg har leika med tanken om å springe der fleire år. Det har ikkje late seg gjere. Om eg skulle gjort det nå, så er det ikkje perfekt utgangspunkt. Om eg kjenner meg bra, så kanskje, sa han etter sigeren i Diamond League-finalen på 1500 meter fredag kveld.

– Kvifor freistar ei sånn utfordring?

– Psykiske problem, sa han og lo, etter løpet i Brussel.

McSweyn trur du kan sjokkere mange. Kva tenker du om det?

Nei, det trur eg ikkje. Eg trur dei som blir sjokkert, ikkje kan så mykje om løping, svarar 23-åringen.

Jakob Asserson Ingebrigtsen Diamond Leauge 2024

IKKJE BEKREFTA: – Eg har leika med tanken, seier Ingebrigtsen om København halvmaraton.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Trur ingen veit

Offensive Ingebrigtsen ønsker å ta alle verdsrekordar frå 1500 meter og oppover, halvmaraton inkludert.

Han har tidlegare sagt at han spring over 180 kilometer i ei normal treningsveke. Mengda samsvarer meir med det halvmaratonløparar gjer, enn det konkurrentane på 1500 meter gjennomfører.

Mange meiner derfor at Ingebrigtsen er godt rigga til å springe ekstremt fort på 21 kilometer. Sjølv tør han ikkje å komme med ein spådom.

Det trur eg ingen veit, seier han om ei mogleg sluttid.

Kva trur du?

Inga aning.

Den tidlegare mellomdistanseløparen og BBC-kommentatoren Steve Cram veit heller ingenting sikkert, men er litt skeptisk til mogleg verdsrekord.

Folk forventar at han spring veldig raskt i halvmaratonen. Han kan springe under ein time eller der omkring, seier han til NRK.

Tida er sett til å vere under verdsrekord. Trur du han klarer å følge dei beste?

Det er lett for meg å seie at han ikkje burde klare det. Viss han kan springe til rekordfart på halvmaraton, midt i eller mot slutten av sesongen ... Viss han spring her (Diamond League) og spring 3.29-3.30, kjem tilbake to dagar seinare og spring inn til verdsrekord på halvmaraton, så ville det vore eksepsjonelt. Han er ein som likar å konkurrere, så han vil nok gjerne vere så nær fronten som mogleg, men å springe så fort på halvmaraton vil berre vere fantastisk.

Steve Cram intervjuet om Jakob Ingebrigtsen

SKEPTISK: Den tidlegare mellomdistanseløparen Steve Cram.

Foto: ALI IQBAL TAHIR

OL-meisteren: – Vil ikkje undervurdere han

Ingebrigtsens amerikanske konkurrentar, Yared Nuguse og Cole Hocker er klare for å komme seg over Atlanteren til USA igjen. Dei stiller definitivt ikkje til start i København, men dei er spente på kva nordmannen kan få til.

Eg har inga aning, men eg er sikker på at han kan gjere det bra, seier Hocker.

Det skal springast for verdsrekord, trur du han kan følge den farten?

Han er veldig talentfull, så eg vil ikkje undervurdere han. Eg trur det blir interessant å følge, seier OL-meisteren.

Eg blir overraska om han set verdsrekord på første forsøk, men vi får sjå, supplerer Nuguse.

  • Enten Jakob Ingebrigtsen stiller på startstreken eller ei – søndag kan du sjå København halvmaraton frå kl. 09.30 på NRK1.

Publisert 14.09.2024, kl. 10.21

Read Entire Article