IDF seier Hamas har returnert feil gissel-leivning

1 month ago 23



I går, torsdag, returnerte Hamas leivningane av fire gissel. Men eitt av leivningane har ikkje blitt identifisert, seier Det israelske militæret (IDF).

– Hamas har gjort eit «grufullt og vondsinna» brot på våpenkvila ved å ikkje gje Shiri Bibas sitt lik tilbake, seier den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu.

Det var den 32 år gamle Shiri Bibas som skulle ha blitt returnert til Israel i går, torsdag. Netanyahu seier dei har fått leivningane av ei kvinne frå Gaza.

Bibas sine kroppsdelar blei truleg blanda med andre som blei funnen i ruinane, seier ein ikkje-namngjeve talsperson i Hamas til AFP fredag.

Hamas hands over bodies of deceased hostages, in Khan Younis

Torsdag overleverte Hamas fire svarte kister i Khan Younis.

Foto: Reuters

Avtalen var at i tillegg til Shiri, skulle Hamas returnere dei to borna hennar, Ariel på fire og ni månadar gamle Kfir, i tillegg til 83 år gamle Oded Lifshitz.

Vil ha Shiri tilbake

Fredag seier Netanyahu at han er målretta for å få Shiri Bibas tilbake til Israel og at Hamas må stå til ansvar for å ha brote våpenkvila.

– På utenkjeleg kynisk vis returnerte dei ikkje Shiri til dei små borna hennar, dei små englane. I staden plasserte dei liket av ei kvinne frå Gaza i kista, seier Netanyahu i ei utsegn.

Israel Palestinians

Store folkemengder samla seg på "gisselkvartalet" i Tel Aviv i Israel for å markere returen av familien Bibas.

Foto: AP

Hamas har tidlegare sagt at Bibas-familien blei drepen i eit luftåtak i slutten av 2023.

Netanyahu hevdar dei blei «brutalt myrda» i fangenskap under Hamas i løpet av dei første vekene av krigen.

Israeli soldiers recieve the coffines of deceased hostages in Gaza

IDF hevdar at dei har identifisert tre av dei fire leivningane dei fekk returnert torsdag. Den fjerde leivningen har framleis status som "anonym".

Foto: Reuters

Rundt klokka 13 i går norsk tid blei fire kister levert til det rettsmedisinske senteret i Tel Aviv, skreiv AFP. Då sa dei at det kom til å ta tid før dei kunne identifisere leivningane.

IDF har ikkje sagt noko om kva type identifikasjonstest dei har gjort. Dei har heller ikkje grunngjeve kvifor dei meiner dei har fått feil leivningar.

Fredag seier Hamas at dei skal sleppe seks nye gissel fri førstkomande laurdag.

Publisert 21.02.2025, kl. 09.09 Oppdatert 21.02.2025, kl. 11.41

Read Entire Article