– Høgsterett ser ikkje ut til å bry seg

2 days ago 13



– Dette dreier seg om barn sin menneskerett til familie. Viss vi tar menneskerettskonvensjonen på alvor, så er dette svært alvorleg, seier Eivind Meland, professor emeritus ved Universitetet i Bergen. 

Han er blant forskarane som har sett på om Høgsterett har endra praksis etter at menneskerettsdomstolen dømde Noreg i 23 barnevernssaker. 

 Tor Richardsen / NTB
KRITIKK: Noreg har fått krass kritikk frå Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg i over tjue barnevernssaker. Foto: Tor Richardsen / NTB

Studien baserer seg på Høgsteretts dommar etter 2018, og konkluderer med at norsk Høgsterett opprettheld og forverrar ein rettspraksis som er i strid med menneskerettskonvensjonen, og som er til skade for barns utvikling, psykiske helse og sosiale velvære. 

– Det vi finn er at praksisen ikkje er blitt endra etter at dommane kom inn etter 2018. Tvert i mot er samværsmengda ytterlegare redusert, seier Meland.

Les kva Høgsterett svarar om studien lenger nede i saka. 

Bryt barns menneskerettar

I ei rekke dommar har Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) tidlegare slått fast at Noreg har brote retten til familieliv, mellom anna ved å ha ein for restriktiv samværspraksis mellom fosterbarn og deira biologiske foreldre etter omsorgsovertaking. 

Etter 2018 er Noreg blitt dømd i 23 saker. 

I desse sakene slo domstolen fast at praksisen der foreldre og barn får sjå kvarandre to til seks gongar i løpet av et år, bryt med menneskerettane. 

 Pål Schaathun / TV 2
LITE SAMVÆR: Den restriktive samværspraksisen er blant det som det norske barnevernet har fått kritikk for. Foto: Pål Schaathun / TV 2

No har forskarar ved mellom anna Universitetet i Bergen funne at sidan 2018 har ikkje samværet auka, men heller blitt redusert frå 16 til fire timar per gong, og frå 164 til 26 timar samla årleg.

Forskarane gjorde sin studie av høgsterettsdommar frå 1996 fram til 2021. Dei samanlikna dommar før 2018 med dommar etter.

– Det fortel oss at Høgsterett ikkje ser ut til å bry seg om dei fellande dommane som er retta mot Noreg, og at dei bryt internasjonalt lovverk som Noreg har slutta seg til, seier Meland. 

Kan få alvorlege konsekvensar 

I tillegg til å sjå på endring i praksis, har forskarane sett på korleis Høgsterett grunngjev praksisen. 

– Vi finn at det er god grunn til å stille store spørsmålsteikn ved psykologien som Høgsterett vender seg til, seier Meland. 

Han meiner Høgsterett utelukkande tek omsyn til at barna skal ha stabilitet, ikkje kontinuitet, og at dette strider mot barns rettar og det som er best for barna.

– Viss barna reagerer på ein emosjonell måte når dei ein sjeldan gong får sjå sine biologiske foreldre, blir dette automatisk tolka som at barnet blir retraumatisert. Dette er ein form for sjølvrefererande argumentasjon, meiner Meland. 

Han meiner omsynet til barns behov for kontakt med biologiske foreldre har vore underkommunisert. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
SKADE: Professor emeritus Eivind Meland meiner samværspraksisen framleis er til skade for barn. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Barn har eit genuint behov for å kjenne og oppleve omsorg frå biologiske foreldre, sjølv om dei ikkje er fullt omsorgskompetente. Det er det beste for barna, med mindre foreldra er så totalt skadelege for barna at det ikkje er mogleg, og det er ekstremt sjeldan. 

Han meiner praksisen går ut over barns psykiske og sosiale helse.

– Det er psykologisk skadeleg for barn å bli rive vekk frå sitt biologiske opphav på den måten. Dersom fosterforeldre og biologiske foreldre kan samarbeide rimeleg, kan det føre til at barnet knyter seg betre til dei begge.

Ueinig i kritikken

– Påstanden om at Høgsterett ikkje forheld seg til Den europeiske menneskerettsdomsten, er ikkje riktig, seier Ida Dahl Nilssen, informasjonssjef i Noregs Høgsterett. 

Ho seier Høgsterett justerte kursen innan norsk barnevern gjennom behandlinga av tre storkammer-saker i 2020, i tråd med avgjerdene frå EMD mot Noreg. 

Då slo Høgsterett fast at norsk barnevernlov ikkje braut med menneskerettskonvensjonen eller menneskerettsdomstolen, men peikte på fleire område der praksisen måtte bli justert. 

– Høgsterett har etter dette følgd opp med å avklare fleire grensetilfeller, og Noreg er så langt ikkje felt i EMD for barnevernssaker som har komme opp etter Høgsterett sin kursendring. 

Kritisk til utvalet

Dahl Nilssen påpeiker at Høgsterett kun behandlar eit fåtal prinsipielle saker, og at dei aller fleste sakene om samværsomfang i ei barnevernssak, blir avgjort i barnevernsnemndene og tingrettane. 

– Det er difor uheldig å trekke generelle slutningar om norsk samværspraksis basert på konkret utmåling i dei få sakene som kjem heilt til Høgsterett, seier Dahl Nilssen. 

Ho seier at i samværssaker som Høgsterett har sleppt inn i seinare år, har spørsmålet i stor grad handla om å vurdere grunnlaget for å gi lite samvær.

– Det har vore mindre grunn til å sleppe inn saker der det er gitt mykje samvær. Utvalet blir dermed fort skeivt og konklusjonane lite representative, viss ein kun ser på utmålinga av samvær i dei få sakene Høgsterett har behandla.

 Odd Arne Hartvigsen / TV2
VIKTIG: BALANSE: Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) seier ho er opptatt av at barn og foreldre skal ha samvær, så lenge det ikkje er til skade for barns helse eller utvikling. Foto: Odd Arne Hartvigsen / TV2

Har klargjort reglane

TV 2 har også vore i kontakt med barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) om studien. 

Ho seier det er vanskeleg for henne som statsråd å kommentere ein enskild artikkel som ser på Høgsteretts få avgjerder av denne typen. 

I tillegg seier ho at tala frå barneverns- og helsenemnda viser at samværet mellom barn og foreldre har auka i tida etter dommane frå EMD mot Noreg.

Tala viser at i 2023 fekk 68 prosent samvær med mor månadleg eller meir, mot 52 prosent i 2020. 

Av fedrene det blir fastsett samvær for, viser tala at 44 prosent fekk samvær månadleg eller meir i 2023, mot 31 prosent i 2020. 

– Vi har også styrkt og klargjort samværsreglane dei siste åra. Barnevernslova tydeleggjer krav til dokumentasjon og grunngjeving. Det går klart fram at samæret skal vurderast konkret, seier Vågslid. 

Professor Eivind Meland seier det er positivt at samværstala har gått opp. Dei meiner likevel det er viktig å sjå på Høgsterett sine avgjerder, då Høgsterett ofte har ein normgjevande funksjon. 

– Det vi er redde for er at rettspraksisen i Høgsterett blir brukt til å grunngi ein mangel på berettiga samvær mellom barn og foreldre.

Read Entire Article