– Vi oppdaga at nettsidene våre var nede og varsla umiddelbart Nasjonal sikkerheitsmyndigheit, seier generalsekretær i Høgre, Tom Erlend Skaug.
No har NSM konkludert med at det at det er ei prorussisk hackargruppe som står bak, opplyser Skaug.
Angrepet kjem frå den prorussiske aktivistgruppa NoName057 (16).
NRK har sendt ei førespurnad om kommentar frå NSM, dei har førebels ikkje svart.
Ingen andre parti ramma
Ifølgje partiet skal det skal vere snakk om eit DDos-angrep, som vil seier
Eit DDoS-angrep (Distributed Denial of Service) er eit dataangrep der nokon prøver å stenge ei nettside, teneste eller eit nettverk ved å sende altfor mykje trafikk frå mange smitta einingar, ofte kalla eit botsnett.
Tom Erlend Skaug er generalsekretær i Høgre.
Foto: Christian BreidlidPartiet opplyser at nettsida har hatt høge lesartal og er svært viktig for partiet i valkampen.
– At nokon prøver å påverke ein norsk valkamp er dessverre ikkje heilt overraskande, men likevel alvorleg, legg Skaug til.
Foreløpig er det ikkje noko som tyder på at andre delar av partiet er påverka.
Det var Dagens Næringsliv som skreiv om angrepet fyrst.
PST varsla
Ifølgje Nettavisen er Politiets tryggingsteneste (PST) varsla.
– PST er rutinemessig orientert gjennom samarbeid i felles cyberkoordineringssenter. Utover det har vi ingen kommentar, opplyser seniorrådgivar Eirik Veum i PST til Nettavisen.
I sommar gjennomførte Europol og Eurojust ein internasjonal aksjon mot hackargruppa NoName057 (16).
Politimyndigheiter i Frankrike, Finland, Italia, Litauen, Nederland, Polen, Spania, Sverige, Sveits, Tsjekkia, Tyskland og USA gjennomførte ein koordinert aksjon mot mistenkte og infrastruktur som tilhøyrer gruppa, skreiv Europol i ei pressemelding i juli.
Også fleire andre land bidrog med å støtte aksjonen.
Publisert 02.09.2025, kl. 12.22 Oppdatert 02.09.2025, kl. 12.58