Høgre fekk ikkje vita om ordførarens utmelding på førehand

3 weeks ago 13



Førre veke sa Sissel Knutsen Hegdal (H) at ho ville trekka seg som ordførar i Stavanger.

Årsaka var at ho hadde nytta partiet sine pengar til eige forbruk, noko ho fortalde om sjølv i eit intervju med Stavanger Aftenblad.

Høgre sentralt støtta avgjerda hennar om å gå av, og torsdag sa lokalpartiet at dei òg gjorde det. Men framleis er Hegdal ordførar.

Ho må nemleg sjølv senda inn ein søknad om fritak frå vervet. Det har ho ikkje gjort enno.

Like etter eit krisemøte torsdag vart det derimot kjend at ho har meldt seg ut av partiet.

– Hegdal kan velja å ikkje trekka seg. Sa ho noko om det i går?

Nei. Ho har ikkje sagt noko om det i går, og det vart heller ikkje sagt noko om at ho ville melda seg ut heller.

Det seier Hilde Karlsen, gruppeleiar i Stavanger Høgre, i «Politisk kvarter» fredag.

– Kva synest du då om at ho har vald å melda seg ut av partiet? Det kan ikkje ha vore ei fullt så gledeleg oppleving frå hennar side sidan ho gjekk til det skrittet.

Eg er veldig lei meg for at det enda på den måten. Ho er òg glad i partiet og har vore det i mange år og har gjort ein kjempejobb for partiet. Eg tenker at den avgjerda ikkje kan ha vore enkel for ho, seier gruppeleiaren.

Ville ri av stormen

Karlsen seier det viktigaste no er å skapa ro rundt situasjonen.

– Me må ha ei avklaring for innbyggarane i byen og for fleirtalskonstellasjonen. Me må driva med politikk igjen.

Her ankommer ordfører Sissel Knutsen Hegdal krisemøtet i Stavanger Høyre

Òg den sjukemelde ordføraren Sissel Knutsen Hegdal møtte opp til krisemøtet torsdag.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Ho seier lokalpartiet eigentleg ville «ri av denne stormen».

– Men når ho valde å trekka seg, er me nøydde til å forhalda oss til det, seier Karlsen.

– Trist

Partisekretær i Høgre, Tom Erlend Skaug, seier det er trist at Hegdal har meldt seg ut av partiet.

– Ho har vore medlem av partiet og gjort ein stor innsats i mange år, så det synest eg er beklageleg, seier han.

Tom Erlend Skaug på Politisk Kvarter

Partisekretær i Høgre, Tom Erlend Skaug.

Foto: Christian Breidlid / NRK

Fleire kjelder seier at ho på møtet sa ho hadde kjent på eit kraftig og utilbørleg press frå deg og Høgre sentralt om å trekka seg. Ho seier òg at de har kome med påstandar om at ho lyg. Er det riktig?

Nei, eg kjenner meg ikkje igjen i det, men det har vore usemje undervegs, svarar Skaug.

Han seier partiet har kjent til saka sidan før sommaren, og at dei heile tida har handsama ho som alvorleg.

– Det har aldri vore noko mål at Sissel Knutsen Hegdal skulle gå av som ordførar.

Ifølge Skaug såg dei på fleire moglegheiter i starten, mellom anna at Hegdal kunne ta permisjon medan politiet såg på saka.

– Så gjekk ho sjølv ut og sa at ho ville trekka seg som ordførar, og det tok me til etterretning.

Mistar fleirtalet

Då Hegdal melde seg ut av partiet, mista dessutan Høgre, KrF, Venstre, Frp og Pensjonistpartiet fleirtalet sitt i kommunen.

– No sitt ho førebels som uavhengig representant. Me må jo berre setta oss saman med dei andre fleirtalspartia og sjå på korleis me skal handsama situasjonen. Ho er jo framleis sjukemeld, og då er det Høgre sin vara som trør inn i dei posisjonane ho har, seier gruppeleiar Karlsen.

Hegdal har vore sjukemeld den siste tida. NRK har vore i kontakt med pressekontakten hennar, Trond Birkedal, fredag morgon.

– Me har ingenting å melda per no, diverre, skriv han.

Kan ikkje utelukka noko

– Det er vanskeleg å sjå føre seg at Sissel Knutsen Hegdal skal sitta som ordførar som uavhengig. Men denne saka har nok vist oss at me skal halda dei fleste alternativa opne.

Det seier Leif Tore Lindø, politisk kommentator i Stavanger Aftenblad.

Han ramsar opp fleire moglege scenario framover:

  • Ho kan verta sittande som uavhengig kandidat
  • Ho kan melda seg inn i eit anna parti
  • Ho kan søka om fritak og få det
  • Ho kan søka om fritak og ikkje få det

– Me må vera opne for at denne saka kan enda på dei underlegaste måtar, seier Lindø.

Publisert 13.09.2024, kl. 08.01 Oppdatert 13.09.2024, kl. 08.40

Read Entire Article