Her snur utviklinga: Færre kjøper russebussar i Bergen

1 week ago 17



Russetida 2024

For første gong sidan før 2016 er det færre enn ti russebussar i Bergen. Russen sjølv peikar på fleire årsaker.

 Lidvard Sandven / TV 2
KLARE: For desse russejentene var det lite tvil om at russebussen er verd både pengane og arbeidet. Foto: Lidvard Sandven / TV 2

Publisert 27.04.2024 09:55 Sist oppdatert 3 minutter siden

– Eg er sjukt klar. Eg har gleda meg kvar dag i over eit år. No skal det klikke, seier Prinz Kleven Sperrevik. 

Torsdag starta russetida i Bergen for fullt. Kvelden før inviterte bussrussen til bussutstilling, der dei viste familie og vener kor dei skal halde til dei neste vekene. 

– Det har gått nokre titals tusen på bussen. Så langt har det vore verd det, seier Sperrevik.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
SPENT: Prinz Kleven Sperrevik er klar for årets russefeiring. – Det blir nok lite fokus på skule framover, men mykje festing. Slik det skal vere, seier han. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

– Heilt annleis 

Mellom seks russebussar som konkurrerte om kven som hadde best lydanlegg, møtte Siri og Ottar Grung stolt opp for å sjå kor barnebarnet deira skal halde til dei neste vekene. 

– Det er kjempeflott, men eg måtte jo ha desse på, seier Ottar og viser fram høyrselsverna. 

For det var med stoltheit og nostalgi at besteforeldrene fekk omvising av årets russekull. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
MED: Ottar og Siri Grung synest det var stor stas å besøke russebussen til barnebarnet. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Siri var sjølv russ i 1956, og seier mykje har endra seg sidan då.

– Det er heilt annleis. Men det er kjekt. Dei har jo jobba med dette så lenge, seier ho. 

Færre bussar  

Det er ingen tvil om at russefeiringa er blitt meir ekstravagant med åra. Dyre russeklede, russelåter og store sleppfestar er blitt meir og meir vanleg. 

Fleire av dei frammøtte fortel at bussane til saman kostar dei rundt ein million kroner. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
VISNING: Russen i Bergen viste fram bussane sine til familie og vener før russefeiringa set i gong. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Samstundes kan det sjå ut til at russebusstrenden går ned, i alle fall i Bergen. 

Ifølgje tal frå Statens vegvesen, er det i år 8 bussar i Bergen, mot 12 i fjor og 14 året før.

For første gong sidan før 2016, er det færre enn ti bussar i Bergen. 

Russejentene trur nedgangen skuldast at mange russ er blitt skremt frå å ha buss. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
FÆRRE: Det er færre som har kjøpt russebuss i Bergen i år samanlikna med dei føregåande åra. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

– Det er mange krevjande kontraktar og kontrollar ein må gjennom. Du må verkeleg passe på at alt er riktig, seier Nathalie Haave Larsen. 

– Eg trur og mange har blitt skremt av historier frå tidlegare russebussar, som har hatt uheldige erfaringar eller som har blitt fråtekne bussen, seier  Lea-Sofie Garrido Skånvik.

Dei er likevel ikkje i tvil om at pengane er verd å bruke. 

– Vi er ein veldig fin gjeng. Det er eit godt samhald og det er fint å ha ein plass å samlast.

Åtvarar russen 

Dei siste åra har det vore mange oppslag om utagerande russ og ei feiring som har gått over stokk og stein. 

Nyleg uttrykte helsedirektør Bjørn Guldvog uro for at rus og overgrep skal øydelegge det som skal vere ei positiv feiring av 13 års skulegang. 

– Altfor mange unge menneske opplever vanskelege ting under russetida og dei siste åra på vidaregåande, sa Guldvog til TV 2. 

 Øyvind Brattegard / TV 2
UROA: Jane Bechmann Dahl, einingsleiar for førebygging i Politiet og Bjørn Guldvog, direktør i Helsedirektoratet, seier dei er uroa for at unge skal få langvarige traumer over ting dei opplever i russetida.» Foto: Øyvind Brattegard / TV 2

I ei undersøking frå 2023 oppgav heile 16 prosent av jenter på vidaregåande at dei har blitt valdtatt. I halvparten av dei mest alvorlege tilfella av seksuell vald, oppgav deltakarane at ein eller begge av dei involverte var rusa. 

Dette er ein problematikk russejentene i Bergen er merksame på. 

–  Alle har på kartet på Snapchat døgnet rundt, slik at alle kan følgje med kvarandre og passe på at alle har det bra, seier Larsen. 

 Geir Johnny Huneide / TV 2
KICKOFF: Familie og venner invitert av bussrussen i Bergen før «kickoff» på årets russefeiring. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

I tillegg er dei klare på at dei held seg unna såkalla sprit-taxiar og ulovleg produsert alkohol. 

Det fekk dei ei påminning om då tolletaten gjekk ut og åtvara årets russ mot å drikke alkohol frå ulovlege utsalsstadar, etter at dei gjorde eit beslag på 900 liter med falsk vodka i Larvik-området. 

– Viss du drikk noko du ikkje veit kva inneheld eller under kva forhold det er produsert, gamblar du med liv og helse, åtvara tolldirektør Øystein Børmer. 

I verste fall kan spriten innehalde metanol, som kan vere livsfarleg. 

– Det er farleg og unødvendig. Vi passar på kvarandre, seier russejentene. 

Read Entire Article