Her jaktar dei smuglarane

2 days ago 17



Det smeller i det enorme stålskroget på lasteskipet. 

Tollinspektøren har klaska på ein magnet og festar no båten til skipet ved hjelp av eit svart tau.

Narkojakta er i gang.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

SAMME METODE: Akkurat som narkotikaen dei leitar etter, brukar Tolletaten magnetfeste for å fortøye seg inntil lasteskipet. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

MAGNET: Slik kan Tolletaten ligge stabilt inntil lasteskipet, før dei sjøset undervassfartøyet for undersøkingar under skroget. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Tekne på fersken

Vi er på ein stad der Tolletaten har fått fulltreff før. 

På Husnes i Kvinnherad ligg ein av fleire store industrihamner på Vestlandet. 

Kvart år kjem det ein stad mellom 70 og 80 lasteskip til vestkysten vår, direkte frå Sør-Amerika.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

PÅ JAKT: Tolletaten har auka kontrollane av lasteskip som kjem frå Sør-Amerika. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

BØLGE: Årsaka er «kokaintsunamien» som slår inn over Europa, ifølge Kripos si trusselvurdering. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

«SC MARKS THE SPOT»: Ein klassisk stad å gøyme narkotika er i «sea chesten», på norsk sjøvassinntaket. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Og nokre gonger er dei lasta med meir enn venta. Som for snart to år sidan.

Då vart seks albanarar tekne på fersk gjerning i fjøresteinane. Ein av dei hadde dykka bort til eit lasteskip, kutta laust 150 kilo kokain og svømt det i land der resten av gjengen venta.

Der venta også politiet. Denne veka vart fire av dei dømde til totalt 56 år i fengsel for grov narkotikaovertredelse, som ein del av ei organisert kriminell gruppe.

 Politiet

MEGAFUNN: Dette var fangsten etter politiaksjonen. Foto: Politiet

 Politiet

KOKAINFUNN: Fire slike baggar med totalt 150 kg kokain vart tatt. Foto: Politiet

 Tolletaten

SJEKK: Dykkarar frå Kystverket stadfesta etterpå kor kokainbaggane hadde vore festa. Foto: Tolletaten

Oftare enn før

Men for Tolletaten var Husnes-saka ei stadfesting på noko dei hadde mistenkt lenge: 

Også Norge blir brukt som mottaksland for denne typen «parasittsmugling».

To år etter rekordbeslaget har dei auka innsatsen.

– I området som dekker Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal har vi auka talet på kontrollar av fartøy frå Sør-Amerika. Vi har også auka bruken av fjernstyrt undervassfarkost (ROV) i desse kontrollane, seier avdelingsleiar Bård Ynnesdal i Tolletaten.

«Kokain-tsunami»

Det er ikkje berre Husnes-saka som gjer at tollarane er enno meir på vakt. I trusselvurderinga til Kripos knyter seks av sju vurderingar seg til smugling av narkotika.

Ei «tsunamibølge» av kokain skyl over Europa, har Kripos skildra det som

– Vi ser fleire beslag i Europa, nesten kvar veke, frå skip som kjem frå risikoområda i Sør-Amerika, seier seksjonssjef Morten Kambe i Tolletaten i Haugesund.

Han er med på kontrollen på Husnes som TV 2 får dokumentera. 

Bak oss har tollinspektørane fått undervassfarkosten (ROV) i vatnet.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

JAKTEN I GANG: ROVen blir låra ned i fjorden. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

KJEKK: Med denne kan Tolletaten gjere grundige søk i alle moglege hulrom i lasteskipet. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

REKKEVIDDE: Tollinspektøren kan gi kollegaen enno meir lengde på kabelen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

MEIR: Tolletaten seier dei brukar dette «våpenet» i jakta på narkotikasmugling oftare enn før. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Mange stader å gøyme det

Ein av inspektørane manøvrerer farkosten mot ein av dei mest populære gøymestadane under lasteskipet: inntaket for sjøvatn.

– Her dykkar dei ned, skrur laust gittera og opnar det opp. Så plasserer dei narkotikaen på innsida med magnetar eller liknande. Det er jo svære baggar som skal vera inni her, forklarar mannen.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

KONTROLL: Inne i styrehuset på båten styrer tollinspektøren farkosten ved hjelp av kamera. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

PÅ VEG UNDER: Tollinspektøren manøvrerer farkosten på plass ved sjøvassinntaket. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

POPULÆRT: Sjøvassinntaket, eller «the sea chest» slik den ser ut under vatnet. Det var bak gittera her at kokainet i Husnes-saka låg gøymd. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Men det er mange moglegheiter på eit så stort lasteskip som dette. 

– Du kan feste narkotikaen på torpedoar ved å sveise det på, eller bruke magnetar. I tillegg til kjølevassinntaket har du stader som baugthrusteren og slingrekjølen, seier Kambe.

Også bak ved propellane og ved sjølve roret finst det moglegheiter for ivrige narkosmuglarar.

– Heile fartøyet er interessant for oss. Vi kontrollerer også inni fartøyet, nokre gonger ved hjelp av hundar som kan snuse seg fram til beslag, seier Kambe.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

TRAVEL: Seksjonssjef Morten Kambe i Tolletaten i Haugesund hoppar om bord i båten. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

HAR FOKUS: Nokre små beskjedar på sambandet og så er dei klare til kontroll. Morten Kambe, seksjonssjef i Tolletaten i Haugesund, seier dei har auka fokus på desse kontrollane. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Trur ikkje det stoppar med Husnes-saka

Nøyaktig kor mange fleire skip som blir kontrollert no enn før, vil ikkje Tolletaten avsløra.

Dei siste to åra har dei gjort «nokre funn» på kontrollane sine, men ingenting i nærleiken av rekordbeslaget i Husnes-saka.

Heller ikkje på dagens kontroll var det funn av narkotika eller spor av smugling. 

I dei aller, aller fleste tilfella skjer det også utan at mannskapet på lasteskipet er klar over at dei har ein blindpassasjer i pulverform med seg.

– Men gjer ikkje Husnes-saka det mindre sannsynleg at folk prøver seg på dette på nytt her i Noreg?

– Det trur eg ikkje. Når vi ser på dei beslaga som blir gjort i Europa no på denne type transportmiddel, så trur eg at vi framleis vil sjå beslag gjort under vasslinja på slike skip, avsluttar Kambe.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

INGEN FUNN: Tollinspektør Anette slår av ein prat med kollega Edvard etter kontrollen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

OGSÅ OM BORD: Tolletaten hadde ingen konkret mistanke mot det aktuelle lasteskipet på Husnes denne dagen, men som oftast er lasteskipa heilt uvitande om at dei er offer for «parasittsmugling». Her er tolloverinspektør Anders på dekk. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

 Ole Enes Ebbesen / TV 2

MEIR Å GJERA: Men med over 70 anløp av lasteskip til Vestlandet kvart år, er det nok å gjera for tollinspektør Edvard og dei andre kollegaene. Ingen av tollinspektørane ynskjer at vi bruker deira fulle namn i denne reportasjen. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Read Entire Article