Her finst Noregs mest radioaktive honning

1 month ago 44



Snart 40 år etter kjernekraftkatastrofen Tsjernobyl skaka verda i 1986, står norske forskarar framleis på med beredskapen.

Det gjer dei ved å analysere ulike delar av naturmiljøet som blei påverka etter utsleppet frå ulykka, men ikkje fordi dei er uroa for helsemessig påverknad av radioaktiviteten.

– Men vi har beredskap på analyseaktivitet i tilfelle det skulle kome ei ny hending på det området, som for eksempel eit nytt utslepp.

Det seier seniorforskar i kjemi og toksikologi ved Veterinærinstituttet, Aksel Bernhoft.

No viser ei større kartlegging at også honning frå dei forureina områda inneheld stoffet.

Men ikkje få panikk: Du må ete usannsynleg store mengder honning for at det skal utgjere ein helserisiko.

Honning forsvinner.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Blir med via lyngen

Med andre ord er det tennene som ville ha fått det verst.

– Det er eigentleg heilt urealistisk mykje honning. Ein reknar no at det er om lag 50 gongar meir naturleg radioaktivitet i maten vår enn kva det er frå forureininga frå Tsjernobyl. Vi lever på jordkloden og det er radioaktive stoff naturleg også.

Eitt av stoffa som blei spreidd etter ulykka er cesium-137, og med vindretning rett mot Noreg blei stoffet distribuert langt av garde, også i nedbøren.

Derfor eksisterer det i til dels betydelege konsentrasjonar i enkelte plantar og sopp, som blir ført vidare i næringskjeda til dyr og menneske.

Spesielt i lyng, skrinn utmark og typisk næringsfattige område.

Røsslyngen har blomstret godt mange steder i Agder i sommer, noe som gir et godt lyngtrekk for flere honningprodusenter.

På dyrka mark utgjer det ingen problem, seier Bernhoft, fordi det blir modla ned og tynna ut slik at gjødsel utkonkurrerer avfallsstoffet.

Foto: Miriam Margrethe Grov / NRK

Cesium-137 har ei halveringstid på 30 år og vil bli verande i mange år vidare.

Aller mest av det radioaktive stoffet blei funne i honning frå sør i Nordland, blant anna i Vefsn og Vega. Det var lågare nivå lenger nord i Nordland. På Trøndelagskysten er det låge verdiar, men noko høgare i innlandet.

– Sjølv om du hadde ete ein kilo lynghonning om dagen frå sør i Nordland så hadde tenna gått fort, og så hadde det vore feilernæring i langt større grad enn problem knytt til forureina radioaktivitet, seier Bernhoft.

Slik ble Norge rammet av atomnedfall etter Tsjernobylkatastrofen i 1986

Slik blei Noreg ramma av atomnedfall etter Tsjernobylkatastrofen i 1986.

Foto: Kilde:Statens strålevern

Opphevar regelverk etter 40 år

Det var natt til 26. april 1986 at ein tre år gamal reaktor ved kjernekraftverket i Tsjernobyl i dåverande Sovjetunionen eksploderte.

Det radioaktive stoffet la seg over lav, vekstar og vatn. Derfor blei også bøndene og reindriftsnæringa hardt ramma fordi beitedyr som rein og sau fekk i seg stoffet.

Derfor har DSA og Mattilsynet følgt opp handteringa av avfallsstoffet i snart 40 år, gjennom ulike tiltak og målingar. Men no opphøyrer dei kontrollmålingane for sau som blei sett i verk etter ulykka.

 Etter Tsjernobyl-ulykken

Reaktor 4 i atomkraftverket i Tsjernobyl eksploderte 26. april 1986. Anlegget brann i ti dagar etter eksplosjonen.

Foto: Nyhetsspiller

No har nivåa av radioaktivt celsium i naturen gått så mykje ned at det ikkje lenger er behov for grenseverdiar for mat. Kontrollmålingane for sau som blei sett i verk etter ulykka er no avslutta, opplyser Mattilsynet.

Produsentar som veit at de har hatt høgare nivå av radioaktivitet i sauene sine bør fortsette å bruke saltslikkestein med berlinerblått på beitet. Stoffet hinder opptak av cesium, seier veterinær Torild Agnalt Østmo i Mattilsynet.

Mattilsynet tar ut kjøttprøver for å følge nivået av radioaktivitet i saue- og reinsdyrkjøtt.

Mattilsynet seier vidare at ved å avslutte kontrollen av radioaktivitet i sau når dei blir tatt med heim frå utmarksbeite, kan myndigheitene bruke ressursane betre.

Bilde av sau som stirrer rett i kamera

Sauebønder har i mange år drive med såkalla nedfôring. Det betyr at dyra har vore nøydde til å få mat utan radioaktiv forureining før dei kan bli slakta.

Foto: Oddmund Haugen / nrk

Skal halde fram med beredskap

Men dei vil likevel halde fram med nokre overvakingsmålingar i levande sau i visse fylke, for å vite at vi har ein måleberedskap som fungerer. Det vil også halde på ei overvaking av casium.

Opphevinga av grenseverdiane for cesium medfører også at behovet for eit nasjonalt firkanta stempelmerke på reinkjøt går ut. Frå 2025 skal derfor alt reinkjøtt bli merkt med ovalt stempelmerke.

LES OGSÅ:

Publisert 05.03.2025, kl. 12.34

Read Entire Article