Har fått nok av fine ord

22 hours ago 5



Stadig får vi høyre at vi er for mange uføretrygd her i landet og at vi må få fleire i arbeid gjennom eit inkluderande arbeidsliv.

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har høyrt politikarane kome med dei same frasane om kor viktig dette er og at det skal lønne seg å arbeide.

Min meining er at vi er langt frå å ha eit inkluderande arbeidsliv og at det ikkje alltid er sånn at det lønnar seg å arbeide. Mange år som kreftpasient har gitt meg mykje uønskt kompetanse på området.

Først vil eg få presisere at mange av dei som er uføre som absolutt har rett til å ta imot trygd, og dei sjølvsagt skal behandlast med respekt. Ferdig snakka.

Etter at eg blei alvorleg sjuk i slutten av 2019 har eg stor sett jobba heile tida, enten redusert eller full tid, både av økonomiske grunnar og fordi det gjer meg glede og gå på jobb og føle at eg framleis er den gamle Eli.

Regelverket er slik at enten du er 20 prosent eller 100 prosent sjukmeld så får du eit år på deg før du må over på arbeidsavklaring og inn i den store NAV-kverna.

Du blir med andre ord ikkje påskjønna om du klarer å halde deg inne i arbeidslivet nesten hundre prosent og dermed betaler både skatt og utviklar deg sjølv som arbeidstakar.

Dei fleste vel å sjukmelde seg 100 prosent fordi dei ikkje får noko igjen for å jobbe reint økonomisk eller praktisk.

I min verd burde du kunne få sjukmelding i to år dersom du klarte å jobbe 50 prosent. Vanskelegare er det faktisk ikkje. Og når du som meg, har vore gjennom cellegift, to rundar med stråling, fleire operasjonar og mykje anna, så treng du ofte meir enn eit år før du må forhalde deg til Nav.

Så er det sikkert mange som synest det er heilt greitt å gå i ein tett dialog med Nav, men eg er ikkje av den sorten.

Nav og eg har det ikkje så greitt saman. Då livet mitt blei snudd på hovudet etter at eg fekk uhelbredelig kreft for fem år sidan, hadde eg akkurat byrja som sjølvstendig næringsdrivande.

Etter råd frå rekneskapsføraren min hadde eg ikkje betalt inn forskotsskatt fordi eg hadde vore vanleg arbeidstakar halve året. Eg hadde fått råd om å betale skatt når det endelege oppgjeret kom til våren. Det er heilt lovleg, men gir ikkje rett til sjukepengar, noko eg fekk erfare.

Dette brukte eg nesten eit halvt år på å finne ut av, og hadde korrespondanse med meir enn ti NAV-folk og måtte fylle ut ein mengde med skjema og fekk brev som eg ikkje skjøna noko av. Nav brukar masse pengar på å forbetre språket sitt, men mitt råd er:

Kan de ikkje berre skrive på eit språk som vanlege folk forstår?

I alle fall enda det til slutt med at eg etter eit halvt år endeleg fekk sjukepengar, i mellomtida hadde eg jobba nesten fullt for å klare å forsørgje meg sjølv. Då alle skjema var riktig utfylte var det berre å vente på pengane, som nok ein gang ute blei.

Då eg etter å venta i ein time på å få snakka med Nav, fekk eg vite at pengane stod klare dei, men dei kunne ikkje forklare kvifor dei meir enn 50.000 ikkje var utbetalt slik dei skulle. Eg fekk endeleg pengane mine, og spørsmål om eg hadde hatt ei fin «brukaroppleving».

Eg er vel for i svarte helv … ikkje ute etter nokon brukaroppleving når eg tar kontakt med Nav. Som de sikkert skjønar, så er ikkje Nav og meg så veldig kompatible og vi passar nok ikkje til å ha eit forpliktande og nært forhold, så derfor jobbar eg for å halde dei litt på avstand.

Men Nav skal ha ros for alle flotte planar og gode tilskot og ordningar for å få arbeidsgivarar til å tilsette slike som meg. Men for at dette skal fungere, må vi ha eit arbeidsliv som verkeleg bryr seg om å tilsette folk som er sjuke eller har ei funksjonsnedsetting.

For mange er det berre fine ord, og så snart dei har signert IA-avtalen, føler mange at jobben er gjort. Men det er den på ingen måte.

Sjølv treng eg ikkje så mykje tilrettelegging for å kunne jobbe, men eg treng å få lov til å gå til legen eller stikke opp på sjukehuset ganske så ofte. Eg har dei siste åra hatt arbeidsgivarar som har lagt til rette for dette. Eg har også fått sove lenger om morgonen nokre gonger, fordi ting går litt treigare no enn det gjorde før.

Generelt sett så trur eg at veldig mange går glipp av verdifull arbeidskraft fordi dei aldri gir sånne som meg ein sjanse til å komme innanfor. Det er altfor få slike som meg der ute i arbeidslivet, enten dei er skalla etter cellegift, eller må gå med rullator eller sitte i rullestol.

I tillegg har du eit hjelpeapparat som ikkje aktivt går inn for å få folk tilbake i arbeid. Eg fekk for ei tid sidan tilbod om trening gjennom «Aktiv mot kreft», men kunne ikkje delta fordi alle aktivitetar var lagt til arbeidstida. Kunne dei ikkje ha hatt nokre aktivitetar på ettermiddag/kveldstid?

Eg har heile tida fått høyre av hjelpeapparatet at eg må vurdere å uføretrygde meg og bruka tida mi på «eigenomsorg», som er det store ordet no for tida.

For nokon er dette det rette, men ikkje for meg. Eg vil behalde så mykje som mogleg av det gamle livet mitt, og no er eg lei av festtalar og fine ord.

ACTION, er det eg vil ha!

Eli Strand jobba i ei periode i NRK Nyheiter, men har for tida ingen oppdrag for NRK.

Publisert 18.09.2024, kl. 22.58

Read Entire Article