Har danna overgangsregjering i Syria: – Treng eit mirakel for at dette skal gå bra

3 days ago 7



Etter 50 år med diktatorstyre under familien til Bashar al-Assad, har Syria fått ei ny regjering.

Dei nye ministrane er ein blanding av erfarne toppleiarar i Syria og støttespelarar frå opprørsstyrkane som velta regimet i desember.

Al-Sharaa sine nære allierte fekk blant anna ansvar for politikken innan forsvar, utanriks og innanriks.

Mange syrarar har halde pusten fram til regjeringsstiftinga. Al-Sharaa sine utvalde viser i noko grad kva vegen vidare blir for Syria.

en mann som snakker inn i en mikrofon

al-Sharaa hadde fått mars som frist for å danne ei ny regjering frå EU og USA. Regjeringsdanninga kom i grevens tid.

Foto: Khalil Ashawi / Reuters / NTB

– Forminga av ei ny regjering i dag er ei erklæring av vår felles vilje til å bygge ein ny stat, sa al-Sharaa på markeringa i Damaskus.

Sidan dei velta Assad-regimet i desember har al-Sharaa vore under press frå EU og USA.

Dei har kravd ei utviding av maktapparatet for å lette på sanksjonane, noko al-Sharaa lovde å gjennomføre innan mars.

Forsøk på ein «moderne» stat

Mangfald ser ut til å vere stikkordet. Den nye regjeringa er eit forsøk på «ein moderne, inkluderande stat», meiner midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage til NRK.

Ho er historieprofessor ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Fredsforskingsinstituttet i Oslo (Prio).

Hilde Henriksen Waage, historieprofessor ved UiO og seniorforsker ved Prio.

Waage er professor og forskar ved UiO og Prio.

Foto: NRK

– Den er heilt sikkert ganske konservativ og bygd på Islam, men han tek med seg desse karrierepolitikarane og, rett nok ikkje mange, men representantar frå dei ulike minoritetane.

Likevel legger ho til:

– Syria treng eit mirakel for at dette skal gå bra. For det er store utfordringar.

Han har tilsett ei kvinne i si nye regjering: Hind Kabawat. Ho er svoren inn som sosial- og arbeidsminister. Dette får særleg mykje internasjonal merksemd.

Kabawat er godt kjend som ein opposisjonsfigur til Assad-regimet i Syria, og er medlem i landet sin kristne minoritet.

en kvinne som står på et podium mens mange menn hører på

Hind Kabawat dekker ikkje til håret sitt, noko som har vore viktig for den kristne minoriteten i Syria. Tilsettinga av henne i maktapparatet er eit forsøk på å bygge bru, meiner Waage.

Foto: Khalil Ashawi / Reuters / NTB

Representerer fleire minoritetar

Blant dei som no skal styre Syria er altså ein kristen, ein drusar, og ein alawitt. Desse siste blir høvesvis landbruk- og transportminister, skriv Al Jazeera.

– Det at alawittane er representerte er veldig viktig, på grunn av massakrane som blei gjennomførte langs kysten i Latakia, seier Waage.

– Vi ser at han prøver å gi noko til alle dei ulike minoritetane og samfunna.

en person som står på et podium foran en folkemengde

Fleire av ministrane talte til forsamlinga då den nye regjeringa blei markert i Damaskus.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / AFP / NTB

Men så vidt ho kjenner til har ikkje al-Sharaa tilsett nokon kurdarar i regjeringa si.

– Det er nok ein akilleshæl, for korleis det eigentleg vil gå å inkludere kurdarane i denne syriske staten er eit stort uløyst spørsmål.

Det mest spennande å følge med på i tida framover, er om al-Sharaa klarar å få dei ulike væpna gruppene i Syria til å slutte å angripe kvarandre, meiner Waage.

Like før Id al-Fitr

Signala om at ministerpostane var stadfesta kom laurdag kveld, dagen før muslimar i Syria bryt fasta med heilagdagen Id al-Fitr, eller «vesle Id».

Laurdag gjentok også al-Sharaa løftet sitt om å gjere Syria til eit «sterkt og stabilt» land.

En gruppe personer i en butikk

I hovudstaden Damaskus førebur folk seg på den store festen som avsluttar fasta, Id al-Fitr. Denne startar ved solnedgang søndag.

Foto: LOUAI BESHARA / AFP / NTB

Fram til den nye regjeringa blei stifta, var landet styrt av eit ministerråd. Landet har framleis ikkje nokon statsministeren, og Al-Sharaa får heile leiaransvaret som president.

Han har lova å halde eit demokratisk val, men også sagt at dette kan ta opptil fire år på grunn av situasjonen i landet.

Tyrkisk UD seier søndag morgon at landet ønsker den midlertidige regjeringa i Syria velkomen, og at dei vil fortsette å støtte ei «grundig og inklusiv» overgangsperiode.

Publisert 30.03.2025, kl. 11.49 Oppdatert 30.03.2025, kl. 12.44

Read Entire Article