Hamas til NRK: Meiner 7. oktober var verdt prisen

1 month ago 24



Hamas stod bak det verste angrepet på Israel nokosinne. Sidan har nesten 50.000 palestinarar blitt drepne. Hamas-toppleiar Basem Naim angrar ikkje.

Palestinarar har i årevis blitt undertrykte, audmjuka og forfølgde. Eit slikt liv er ikkje verd å leve. Anten lever vi med verdigheit og fridom som alle andre i verda, eller så lever vi ikkje.

– Så i dykkar frigjeringskamp, seier du at 7. oktober-angrepet var verd prisen de har betalt?

– Ja.

Dette seier Basem Naim, etter at NRK har lese opp dei kjende konsekvensane etter terrorangrepet 7. oktober 2023.

Naim har sjølv mista far, mor, barnebarn, nieser og hus i dei israelske angrepa på Gazastripen. Han har tidlegare vore helseminister for Hamas-styresmaktene.

Yama Wolasmal intervjuar Hamas-toppleiar Basem Naim.

Over 47.000 palestinarar er drepne i krigen, ifølge palestinske helsestyresmakter. Fleire enn 100.000 er skadde. Skular, sjukehus, vegar har blitt bomba. 400.000 heimar har blitt totalskadde. Gaza blir skildra som «uleveleg» av FN.

Dagen Hamas gjekk inn i Israel, blei 1200 israelarar drepne og 251 tekne som gislar.

Soldatane tok seg inn i heimar og drap dei som var der, og skaut unge vaksne på ein musikkfestival. Blant gislane var eldre, kvinner og barn.

Enno er 73 att Gaza, melder BBC. Det er uvisst kor mange som er i live.

– Kan du dele med oss kor mange israelske gislar de framleis har, både døde og levande?

– Eg har ingen detaljar om det, seier Naim.

Han forklarar dette med at mellom 10.000 og 15.000 menneske framleis er fanga under ruinane, og at fleire av desse er israelarar. Tala kjem frå helsestyresmaktene i Gaza.

Innrømmer feil då Hamas tok gislar

– Forklar oss kvifor Hamas tok gislar i utgangspunktet.

– Vi har prøvd, palestinarar generelt og folk i Gaza spesielt, å finne ei politisk løysing på denne konflikten som er fredeleg ved å forhandle, fortel Naim.

– Kva er resultatet? Meir annektering av landet, meir overtaking av Jerusalem, nye angrep mot al-Aqsa-moskeen. Gaza er fullstendig omleira og kvelt.

Han viser vidare til at ein million palestinarar har vore fengsla i Israel sidan 1967, eit tal som FN melde i 2023.

Blant desse var fleire titusen barn, heiter det vidare i rapporten. Mange sit fengsla utan å vere sikta eller dømde.

– Som folk som lev under okkupasjon har vi rett til å motsette oss den, fortset Naim.

Hamas-soldatar oppstilte før gissel-overlevering, 15. februar 2025

Hamas-soldatar i Khan Younis før fangeutvekslinga 15. februar. Naim hevdar at fleire av dei israelske gislane ligg under ruinane etter israelske angrep mot Gaza.

Foto: AP

Men ikkje alt gjekk som det skulle då Hamas gjekk inn i Israel, seier han.

Naim hevdar at hjernen bak angrepet, Hamas-leiaren Mohammed Deif, beordra Hamas-styrkane som angreip Israel til å unngå å råke sivile, og særleg kvinner og barn.

– Vår avdøde bror sa det tydeleg: dette er ein krig for fridom og verdigheit, men vi må respektere og verne om kvinner, barn, mindreårige og eldre.

– Difor hadde vi klare instruksar om å unngå desse gruppene.

– Så du tilstår at kvinner og barn ikkje skulle ha blitt tekne som gislar den dagen?

Noa Argamani (h) saman med far hennar Yakov Argamani

Noa Argamani (28) var ein av dei første israelske gislane som blei slopne fri. Ho blei teken av Hamas-soldatar frå musikkfestivalen Nova 7. oktober 2023.

Foto: AP

– Ja. Med unntak av militante medlemmer av Israel sine styrkar.

No er det likevel slik at Hamas har kvinner og barn som gislar.

Trass i fleire gisselutvekslingar som del av våpenkvila med Israel, har dei nekta å frigjere desse utan vilkår.

Samanliknar Gaza med Europa i krigstid

Når han blir utfordra om lidingane som palestinarane har blitt utsette for dei siste 16 månadane, vender Naim blikket mot dei allierte sin kamp under andre verdskrig.

– Dersom du spør om Hamas sitt ansvar, må eg spørje alle som høyrer på om leiarane i dei vestlege landa som kjempa mot nazistar og fascistar, seier Naim.

– Dei hadde øydelagt London, Paris, Dresden og mange andre byar. 40 millionar blei drepne på grunn av dette, men til sjuande og sist rekna dei seg sjølve som vinnarar.

Grunnen til dette, meiner han, er at dei allierte landa «redda sine eigne folk» frå nazistane og fascistane.

Basem Naim frå Hamas i samtale med Yama Wolasmal

Hamas er klare for å bidra til ei etterforsking av 7. oktober-angrepet, så lenge etterforskinga gjerast av eit nøytralt organ, seier Naim.

Foto: Khatchig Awedikian / NRK

– Eg meiner at du ikkje berre kan snakke om eitt element av denne veldig store konflikten og nekte for dei større, noble måla.

Samtidig har mange av dei palestinarane NRK har snakka med sidan krigen braut ut, vore sinte på både Hamas og Israel.

– Kva seier du til dei palestinarane som seier at også Hamas, i tillegg til Israel, øydela liva deira og har blodet til 50.000 palestinarar på hendene?

– Eg er ikkje nokon som snakkar frå hotell her og der, eg er ein del av dette. Eg mista huset mitt, eg mista delar av familien min, eg har vore åtskild frå familien i månadsvis.

– Men når det kjem til stykket er Hamas klare for å gå ut av regjeringa på Gazastripa og tillate ei regjering som representerer palestinarar kjem inn.

Jabalia flyktningleir i Gaza, 17. februar 2025

På grunn av våpenkvila mellom Israel og Hamas, kan palestinarane igjen krysse mellom Sør- og Nord-Gaza. Dette synet har møtt dei som reiste heim til Jabalia flyktningleir.

Foto: Reuters

Avviser at USA kan ta eigarskap

Den amerikanske presidenten seier at USA ønsker å kjøpe Gaza og gjere det om til «rivieraen i Midtausten».

Gjenoppbygginga av Gaza er rekna til å koste meir enn 500 milliardar kroner, og det vil ta minst ti år berre å fjerne ruinane og alle den ueksploderte ammunisjonen, seier FN.

Donald Trump seier dei vil ta ansvar for dette, men utan palestinarane til stades. Dei vil han flytte til nabolanda Egypt og Jordan.

President Donald Trump møter Benjamin Netanyahu i Washington D.C. 4. februar

Donald Trump sine planar for Gaza overraska dei fleste, tilsynelatande også Benjamin Netanyahu, då Israel sin leiar besøkte Washington D.C. tidleg i februar.

Foto: Reuters

– Eg meiner mange vestlege politikarar, inkludert Trump sjølv, ikkje forstår kva eit heimland betyr, seier Naim.

– Det er jungellova som rår når kvar og ein som har makt kan ta eigendelane eller landet til andre. Difor avvisast dette prosjektet.

Sårbare forhandlingar om fase to

Denne veka startar forhandlingane i Qatar om neste del av våpenkvila.

Denne inneber å legge ned våpena permanent, at dei siste attlevande israelske gislane blir sende heim i byte mot palestinske fangar i Israel, og at israelske styrkar trekk seg heilt ut av Gazastripa.

– Vil våpenkvila føre til ein slutt på krigen, eller vil «helvete bryte laus», slik Donald Trump har sagt, spør NRK.

– Det var eit helvete allereie, frå bebuarane i Gaza sin ståstad, svarar Naim.

Basem Naim frå Hamas blir intervjua av Yama Wolasmal

Naim avviser trugselen om at «helvete vil bryte laus» dersom dei ikkje overleverer alle gislane. Israel har gjort sitt beste i 15 månader, svarar han.

Foto: Khatchig Awedikian / NRK

Samtalane skulle eigentleg starte 4. februar. Det er knytt stor uvisse til om Israel og Hamas vil halde sine sider av avtalen, særleg etter Trump si utsegn sist veke.

– Vi jobbar stødig og hardt med å gi denne avtalen ein sjanse til å lukkast, seier Naim.

– Eg håpar at meklarane, spesielt amerikanarane, utøver nok press mot den israelske sida.

Dette intervjuet kjem frå vekas episode av Yama Utfordrar i Urix. Heile sendinga finn du her:

Hamas stod bak det verste angrepet på Israel nokosinne. I krigen som følgde er nesten femti tusen palestinarar drepne. Angrar de nå?

Publisert 19.02.2025, kl. 19.29 Oppdatert 19.02.2025, kl. 19.38

Read Entire Article