Hamas skal ha gått med på nytt våpenkvileforslag

2 days ago 15



Forslaget blei lagt fram for to dagar sidan, seier han søndag kveld, ifølge Reuters.

Hayya understrekar samtidig at Hamas ikkje vil la seg avvæpne «så lenge israelsk okkupasjon eksisterer».

Forslaget om ny våpenkvile-avtale kjem frå Egypt og Qatar, som er sentrale i forhandlingane mellom Israel og Hamas.

Israel har førebels ikkje kommentert nyheitene i kveld.

– Hamas er pressa

Midtausten-ekspert Dag Henrik Tuastad seier til NRK laurdag kveld at han ikkje er overraska over utviklinga.

– Hamas er så enormt pressa no at dei går med på dei fleste forslaga, så lenge det ikkje inneber å sleppe fri alle gislane i eitt eller å legge ned våpna, seier Tuastad.

Våpenkvila mellom Hamas og Israel trådde i kraft 19. januar etter mekling frå USA, Egypt og Qatar.

Den gjaldt i første omgang fram til 1. mars og sette ein stoppar for 15 månader med massive angrep.

CNN: Gislar skal setjast fri

Men forhandlingar om ein ny fase av våpenkvilen stranda etter at israelske styrkar 18. mars gjenopptok luftangrepa mot Gaza.

To dagar etterpå blei ein bakkeoffensiv innleidd.

Sidan då har det vore nokre få forhandlingsforsøk, utan at partane har blitt einige.

Kjelder seier til CNN at i forslaget ligg det at Hams på sleppe fri 5 gislar, inkludert amerikansk-isreaelske Edan Alexander.

I bytte skal dei få ei fornying av våpenkvileavtalen frå januar.

Det inneber humanitær hjelp, samt vidare forhandlingar om fase 2 i våpenkvilen.

Leiar sit i Qatar

Khalil al-Hayya, som er fungerande leiar i Hamas og sit i Qatar, er førebels ikkje peika ut til å bli toppsjef vidare.

Dag Henrik Tuastad meiner difor det ikkje er gitt at han snakkar for heile bevegelsen.

– Han har ein posisjon i Qatar, men det er høgst usikkert om Hamas-leiarane der styrer alle dei væpna styrkane i Gaza.

(CNN/ NTB / Reuters / AP)

Publisert 29.03.2025, kl. 20.21 Oppdatert 29.03.2025, kl. 20.27

Read Entire Article