God effekt av nytt vaksinetilbod: – Akkurat i tide

3 weeks ago 15



Sidan mai 2024 har gravide fått tilbod om kikhostevaksine i svangerskapet for å beskytte spedbarnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet si første vaksinedose.

Så langt har 69 prosent av dei gravide takka ja, viser tall frå FHI.

– Tala er veldig positive og viser at 27.058 gravide kvinner har takka ja til vaksine dei første seks månadane av tilbodet, seier leiar i jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup.

Kikhoste er mest alvorleg for spedbarn i dei første levemånadane, før barnet sjølv kan få vaksine mot sjukdomen. Ved vaksinasjon i svangerskapet dannar den gravide antistoffar som blir overført til barnet via morkaka, og barnet får medfødd vern mot alvorleg kikhoste.

– Vaksinasjonsprogrammet kom akkurat i tide. I mai 2024 auka talet som blei smitta med kikhoste kraftig i Noreg og i resten av Europa, seier Schjelderup.

Noreg hadde ein topp i oktober 2024.

Under pandemien var det svært få tilfelle av kikhoste som har bidratt til lågare immunitet i befolkninga. Det har truleg gitt ein auka risiko og medverka til det store utbrotet i 2024.

Schjelderup forklarar at erfaringar frå andre land tilsa at vaksinasjonstilbodet til gravide måtte vere lett tilgjengeleg.

– Det har vore særleg viktig før oppstart av programmet at jordmødre fekk moglegheit til å ordinere vaksinar som blir tilrådde til gravide, slik at gravide enkelt kan få vaksine ved faste svangerskapskontrollar, seier ho.

Read Entire Article