Gløymde ordet «før» – kostar staten 22 millionar meir i kontant­støtte

1 month ago 18



Språk kan vere forvirrande for mange. Nokon gonger får det også direkte konsekvensar for den statlege økonomien.

For då Barne- og familiedepartementet skulle skrive ned dei nye reglane for kontantstøtte, gjekk det aldeles gale.

Nokon gløymde nemleg å skrive ordet «før» i lovteksten. Nærmare bestemt i paragraf 8.

Det gjorde at lova ikkje blei endra slik politikarane hadde tenkt.

Det kostar den norske staten 22,5 millionar kroner i ein månad ekstra kontantstøtte til om lag 3000 foreldre.

– Praktiske årsaker

I eit brev til Stortinget skriv statsråd Kjersti Toppe (Sp) følgjande:

«Endringa av ordlyden i føresegna har vist seg å gi utilsikta konsekvensar, ved at personar med barn i alderen 13 til 19 månadar, frå 1. august 2024 vil ha rett til kontantstøtte òg for same månaden barnet byrjar i barnehage.»

Førebels er det ikkje avklart om den ekstra utbetalinga til dei om lag 3000 foreldra må betalast tilbake.

– Om nokre av dei som no mottar kontantstøtte eigentleg ikkje har rett til det, kan det vere snakk om tilbakebetalingar.

Det skriv Barne- og familiedepartementet i ein e-post til NRK.

Men dei legg til at dette er usikkert da alle forhold i denne saka ikkje er klarlagde.

Stiller spørsmål

NRK har vore i kontakt med foreldre som synest det er vanskeleg å forstå kva som har skjedd.

Særleg fordi nokon får kontantstøtte i august, andre får det ikkje.

– Språket dei brukar er uforståeleg, seier ein person som hadde forventa å få kontantstøtte, men som ikkje får det likevel.

Også på ulike Facebookgrupper, såkalla mamma-grupper, har diskusjonen gått høgt dei siste dagane.

– Uheldig sak

– Saka er uheldig, og kan bidra til å gjere det uklart for familiar om dei har rett til kontantstøtte, skriv statsråden i brevet til Stortinget om saka.

Barne- og familiedepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei eigentleg skulle forenkle ordlyden i lova.

Det førte til at nokon no kan få ein utvida rett til kontantstøtte for same månad som barnet byrjar i barnehage.

Vil lære av feilen

– Det har ikkje vore meininga. Den språklege forenklinga som er utløysande er at ordet «før» har blitt tatt ut av lovteksten, skriv departementet.

Dei slår fast at feil som dette skjer i lovarbeid og ikkje blir oppdaga er alvorleg.

– Departementet vil ta lærdom av dette, skriv dei til NRK.

Barne- og familiedepartementet legg no opp til å fremje eit lovforslag så raskt det lèt seg gjera med forslag til endringar som rettar opp feilen.

Publisert 01.09.2024, kl. 12.18

Read Entire Article