Giske blir vraka

3 weeks ago 16



Det bekreftar leiar av komiteen, Roar Aas, torsdag kveld.

– Det er riktig at det berre er ein person som støtter dissensen også er det eit fleirtal for den andre lista.

På lista fleirtalet støtter er ikkje Trond Giske sitt namn.

Nominasjonskomiteen skal etter planen legge fram sitt forslag til valliste for Sør-Trøndelag valkrets på fredag.

Forslaget til liste blir sendt til lokallaga før nominasjonskomiteen si endelege innstilling først blir klar 17. oktober.

Nyheita kjem same kveld som det blei klart at stortingspolitikar Kirsti Leirtrø trekker seg frå nominasjonsprosessen.

Fleirtalet vil ha Hopsø

Øvst på lista fleirtalet i komiteen ønsker er Per Olav Skurdal Hopsø. Hopsø har sidan i fjor vore statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Roar Aas seier prosessen i komiteen har vore god, sjølv om Leirtrø trakk seg same kveld som nominasjonskomiteen skulle møtes for å ferdigstille si liste.

– Vi har hatt ein veldig god, grundig og ryddig prosess, seier Aas.

Ifølge Adresseavisen skal Leirtrø ha gitt beskjed til komiteen om at ho trekker seg klokka 18 torsdag kveld.

– Prosessen har gått føre seg over fleire dagar og vi har intervjua ni aktuelle kandidatar og hatt mange gode diskusjonar i komiteen.

Likevel Aas seier det er synd Leirtrø trakk seg.

– Kirsti er ein utruleg populær politikar ute i kommune-Trøndelag.

Meiner forslaget bryt med medlemane sine ønsker

Pål Sture Nilsen er leiar i Trondheim Arbeidarparti og utgjer mindretalet i nominasjonskomiteen.

Han meiner fleirtalets listeforslag bryt med innstilla frå medlemmane.

– Mitt forslag er bygga på fleirtalet blant medlemane, og eit stort fleirtal ønska Trond Giske framfor Hopsø, seier Nilsen.

Han seier det uansett er medlemmane i partiet som til sjuande og sist skal avgjere nominasjonskampen.

– Eg har ingen kommentar til kvifor andre i komiteen har valt å ikkje lytte til medlemmane sine innspel.

Publisert 12.09.2024, kl. 21.58 Oppdatert 12.09.2024, kl. 22.27

Read Entire Article