Full strid om gondol til Jostedalsbreen

1 month ago 29



Planane om ein gondol opp til kanten av Jostedalsbreen blåser liv i debatten om ein uavklart del av det norske lovverket:

Kor nært inntil eit naturvernområde skal det vere lov å bygge?

Gondolplanane opp til den største fastland-isbreen i Europa kjem på toppen av ein serie byggeprosjekt som har utfordra grensene til norske naturreservat (sjå under).

 E16 over Sollihøgda

NRK

E16 over Sollihøgda

Den eine tunnelopninga på nye E16 over Sollihøgda ligg inntil Djupdalen og Kjaglidalen naturreservat.

Alveberget hyttefelt

NRK

Alveberget hyttefelt

Alveberget hyttefelt er plassert rett ved Raet nasjonalpark. Parken utanfor Arendal blei oppretta i 2016.

Sørlandsparken

NRK

Sørlandsparken

Sørlandets største næringspark, Sørlandsparken, ligg butt i butt med Toreheia naturreservat. Næringsparken er utvida fleire gonger dei siste åra.

næringspark i Ålesund

NRK

Næringspark i Ålesund

Ein ny næringspark i Ålesund er bygd heilt inntil Skinstadreset naturreservat.

Evenes flyplass

Norge i bilder

Evenes flyplass

Evenes flyplass er plassert midt mellom fem naturreservat og like mange verna våtmarker.

Om det skal vere ein «buffersone» rundt norske verneområde er ikkje utan vidare gitt. Det kjem av at lovverket ikkje er heilt einig med seg sjølv:

På den eine sida seier verneforskrifta at fredinga berre gjeld så langt nasjonalparken strekker seg, og ikkje utanfor.

På den andre sida seier naturmangfaldloven at kommunane må legge vekt på tilstøytande verneverdiar når dei seier ja eller nei til eit utbyggingsprosjekt, for eksempel ein gondolbane.

Ideen om ein «heilag» ring rundt norske verneområde har også støtte i praksisen med at staten grip inn overfor kommunar som ikkje tar tilstrekkeleg naboomsyn.

Gondolplan, Jostedalsbreen AS

Jostedalsbreen AS

Skissa til utbyggjaren

Om det ikkje allereie var nok politisk bråk om gondolplanane til Jostedalsbreen, så har ideen også utløyst ei juridisk nøtt: Kor stor «buffersone» eller avspenningsområde gjer nasjonalparken krav på?

Facebookgruppa Gondolfri Jostedalsbre har brukt KI for å lage denne illustrasjonen

Gondolfri Jostedalsbre

Jølster er Astrup sitt rike

Facebookgruppa «Gondolfri Jostedalsbre» har brukt KI for å lage denne illustrasjonen

Kjøsnesfjorden

Torje Bjellaas / NRK

Tverrfjellet

Statsforvaltaren i Vestland har tidlegare gjort eit poeng av toppstasjonen til gondolen «vil liggje i randområdet og nært på Jostedalsbreen nasjonalpark». «Vi vil allereie no gjere det klart at ein toppstasjon like ved nasjonalparken og tilrettelegging for tekniske inngrep her vil vere konfliktfylt med omsyn til nasjonale interesser», skriv dei.

Ryfylkeheiane

Stavanger Turistforening

Ryfylkeheiane

På Sørlandet har debatten gått høgt om kor mykje «bandlengde» villreinen skal få utanfor kjerneområdet sitt (landskapsvernområdet i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane).

Loen skylift

NRK

Loen skylift

Frå før er det ni gondolbanar i drift i Noreg: I Loen, Åndalsnes, Bergen (Ulriksbanen), Voss, Narvik, Stranda, Rjukan, Hafjell og Tromsø.

Nigardsbreen

Berit Roald / NTB

Jostedalsbreen

I dag finst ein «sikringsventil» der regionale og statlege organ kan protestera mot kommuneplanar i spørsmål av «vesentleg betydning».

Mest ryddig å stoppe dette prosjektet allereie no

Planane om ein «Glacier gondol» til Jostedalsbreen har ikkje fått endeleg klarsignal, men vertskommunen har signalisert at dei er positive til prosjektet.

Så langt har Sunnfjord kommune overført 2 millionar kroner til utbyggaren medan dei ventar på ein ny reguleringsplan.

Ifølge stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, er det pengar dei kunne spart seg.

Han meiner det er «openbert» at gondolen strir mot ånda til lovverket, sjølv om han teknisk sett er på «rett» side av brekanten.

Før eller seinare kjem dette prosjektet til å bli stoppa. Då er det mest ryddig å gjere det allereie no, seier han.

Sjå svar frå gondolutbyggaren lengre ned.

I eit skriftleg spørsmål til regjeringa spør Bjørlo om miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) deler vurderinga om at nærleiken til nasjonalparken gjer det best å kvele prosjektet først som sist.

Til svar skriv statsråden at han ikkje vil kommentere saka. Blant anna fordi det kan bli Kommunal- og distriktsdepartementet som til sjuande og sist avgjer om gondolen blir noko av.

Same departement har allereie ein annan «gondolsak» på bordet etter at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tok affære overfor Sula kommune som sa ja til ein gondol på Rundehornet.

I Hurdalsplattforma uttaler regjeringa at talet på slike innvendingar skal ned.

I tillegg har Odda, Sauda og Flåm kvar sine omstridde gondolprosjekt.

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo (V) har tidlegare samanlikna norske kommunepolitikarar med festglad ungdom på sjølvstyr. Nå ber han regjeringa sette ned foten for gondolplanane i Sunnfjord kommune.

Foto: NTB

– Gondolplanane viser at randsonene treng betre vern

Alle desse gondolplanane er ein stor trussel mot norsk naturmangfald, seier Sabima-leiar Christian Steel.

Han legg til:

I slike saker har kommunane ein tendens til å trakke feil, og tru at det som eigentleg er juss kan avgjerast ved politisk skjønn.

NRK har vore i kontakt med fleire naturvernorganisasjonar som ønsker å gi «randområda» eit tydelegare rettsvern.

Planane om ein gondol som sneier nasjonalparken viser at randsonene treng betre vern, seier Morten Wedege, som er leiar i Naturviterne.

Han meiner det må vere lovpålagt med «omsynssoner» rundt Jostedalsbreen og andre tilsvarande verneområde.

Etter dagens regelverk er det noko kommunane sjølv kan ta ansvar for i arealplanane sine, men ikkje noko dei .

Sjå fleire reaksjonar på gondolplanane til Jostedalsbreen under.

Halvor Dannevig, fungerende president i Nortind

Ukjent

Halvor Dannevig, president i Nortind

Vi er generelt kritiske til nedbygging av fjellnatur. Høgfjellsområda rundt Jostedalsbreen må skånast for vidare naturinngrep, og det bør vere sjølvsagt at kommunen tar ekstra omsyn til dette i randsona til nasjonalparken. Denne saka viser at det er behov for eit tydelegare krav til omsynssoner rundt verneområda våre.

Olve Grotle utanfor Sunnfjord rådhus

Ola Weel Skram

Olve Grotle, Høgre

Så langt er eg avventande positiv, ikkje minst fordi denne delen av Sogn og Fjordane har ei potensiale for reiseliv ein ikkje har greidd å utløyse. I mange tilfelle kan slike prosjekt la seg kombinere med natur- og verneverdiane som nasjonalparken skal ta vare på. Men før ein kan ta stilling til alt dette, må det leggast fram meir konkrete planer om korleis dette skal vere og utformast.

Pressebilde av Hans Erik Lerkelund, fagsjef naturforvaltning.

Joe Urrutia / Norsk Friluftsliv

Hans Erik Lerkelund, fagsjef for naturforvalting i Norsk Friluftsliv

Sivilombodet har ved fleire høve slått fast at norsk arealforvaltning ikkje er berekraftig. Derfor står vi nå står midt i ei natur- og klimakrise. For å snu denne utviklinga treng vi kunnskapsrike og ansvarsbevisste lokalpolitikarar, som evnar å sjå arealforvaltninga i eigen kommune i eit større perspektiv. Dette gjeld sjølvsagt også Sunnfjord kommune.

Siren Skråmestø Juliussen

NRK

Siren Skråmestø Juliussen, rådgivar for naturforvaltning i DNT

Det er fleire punkt i plan- og bygningslova og naturmangfaldloven som tilseier at det ikkje bør givast grønt lys for denne utbygginga. Sjølv om gondolstasjonen vil ligge utanfor vernegrensa, bygger prosjektet på natur- og verneverdiane til Jostedalsbreen og gondolen vil medføre auka trafikk inn i nasjonalparkområdet.

Helge Eide

NRK

Helge Eide, KS-direktør

Det høyrer heime på lokalpolitikkens bord å vurdere dei ulike samfunnsinteressene her. Plansaker er aldri berre politikk eller berre jus. Det høyrer med til ei forsvarleg saksbehandling i politiske organ å vurdere kva for nokre juridiske rammer som gjeld for eit aktuelt planforslag. Det har eg all grunn til å tru vil skje også i denne saka.

Gunvar Mikkelsen

Ukjent

Gunvar Mikkelsen, Forum for natur og friluftsliv Hordaland

Sjølv om gondolen er planlagd på utsida av vernegrensa, vil ho avgrense moglegheita til å utøve tradisjonelt friluftsliv. Eller ho vil i alle fall ringast kvaliteten på det tradisjonelle friluftslivet ganske så kraftig.

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

Herman Omland

Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

Det er openbert at alle planmyndigheiter må ta omsyn til effektar for tilstøytande verne- og naturverdiar når dei vurderer tiltak. Med dei negative effektane desse gondolane vi få på verna og viktig natur, er det openbert for oss at dei må avslåast. Blir ikkje det gjort, vil det vere enda eit eksempel på at rettsvernet til naturen, også i verneområde, nesten ikkje har verdi.

Vigdis Vandvik, professor i økologi

Ronald Hole Fossåskaret

Vigdis Vandvik, professor i økologi

Denne saka illustrerer eit poeng med norsk verneområdeforvaltning: Vi held oss generelt sett veldig smalt til kva som blir verna, og ikkje minst kva dei blir verna mot. Eg trur vi blir nøydde til å tenke nytt og strengare om kva som er «effektivt vern» når vi skal agere og ikkje minst rapportere på arbeidet med Naturavtalen.

Wedege

Naturviterne

Morten Wedege, leiar i Naturviterne

Det er eit sentralt politisk ansvar å sørge for at vi har eit regelverk som i tilstrekkeleg grad evnar å verne norsk natur. Dagens regelverk er ikkje godt nok. I den kommande stortingsmeldinga om naturavtalen må det komme konkrete tiltak som gir betre vern av natur både innanfor og utanfor verneområde.

Odd Inge Vistad

Anne Olga Syverhuset

Odd Inge Vistad, forskar i Norsk institutt for naturforsking (Nina)

Ein gondol som har endestasjon om lag på nasjonalparkgrensa bør vekkje uro. Ikkje berre på grunn av byggverket, men kanskje endå meir om besøksambisjonane skulle slå til, med fotturar vidare på fastmark og is. Det trykket må jo kome inni nasjonalparken.

Christian Steel, Sabima

n20713

Christian Steel, leiar i Sabima

I slike saker har kommunane ein tendens til å trakke feil, og tru at det som eigentleg er juss kan avgjerast ved politisk skjønn. Dette er nettopp kva naturmangfaldloven paragraf 49 er meint for, og statsforvaltarane må nedlegge innvending viss ikkje kommunane beherskar seg.

Sofie Marhaug

Yann Valerievich Belov / n18575

Sofie Marhaug, nestleiar i Raudt

Vi fryktar at gondolbanen er med på å legge til rette for masseturisme i og ved eit område som er verna og har sårbar natur. Det er gode grunnar til å stanse prosjektet.

Aase Kristine Lundberg

Ukjent

Aase Kristine Lundberg, miljøforskar ved Nordlandsforskning

Gondolane er eksempel på at det blir lagt til rette for bruk og besøk utanfor dei store verneområda, med det resultatet at den auka bruken og ferdselen inn i verneområdet blir ein trussel for verneverdiane. I Noreg har vi til nå hatt liten tradisjon med å regulere/forby ferdsel i sårbare område inne i verneområda.

Arild Hermstad (MDG) og Alfred Bjørlo (V) i Vevring 12. august 2021.

Oddmund Reisæter Haugen

Alfred Bjørlo, Venstre

Eg meiner det er viktig at Statsråden i ei så spesiell sak – altså planlegging av ein gondolbane for å frakte 100.000 personar i året opp til kanten av ein nasjonalpark i sårbar høgfjellsnatur – kan gi eit tidleg signal om kor vidt det i det heile tatt er vits i å arbeide vidare med prosjektet.

Gondolen kan bli eit fyrtårn for turismen

Det norske lokaldemokratiet har solide tradisjonar, og statleg overstyring sit langt inne.

I vinter uttalte Støre-regjeringa at det ikkje er aktuelt å «vengeklippe» kommunane eller innskrenka deira sjølvstyre.

Presiseringa kom etter auka press om å løfta meir av arealplanlegginga over på høgare plasserte forvaltningsnivå som kan ha eit meir heilskapleg og overordna blikk på naturvern.

Linja vår er at dei folkevalde i kommunen må få behandle saka ferdig først, seier stortingsrepresentant for Frp, Terje Halleland.

Såframt vedtaket ikkje er i strid med eksisterande lovverk, må utbyggaren få løyve til å gjennomføre gondolplanane.

Kor «heilagt» er randsona rundt den største fastland-isbreen i Europa? Juss og politikk kolliderer i det som har blitt ein heftig strid om ein gondol opp til Jostedalsbreen.

Selskapet bak «Glacier gondol», Jostedalsbreen AS, har estimert at utbygginga vil koste 400–500 millionar kroner.

Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) håpar gondolen kan bli «eit fyrtårn for turismen i området».

Ho meiner det må vere opp til kommunen å ta stilling til planane – så lenge dei held seg utanfor grensene for verneområdet.

Etter mi vurdering har vi godt nok regelverk til å handtere desse sakene på ein tilfredsstillande måte.

Forhandlingar Sunnfjord

Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp) håpar gondolen kan skape naturopplevingar for folk som av ulike grunnar ikkje kjem seg opp til breen for eiga maskin.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Publisert 20.08.2024, kl. 23.00

Read Entire Article