Full stans i togtrafikken på Nordlandsbanen

1 month ago 23



Togtrafikken på Nordlandsbanen er stengt mellom Åsen og Skatval i Trøndelag på grunn av ras og stein i sporet.

Det er ikkje kjent kor lang tid det vil ta å rydde opp, melder Bane Nor.

Problema rammer også dei som reiser med Trønderbanen.

Stein på toglinja

Vidar Lian, Pressevakt hos togselskapet SJ Noreg fortel at det har kome ein stein ned på skinna.

Han bekreftar at strekningen er stengd og at Bane Nor opplyser at de ventar på geolog.

Ved halv åtte tida opplyser Bane Nor at dei førebels ikkje har noko estimat på kor lang tid det vil ta før togtrafikken kan gå igjen.

Utfordrande med alternativ transport

– Vi har store problem med å skaffe alternativ transport, fortel Lian.

Han peiker på at det er mykje som skjer i Trøndelag, mellom anna går havbruksmessa Aqua Nor av stabelen no.

– Mykje av transporten vi kan bestille er oppteken.

Lian kan ikkje med sikkerheit si kor mange det er som er ramma av situasjonen.

Nattoget frå Bodø skal no stå på Levanger stasjon.

Lokaltogene på Trønderbanen snus på Åsen og Skatval.

– Kjedeleg

Ein passasjerane som skulle ta toget frå Åsen, fortel at det ikkje er første gang ho har opplevd noko liknande.

– Det skjer jo ganske ofte ras på denne strekninga, seier Katarina.

– Mest av alt er det irriterande. Ein må alltids sjekke om toget faktisk går.

Katarina fortel at ho no har moglegheit til å køyre bil til arbeid.

– Det er kjedelegare dersom ein sit på toget og ikkje kjem seg noko veg.

Publisert 21.08.2024, kl. 07.12 Oppdatert 21.08.2024, kl. 07.53

Read Entire Article