Full fart i norske skitrekk om sommaren – kraftig vekst i besøkstala

18 hours ago 2



– Dette er perfekt. No får vi fart og spenning samtidig som vi får bading etterpå, seier Hanna Kristine Tønnessen.

Sirdal i Agder er kjent som skibygda flest rogalendingar drar til for å stå på ski om vinteren.

Men om sommaren er det framleis full fart i skibakken.

– No begynner det å bli litt kjekkare å vere her om sommaren.

Det seier Tønnessen etter at ho og dottera køyrde trehjulssykkel ned alpinbakkane i Sirdal Fjellpark.

Hanna Kristine Tønnessen og dottra brukar sommaren i skitrekket i Sirdal

Hanna Kristine Tønnessen og dottera brukar sommarferien i skitrekket i Sirdal Fjellpark. Her har dei køyrd mountain carts ned skiløypa.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Merkar enorm auke

I Sirdal kan du om sommaren køyre trehjulssykkel ned skibakken, klarte i klatrepark, padle kano og SUP-brett, bade i vasspark og spele frisbeegolf.

– Dei siste ti åra har besøket eksplodert, seier Øystein Tjørhom i Sirdal Fjellpark.

5-10.000 feriegjester reknar han med er innom aktivitetsparken denne sommaren.

Heilårsturismen har også gjort at Fjellparken har auka frå eitt til 15 årsverk i løpet av dei siste ti åra.

– Å skape dei arbeidsplassane som gjer at vi kan jobbe heile året har vore utruleg viktig, seier Tjørhom.

Øystein Tjørhom i Sirdal Fjellpark

Øystein Tjørhom i Sirdal Fjellpark var for 10 år sidan nærmast åleine som tilsett i skitrekket. No har han jobben året rundt saman med fleire.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Satsar på sommaraktivitetar

Sirdal er ikkje åleine om auka aktivitet når snøen og kuldegradene er borte.

I Trysil har dei satsa på sykkelsport, noko som har auka talet på gjestedøgn kraftig om sommaren.

Tal frå Destinasjon Trysil viser at dei hadde 220.000 gjestedøgn om sommaren og hausten i fjor, mot 124.000 i 2019.

Det utgjer ein vekst på 77 prosent.

– Dette er ei målretta og ønska utvikling som vi vil vidareutvikle, seier Gudrun Sanaker Lohne, destinasjonssjef i SkiStar Trysil.

en person på sykkel som hopper over en grusbakke med en folkemengde som ser på

Stisykling om sommaren har blitt populært ved skisenteret i Trysil.

Foto: SkiStar

I Hemsedal har veksten også vore markant.

Frå 2015 til 2023 auka talet på gjestedøgn om sommaren med rundt 45 prosent.

– Vi har investert mykje i sommarprodukt dei siste åra – som sykkelanlegg, turstiar, klatrepark, elveaktivitetar og arrangement, seier dagleg leiar i Destination Hemsedal, Richard Taraldsen.

hemsedal om sommaren

Om sommaren er stolheisen på skisenteret i Hemsedal framleis i bruk. Ikkje som skiheis, men som sykkelheis.

Foto: SkiStar

Flest sommarovernattingar

NRK har også vore i kontakt med populære vinterdestinasjonar som Voss og Beitostølen. Der har dei også merka ei auka interesse for besøk om sommaren.

Beitostølen Resort opplyser at juli faktisk er den månaden med flest overnattingsgjester gjennom heile året.

– Me har 80 prosent belegg på overnatting i juli, så her kokar det om sommaren, seier administrerande direktør ved Beitostølen Resort, Atle Hovi.

Men sjølv om sommaren i fjellet er blitt meir populær, er det framleis vinteren som er den store vinnaren.

– I snitt brukast hyttene i Hemsedal omtrent 70 døgn i året, der rundt 70 prosent av bruken skjer på vinterstid og 30 prosent i barmarkssesongen, seier Taraldsen i Destination Hemsedal.

En gruppe hus i en dal

Det er flest som brukar hyttene i Hemsedal om vinteren. Men mange nyttar seg av hytta, også om sommaren.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Prognosesenteret si siste fritidsbustadundersøking viser at hytteeigarar brukar hytta i 56 dagar i snitt det siste året.

Men det er sjøhyttene som framleis er på topp med 65 dagar, mot 47 dagar for fjellhyttene.

– Dette har så klart med at sommarferien er den lengste ferien, seier senioranalytikar Carl Christian Mathiesen.

Publisert 13.07.2025, kl. 16.12

Read Entire Article