FrP meiner at staten bør overta ferjene

1 month ago 35



Framstegspartiet vil ha like vilkår for alle ferjene i landet, og foreslår derfor at staten skal ta over ansvaret for det fylkeskommunale ferjesambandet.

Forslaget vil dei legge fram på Stortinget torsdag.

Partiet meiner at det i dag er for store forskjellar mellom fylka på ferjetilbodet, og at kapasitet og frekvens er for dårleg mange stader.

FrP sin samferdselspolitiske talsperson, Frank Sve, meiner at den nasjonale ferjestandarden som set driftsgrunnlaget for ferjene er årsaka til dei store forskjellane mellom fylka.

– Det er ei betydeleg underfinansiering av den statlege kompensasjonen til fylkeskommunane sin drift av ferjene, seier han i ei pressemelding.

Dagfinn Olsen, FrP sin stortingsrepresentant for Nordland, viser også til at staten har pålagt fylkeskommunane store ekstrautgifter ved at alle nye ferjer frå i år må vere utan utslepp.

– Det nye kravet om nullutslepp betyr endå høgare ferjekostnadar for fylkeskommunane, noko som rammar ein skakkøyrt fylkesøkonomi, seier Olsen.

Read Entire Article