– Det vil vere avgrensa framkomelegheit ut vinterferien, for å seie det slik.
Det seier kontrollingeniør i Statens vegvesen, Oddvar Pedersen.
Håpet er å få opna eit felt i kvar retning til fredag.
Men om det faktisk let seg gjere verkar uklart.
– Det er håpet vi har, men på grunn av kompleksiteten og sikkerheita så er det vanskeleg.
– Snakkar vi dagar eller veker?
– Det kan ta opptil to veker, seier Pedersen.
Oddvar Pedersen er kontrollingeniør i Statens vegvesen.
Foto: Bård Nafstad / NRKMåtte sprenge
Laurdag føremiddag blei det meldt om eit større ras på vegen mellom Oslo og Hamar.
Store steinblokkar og lause masser sklei ned frå fjellet.
Ingen blei treft av raset, men vegen med fire felt har vore stengt sidan.
På måndag måtte Statens vegvesen sprenge ned fleire steinblokkar ved rasstaden.
Store blokker og masser sklei ned frå fjellsida på laurdag.
Foto: Statens vegvesen / Handout / NTBKan framleis kome ras
Rundt 160 kubikk stein skal nå fjernast, før vegen kan opne att.
Og arbeidet tek lengre tid enn antatt.
Det er fordi dei heile tida må ta sikkerheitsvurderingar for dei som jobbar på staden.
– Det tek tid å ta ned og frakte bort steinmassane, seier Pedersen og legg til:
– Vi kan ikkje opne slik det er nå. Rasområdet er framleis ikkje sikkert.
E6 har vore stengt sidan eit større steinras laurdag.
Foto: Bård Nafstad / NRKOmkøyringar for å unngå kø
Trafikkoperatør, Mikael Olsen, seier dei skal jobbe i heile dag og natt til torsdag for å fjerne massane.
– Det blir jobba døgnet rundt for å få vegen open og trygg for friferdsel.
Olsen rår folk å bruke omkøyringane, dersom ein ikkje vil stå i kø på fredag.
– Det finst jo gode omkøyringsvegar ein kan vurdere å ta sjølv om vegen skulle vere delvis open på fredag.
Publisert 12.02.2025, kl. 11.57 Oppdatert 12.02.2025, kl. 12.22