Det brenn i eit rekkehus på Vinderen i Oslo. Like før midnatt meldte politiet at det var opne flammar frå øvste etasje. Dei meldte først at det var ei leilegheit.
Det er meldt om kontroll på dei som tilhøyrer rekkehuset.
Politiet seier at mesteparten av røyken går rett opp.
Litt over midnatt natt til laurdag melder dei at ni personar er evakuerte og at ingen av dei har fått i seg røyk.
Klokka 00.18 melder operasjonsleiar Roy Langengen at brannen er slått ned.