Forskarar: Klimaendringar årsaka til 200 meter høg tsunami på Grønland

3 weeks ago 12



Forskarane skjønte ikkje kva som gjekk føre seg på Grønland i september 2023.

I ni dagar plukka målarar over heila verda opp vibrasjonar i bakken, såkalla seismologisk aktivitet.

No har ein fersk forskingsartikkel i tidsskriftet Science kasta ljos over kva som skjedde.

Konsekvensar av klimaendringar og dei geografiske forholda på staden førte til ei enorm flodbølge som skylte over land, skriv danske DR.

Ifølge forskarane var den fyrste bølga 200 meter høg.

Ho skvulpa deretter fram og tilbake inne i fjorden, noko som altså vart registrert som vibrasjonar i store delar av verda.

Men korleis kan klimaendringar føra til ein tsunami?

Ein dominoeffekt

Ein smeltande isbre er den utløysande faktoren, ifølge forskarane.

Dei fann ut at isen har vorte mindre og mindre dei siste åra.

– Det kan me knyta opp til klimaendringane, som altså får isbreane til å trekka seg tilbake i Arktis, seier Kristian Svennevig til DR.

Han er forskar ved det danske senteret for geologiske undersøkingar, og ein av dei 68 forskarane som står bak artikkelen.

Den minkande isen gjorde at fjellet over isbreen vart ustabilt, og enda med eit fjellskred.

Delen som fall ned var på 600 gonger 200 meter.

Til samanlikning er Danmarks høgaste topp 170,86 meter høg.

Det var ingen vitne til tsunamien i september 2023, men ein video frå DR viser området kor han oppstod.

Fjellskredet fall 1,2 kilometer ned i den avlange Dickson-fjorden.

Nettopp forma på fjorden bidrog til den høge bølga. Ho gjorde at dei enorme kreftene vart haldne inne i fjorden.

Flodbølga skvulpa fram og tilbake i fleire dagar før ho ebba ut.

Denne tsunamien var difor heilt annleis enn i Indiahavet i 2004, som tok livet av 225.000 menneske. Han vart forårsaka av eit jordskjelv, som skapte låge, men kraftige bølger over eit stort område.

Kunne fått enorme konsekvensar

Dickson-fjorden ligg i eit aude område aust på Grønland. Ingen vart difor skadd.

Hadde flodbølga oppstått ein annan plass, kunne situasjonen derimot vore heilt annleis.

– På Grønland bor folk langs kysten, så viss ei slik hending skjer i eit befolka område, har det katastrofale følger.

Det seier Brian Jensen, kommandørkaptein for det danske Forsvarets eining på Grønland, til DR.

Tsunamien oppstod i ein aude fjord aust på Grønland.

Denne gongen gjekk det berre ut over ein av sumarbasane til den danske marinen, som mannskapa nett hadde forlate.

Truleg ikkje siste gong

Bølga skapar framleis usikkerheit hjå forskarane.

Sjølv om dei no veit kva som skjedde, kom fjellskredet og den påfølgande bølga overraskande på.

– Isbreen vert tynnare, fjellet kollapsar og utløyser denne bølga. I eit område kor me ikkje hadde trudd at desse kjempestore fjellskreda kunne henda, seier Kristian Svennevig til DR.

Difor veit dei heller ikkje kor mange tsunamiar eller fjellskred som kan råka Grønland framover.

Men éin ting er forskaren likevel sikker på:

– Det einaste me kan seia, er at det vil skje fleire og større fjellskred i framtida som følge av klimaendringane.

Breane smeltar vekk

Gjennom historia har mesteparten av Grønland vore dekka av isbrear – men dei er i ferd med å smelta.

Ei studie publisert i tidsskriftet Nature i januar viste at Grønlandsisen har smelta om lag ein femtedel meir enn tidlegare antatt.

Satellittbilete viste at 179 av isbreane som vart studerte, hadde minka betydeleg sidan 1985. 27 var om lag like store, medan éin hadde vakse litt.

Publisert 13.09.2024, kl. 14.19

Read Entire Article