Bodø kommune får tildelt 850.000 kroner per år i tre år for å finansiere ein ungdomslos. Midla skal bidra til å styrke oppfølginga av unge som står i fare for å falle utanfor skule og arbeidsliv.
Ein ungdomslos fungerer som brubyggar mellom ungdom, skule, helsetenestar og andre støttesystem. Rolla inneber å følge opp unge i ein sårbar situasjon, gi dei rettleiing og å hjelpe dei med å meistre kvardagen. Det kan handle om å hjelpe unge tilbake på skulen, fullføre utdanning eller å skaffe seg praksisplass.
Ungdomslos bistår ungdom mellom ti og 24 år.
– Mange opplever utfordringar som gjer det vanskeleg å finne sin veg vidare. Ein ungdomslos kan vere forskjellen som hjelper dei på rett spor, seier Selma Bodøgaard som er fraksjonsleiar i Velferdsutvalet for Bodø Arbeidarparti.
Ap meiner at for mange unge hamnar i utanforskap og at vi som samfunn må gjere meir.
– For mange hamnar utanfor. Anten det gjeld ufrivillig skulefråver allereie i grunnskulen eller fråfall i vidaregåande skule så er vi nøydde til å ta dette på alvor, seier Bodøgaard.
Ordninga er i denne regjeringsperioden auka med 231 milliardar kroner og utgjer 758 milliardar i 2025. Det er Bufdir som har avgjort fordelinga av tilskot til inkludering av barn og unge.