Fem personar berga ved Stad: – Dei gjorde seg klare til å gå i flåte

1 month ago 34



Kystradioen fekk den dramatiske meldinga frå slepebåten like over klokka 23 tysdag kveld. Meldinga gjekk då også på at slepebåten var byrja å ta inn vatn.

Taubåten gjekk på skjæret utanfor Hoddevika i Stad kommune.

– Dei hadde mista maskinkrafta og gjorde seg klare til å gå i ei flåte, fortel redningsleiar Erik Willassen ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.

Det vart sendt ut mayday relay via kystradioen, og både båtar og luftressursar vart sende til staden.

Ein halvtime seinare var personen om bord i lekteren og dei fire om bord i slepebåten berga med helikopter.

Redningsaksjon utanfor Hoddevika.

Det var ikkje dårleg vêr då taubåten grunnstøytte.

Foto: Redningsselskapet

– Slepebåten sleppte anker, så den heldt seg frå land, men det var ikkje store avstandar. Den var ganske nærme land då dei vart evakuerte, seier Willassen.

Mannskapet om bord vart floge til land, der dei vart tekne imot av politi og folk frå ambulansetenesta.

Stadhavet og området rundt Stadhalvøya er kjent for å vere vêrhardt. Det er ikkje klart kvifor taubåten gjekk på grunn.

– Det var noko vind og noko sjø, men ikkje uvêr, seier Willassen.

Ein i mannskapet er mistenkt for å ha vore alkoholpåverka, ifølgje Helge Blindheim, som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet har også sikra seg blodprøve av vedkomande, ein mann i 30-åra.

– Mannskapet er ikkje avhøyrt enno, men vi tek sikte på å få gjort det, seier Blindheim.

Taubåten er no slept til Måløy, medan lekteren har sokke.

Publisert 21.08.2024, kl. 06.28 Oppdatert 21.08.2024, kl. 06.44

Read Entire Article