Fastlegar tar lydopptak av pasientane

2 hours ago 4



– Det er nok den største endringa i arbeidsflyten som eg har hatt på mine 16 år som fastlege, seier Stian Ellingsen Lobben.

Dei fire siste månadene har han testa ut eit nytt kunstig intelligens-program, og han likar den opplevinga.

Tar seg av kontorarbeidet

Dataprogrammet, som er utvikla av det norske selskapet Medbric, blir kopla til ein mikrofon. Alt som blir sagt under konsultasjonen blir tatt opp og omgjort til eit dokument på PC-skjermen.

Slik kan legen konsentrere seg om pasienten, i staden for å ta notat av samtalen undervegs.

Medbric data program med KI

Medbric-programmet er foreløpig testa ut av over 400 legar i Noreg

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Dataprogrammet lagar nok betre notat enn det eg sjølv ville tatt meg tid til, vedgår Lobben.

Deretter blir lydopptaket gjort om til eit journalnotat, som også kan bli til ei legeerklæring eller ei tilvising til spesialist.

Sparar tid

Slik Lobben hittil har opplevd programmet sparer han fort 300 timar jobb i året. Eit vanleg arbeidsår er i underkant av 1700 timar, medan dei fleste fastlegar jobbar ein del meir enn det.

– Men du kan også rekke å behandle fleire pasientar på kortare tid ved hjelp av dette programmet. Så det betyr vel ikkje automatisk at det blir betre tid til kvar pasient?

– Jo. Dersom eg ønskjer å skyte meg sjølv i foten så kan eg nok det, men det er lite truleg, seier Lobben. Han viser til at fastlegar i gjennomsnitt jobbar om lag 60 timar i veka, og reknar med at dei fleste er glade for å få ned det timetalet.

Stian E. Lobben, fastlege, Nytorget legesenter, Stavanger

Stian E. Lobben sparar spesielt tid på administrative oppgåver ved å nytte KI-programmet

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Men i ein situasjon der pengar er veldig viktig, så kan programmet gjera det mogeleg å ta imot endå fleire pasientar, vedgår han.

Eit samarbeid

Det er om lag eitt år sidan lege og forskar Jorunn Thaulow ved Universitetet i Oslo (UiO) møtte teknolog Jon Espen Ingvaldsen ved NTNU i Trondheim.

Saman byrja dei å utvikle Medbric. Eit program som skal betre effektiviteten i helsesektoren ved hjelp av generativ KI.

Om lag 400 legar har vore med å testa ut programmet sidan det blei ferdig til praktisk bruk.

Jon Espen Ingvaldsen og Jorunn Thaulow startet sammen selskapet Medbric

Jon Espen Ingvaldsen og Jorunn Thaulow starta selskapet Medbric for eitt år sidan.

Foto: Kai T. Dragland

– Spørjeundersøkinga vår viser at legane i gjennomsnitt sparar 30–40 minutt kvar dag når det gjeld administrativt arbeid, seier Jorunn Thaulow.

Ho har fått tilbakemelding frå litt over 40 legar, som brukar programmet dagleg.

– 70 prosent av dei melder også om at dei oppnår betre kontakt med pasientane, seier Thaulow.

Ikkje feilfri

Stian E. Lobben meiner han slepp å tenkje på så mange forskjellige arbeidsoppgåver nå. Då blir kvaliteten på samtalen med pasienten betre.

– Det er gjennom møtet, ansikt til ansikt, at eg best gjer meg opp ei meining om tilstanden til pasienten, seier Lobben.

Gründer Jorunn Thaulow åtvarar om at ennå kan notata som programmet gjer på bakgrunn av pasientsamtalen, innehalde feil.

– Det er ei kjent sak at språkmodellar kan drive med hallusinering, og finne på noko som ikkje pasienten har sagt, seier ho.

Derfor legg programmet opp til at legane må lese gjennom notata, før dei går vidare i systemet.

Behandling av helseopplysningar

Datatilsynet er klåre på at opptak av samtalar ikkje skal skje utan at pasienten er informert på førehand, skriv Susanne Lie, som er juridisk fagdirektør i Datatilsynet.

Pasienten skal både få vita om at opptaket skjer og kva det skal brukast til. Dersom pasienten motset seg at opptaket skjer, skal det respekterast av legen.

Susanne Lie, fagdirektør i Datatilsynet

Susanne Lie, fagdirektør i Datatilsynet

Foto: Ilja C. Hendel

Når det gjeld sikkerheit rundt helseopplysningar så har gründerane hatt kontakt med Helsedirektoratet. og rådgjevande juristar i vegleiingstenesta for kunstig intelligens der, opplyser Thaulow.

Helsedirektoratet bekreftar at dei har hatt kontakt i forbindelse med veiledningstenesten om kunstig intelligens. Men presiserer at deira rolle i denne saka er berre å gje generell rettleiing om regelverket.

– Tryggleik ved behandling av helseopplysningar er eitt av fleire aspekt ved det å ta vare på personvernet. Det blir også stilt fleire andre krav, seier seniorrådgiver Ragnhild Angell Holst i Helsedirektoratet.

Programmet følger reglar i helseretten og personvernforordninga, slik det er vedtatt i GDPR (General Data Protection Regulation) i EU, og lagrar berre data innafor EØS i Europa.

– Rett nok nyttar programmet det amerikanske selskapet Amazone Web Services si skyløysing, men berre den som er i bruk i Europa og ikkje i USA. seier Thaulow.

Publisert 28.10.2024, kl. 21.30

Read Entire Article