– Eg kjente raskt at pulsen steg. Eg har mykje spesielt i samlinga mi, men dette var noko anna, seier Carl Christian Mathiesen.
Han står plutseleg med noko som truleg er uvurderleg i handa.
Meir om det seinare.
For i år blei det den ungarske forfattaren Laszlo Krasznahorkai som fekk nobelprisen i litteratur. Det er det nok ikkje mange som er direkte ueinige i.
Kanskje forutan Haruki Murakami, som har vore på topplistene til bookmakerane i ei årrekke.
Men nei, i år blir det nok ingen store klager på tildelinga av nobelprisen i litteratur.
Ikkje på langt nær så mykje som i 1920, i alle fall.
I 1920 stod nobelprisen i litteratur mellom to nordmenn. Det stod mellom nynorsk og bokmål.
Austlandet og Vestlandet.
Stod mellom to nordmenn
Rykta begynte nemleg sommaren dette året å svive ut frå Sverige. I Svenska Akademien, som deler ut nobelprisen i litteratur, diskuterte dei to nordmenn til prisen.
– Det var eit stort engasjement i Noreg for at Arne Garborg skulle vinne. Og Knut Hamsun hadde sjølv ei aning om at han skulle vinne, for han skreiv i eit brev at han håpa at han slapp å dele prisen med ein nynorskforfattar.
Orda tilhøyrer Ørjan Zazzera Johansen, forfattar og Garborg-formidlar.
Svenskane synest det var vanskeleg å skilje mellom Hamsun og Garborg, og ifølge Johansen seier historia at det var så lite som tre eller fire stemmer som skilde dei to forfattarane.
Arne Garborg skreiv ei rekke romanar, dikt og andre verk.
Foto: Erik Waage / NRKDå Hamsun til slutt blei tildelt nobelprisen i litteratur i 1920, blei det nærast opprør i Noreg. I alle fall blant nynorsktilhengarane.
Dette var allereie då den største litteraturprisen i verda.
Dei starta å samle inn pengar til Garborg, og gav seg ikkje før dei hadde 104.000 kroner. Dette utgjer rundt 3 millionar kroner i dag.
Hamsun på si side fekk noko som utgjer 4 millionar kroner i dag.
Truleg den einaste av sitt slag
I tillegg blei det laga ein medalje. Ein sølvmedalje til Arne Garborg.
– Dette er den einaste sølvmedaljen som har blitt gitt ut i samband med nobelprisen i litteratur. Og sjølv om den var uoffisiell, stod han likevel høgt. Folkets nobelpris, ei trøyst frå det norske folket.
Arne Garborg fekk medaljen overteken i 1922. To år seinare døyr han.
Dagleg leiar i Garborgsenteret Inger Undheim og formidlar Ørjan Zazzera Johansen med den historiske medaljen.
Foto: Erik Waage / NRKSå skjer noko rart.
Då den kjente bilethoggaren Gustav Vigeland døyr i 1943, er det han som har medaljen.
– Me veit ikkje kvifor. Men me veit at kona til Arne Garborg, Hulda, kjente veldig godt til Gustav Vigeland.
Så er medaljen eigentleg borte i mange, mange år.
– Me veit at medaljen er innom Bryne ein gong på 2000-talet, men elles veit me lite om den, seier Johansen.
Fant medaljen i eit antikvariat
Helt til samlar Carl Christian Mathiesen frå Ålesund kjem over ei større Garborg-samling i eit antikvariat i Oslo.
Mathiesen samlar på brev og manuskript frå kjente nordmenn gjennom dei siste 300 åra, med hovudvekt på 1800-talet.
Samlinga omfattar alt frå kongelege og komponistar, til kunstnarar og forfattarar.
Carl Christian Mathisen samlar på brev og manuskript, og fann denne i botnen av ei eske hjå ein antikvariat.
Foto: PrivatDenne gong gjekk han gjennom brev til og frå Arne og Hulda Garborg.
– Brev og dokument frå Arne Garborg er relativt uvanlege i samlarmiljø samanlikna med for eksempel Bjørnson og Hamsun, seier han.
På botn av eska han gjekk gjennom, låg det ein veldig spesiell medalje.
Han lurte på kva dette var. Noko antikvariatet han besøkte ikkje visste.
Han kjøpte eska med breva og medaljen av antikvariatet og starta å google litt. Det tok ikkje lang tid før han fant ut kva for ein type medalje dette var.
– Eg såg at Garborg-senteret hadde etterlyst medaljen. Så eg ringde dei med ein gong, seier han.
Hamsun sin nobelpris i litteratur er og vekke. Den blei gitt til nazistane i 1943.
No kjem den heim
Mathiesen har rokke å bli veldig fascinert av medaljen den korte tida han har eid den.
– Det er det objektet eg har funnet som har gitt meg størst overrasking. Det er heilt klart. Det gjer det og litt spesielt at Gustav Vigeland har eigd medaljen, seier han.
Nå låner han medaljen ut til Garborgsenteret i rundt eitt år.
– For meg handlar det å samle ikkje berre om å bevare dokument og ting i permar og skuffer, men og om å formidle dei historiene dei har. Å låne ut medaljen til Garborgsenteret var derfor ein sjølvfølgje. Det gir meg glede å vite at fleire enn berre eg får oppleve den, seier han.
– Nå har gullet kome heim, sjølv om me kallar den ein sølvmedalje. Dette gullet er betre enn den offisielle nobelprisen, meinte Garborg sjølv. Den er jo frå folket sjølv, seier Ørjan Zazzera Johansen.
– Kva hadde det betydd for Garborgs historie om han faktisk hadde vunne nobelprisen i litteratur i 1920?
– Då hadde Garborg hatt ein helt annan standing i det norske folket. Det hadde gjort at folk hadde lært meir om han på skulen, og me hadde ikkje trengt å gå alle omvegar for å formidle historia hans. Det hadde vore lettare å formidla ein nobelprisvinnar, seier han.
Publisert 02.11.2025, kl. 20.41






















English (US) ·