– Er det nokon som vil spionere på meg, så får dei berre spionere, altså.
Det seier Selene Fjellvang Lie som har i alt 17,1 millionar likes på videoane sine.
Dei siste åra har ho blitt blant dei største på TikTok i Noreg med videoar saman med søstera Angelika som har downs syndrom.
– Eg viser fram korleis det er å ha ei søster med spesielle behov, og korleis livet kan bli ganske bra trass i diagnosar og utfordringar.
At TikTok er kinesisk tenker ho ikkje mykje på.
– Eg veit at mange er bekymra for sånne ting, har teip på kamera, har mange passord, men eg tenker sånn ... Kor interessant er eg, da?
Selene og Angelika Lie er store på TikTok her i Noreg.
Foto: Skjermdump / TiktokVedtok lov
Men om Selene Lie ikkje er bekymra, så er politikarane i USA det. Dei har vedteke ei lov som forbyr TikTok om dei ikkje får amerikanske eigarar.
Fredag var det ei høyring i USA sin høgsterett om TikTok-forbodet.
– Skal vi ignorere det faktum at TikTok sin eigar faktisk er underlagt å utføre etterretningsarbeid for den kinesiske regjeringa?
Det sa sjefdommar John G. Roberts i USA under høyringa.
Dommarane der har enda ikkje funne noko som gjer at lova ikkje kan setjast ut i livet 19. januar.
Men dei har enda ikkje heilt bestemt seg.
Eirin Larsen er some-ekspert og jobbar i Dagens Næringsliv.
Foto: Dagens Næringsliv– Ikkje harmlaust
Eirin Larsen er ein av Noreg sine fremste ekspertar på sosiale medium og sjef for dette i Dagens Næringsliv.
Ho meiner at politikarane i USA med eit TikTok-forbod vil unngå at eigne innbyggjarar i det stille tenker at Xi Jinping er ein kul fyr.
– Dette er noko som verkar harmlaust i fredstid, men som ikkje er det, seier Larsen.
Ho samanliknar det kinesarane gjer med TikTok det dei før har gjort med å sende pandaer ut i verda for få politiske vener.
– Kina er ekspertar på såkalla mjuk makt, som panda-diplomatiet har vore eit eksempel på, og no TikTok, meiner Larsen.
– Tenk det verste
I USA har fleire innhaldsskaparar på TikTok gått ut med si uro for korleis det vil gå dersom det faktisk blir eit forbod.
Blant dei er advokaten og tiktokaren Joanne Lee Molinaro.
Ho står bak suksessen «The Korean vegan».
– Om eg var advokat for TikTok så ville eg ha tenkt det verste no, det bør også de gjere, seier ho i ein video til sjåarane.
Ho meiner at TikTok og eigarane ByteDance må starte å lage planar for kva dei skal gjere etter 19. januar.
– Last ned alt innhaldet du har på TikTok. Alle som lagar innhald må få laga seg profilar på dei andre sosiale medium som finst, meiner Molinaro.
Følger med i USA
Ein annan norsk tiktokar som har markert seg dei siste åra er Gard Øksendal, eller MankeGard som han kallar seg der.
NRK møtte han søndag då han var ute og testa bakverk i Oslo.
– Er det ein jobb eller hobby dette?
– Kva er det ein kallar det? Ein jobby?
Øksendal meiner at eit forbod i USA er for drastisk.
– Eg følger jo litt med på kva amerikanske tiktokarar tenker, og dei er sjølvsagt redde for inntektsgrunnlaget sitt.
Han synes også det er snålt at denne debatten kjem opp nettopp i USA.
– Det er jo litt spennande at det er i ytringsfridomens høgborg i USA at det blir vurdert eit forbod mot TikTok, seier Øksendal.
Tiktoker-kollega Selene Lie trur at eit forbod i USA vil få konsekvensar også her i Noreg.
Ikkje minst for dei norske som har mange internasjonale følgarar.
– Eg trur vi kjem til å merke det på kva som trendar og går viralt. Det kjem til å bli veldig rart om USA ikkje lenger er med, seier ho.
Gard Øksendal er blant annet kjent for å rate bakeverk. Dagsrevyen fikk henge på til et nytt bakeri.
Publisert 12.01.2025, kl. 20.38 Oppdatert 12.01.2025, kl. 20.49