Equinor tente 335,2 milliardar kroner i 2024

2 hours ago 3



Det kjem fram i kvartalsrapporten som blir lagd fram onsdag morgon, saman med strategioppdateringa til selskapet for dei neste åra.

– Dette er gode resultat, seier konsernsjef Anders Opedal.

– Det kjem av veldig godt arbeid av alle tilsette i alle delar av Equinor. Alt frå produksjon av olje og gass til fornybar og tradingverksemd. Her har det blitt jobba godt, og derfor har vi desse gode resultata, seier konsernsjef Anders Opedal.

Det samla justerte driftsresultatet i 2024 var 29,8 milliardar dollar, eller 335,2 milliardar kroner etter dagens kurs.

Det er litt mindre enn året før. I 2023 tente Equinor rundt 400 milliardar kroner.

Dei har likevel aldri tent så mykje pengar som dei gjorde i 2022, da dei tente rundt 800 milliardar.

Konsernsjef i Equinor Anders Opedal

Konsernsjef i Equinor, Anders Opedal. Ifølge børsmeldinga seier han at dei at produksjonen på Johan Sverdrup-feltet i 2025 vil halde seg nær same nivå som dei siste to åra. – Dette viser korleis vi arbeider systematisk for å forbetre produksjonen vår, seier han.

Foto: Thomas Fure / NTB

I første kvartal i 2024 tene Equinor nær 83 milliardar kroner. Svimlande summar, men lågare enn tida før. I andre kvartal var resultatet om lag det same.

I tredje kvartal i 2024 tente Equinor 75 milliardar kroner. Det var litt mindre enn venta, mellom anna fordi gassprisane såg ut til å vere meir normaliserte. I åra før var dei spesielt høge, og det har truleg prega alle kvartalsresultata i fjor.

Publisert 05.02.2025, kl. 06.49 Oppdatert 05.02.2025, kl. 07.30

Read Entire Article