Eksplosjon i klager på sjukeheim og heimehjelp

1 month ago 47



Kva skal til for å få ein plass på ein sjukeheim?

Dette spørsmålet er grunnlaget for mange klagesaker rundt i norske kommunar.

Ein av dei som har klaga er Helene Vågen Nerland. Ho reagerer på behandlinga av mormora.

– Ho er 97 år gamal, og får avslag på sjukeheimsplass. Ho treng bistand for å klare seg sjølv og for å vareta sine grunnleggande behov. Eg opplever at det er uverdig.

Auke i klager

Nerland er jurist og meiner at avgjerda til heimkommunen Hustadvika i Møre og Romsdal strir med rettane mormora har.

Ho meiner kommunen ikkje kan nekte mormora ein plass på sjukeheim.

Les kva kommunen svarer lenger nede i saka.

– Eg tenker veldig på dei som ikkje har pårørande rundt seg. Det er utfordrande å sette seg inn i regelverket, seier ho.

Nerland er berre ein av 2076 som i 2024 klaga på tilhøve rundt sjukeheimar, heimetenester eller omsorgsbustader. Dette er den såkalla førstelinjetenesta i kommunane.

Året før var det berre kring 1600 klager på dette til Pasient- og brukarombodet.

Talet kunne ha vore mykje høgare om det var enklare å sette seg inn i rettane og grunnlaget for avslaga, trur Nerland.

– Ein eldretsunami

– Dette er ikkje ei eldrebølge. Det er ein eldretsunami. Kommunane har forstått at den ville komme. Men dei har ikkje førebudd seg godt nok.

Det seier pasient- og brukarombod Jannicke Bruvik. Ho seier auka i klager viser ein dramatisk situasjon.

Det er ein ønska politikk at fleire skal bu heime. Men Bruvik seier dei får mange klager på at eldre ikkje får nok hjelp heime til å klare seg. Særleg gjeld det at heimehjelpa har for dårleg tid.

Kvinne på stol.

Jannicke Bruvik i Pasient- og brukarombodet meiner norske kommunar ikkje er budde på eldrebølga.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Mange eldre eller pårørande klager og på at dei ikkje får sjukeheimsplass når dei opplever eit behov for det.

Bruvik seier det er store skilnader frå kommune til kommune.

– Det er stor skilnad i økonomi, og korleis kommunane prioriterer. Men kommunane har ein plikt til å gje innbyggarane sine det dei har rett på etter lova. Då må ein skaffe til vege dei ressursane som trengst.

Er ikkje klare for eldrebølga

På sjukeheimen i Knarvik bur Gunnar Furubotten.

Den pensjonerte rektoren meiner han har det godt her.

– Eg er heldig! Eg får hjelp når eg treng det. Eg flytta inn her då eg ikkje klarte å bevege meg rundt i heimen min, seier Furubotten.

Og på sett og vis er han heldig som har fått sjukeheimsplass.

Gammel mann på rom på sykehjem.

Gunnar Furubotten har det godt på Knarvik sjukeheim

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Kommunedirektøren i Alver, Christian Fotland, vedgår at mange bur heime for lenge.

– Vi ser at heimetenesta driv med avansert medisin hos heimebuande pleietrengande. Vi ser at det vert meir og meir krevjande å gje ein verdig eldreomsorg, meiner Fotland.

I Alver kommune åleine vert det eit hundre fleire personar kvart år framover. Og slik er det mange stader.

Kommunedirektøren seier norske kommunar har blitt åtvara mot eldrebølga lenge, men at dei likevel ikkje er budde.

– Det handlar om pengar. Det handlar om kompetanse og strukturar. Det handlar om politisk vilje. Og det handlar om planlegging, rett og slett.

I Alver vert det ikkje opna fleire sjukeheimsplassar dei komande åra.

Kommunedirektøren i Alver på Knarvik sjukeheim. Trimsykler bak

Christian Fotland meiner kommunane ikkje har budd seg godt nok på eldrebølga.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

For høge forventningar

I ein fersk forskingsstudie har Universitetet i Agder sett på klager i helsesektoren.

Ein av dei viktigaste konklusjonane er at dei helsetenestene ikkje er i samsvar med dei behova pasientane eller pårørande opplevde at dei hadde.

– Vi ser at pårørande får oppgåver dei ikkje er budde på. Det vert opplevd som ein stor og uventa belastning, seier doktorgradsstipendiat Alison Axisa Eriksen.

– Betyr dette at helsetenestene er for dårlege, eller at vi har for høge forventingar?

– Det er det store spørsmålet. Eg håper det vert ein debatt kring dette, og at det vil bli forska meir på, seier Eriksen.

Doktorgradsstipendiat

Alison Axisa Eriksen har studert norske helseklager.

Foto: Universitetet i Agder / Universitetet i Agder

Pasientombod Jannicke Bruvik trur ikkje klageauken kan forklarast med at folk har blitt storforlangande.

– Det er eit lite mindretal som har urealistiske forventningar. Eg trur at klageauken skuldast at det har blitt fleire eldre som ikkje får oppfylt sine behov.

Bruvik fryktar likevel at vi må justere ned forventingane om kva tenester dei eldre skal få i tida som kjem.

Ikkje nok pengar til god eldreomsorg

Hustadvika kommune er opne på at dei ikkje leverer den standarden på eldreomsorg som dei gjerne ville.

– Vi har utfordringar. Det er rett og slett pengemangel, seier varaordførar Kjell Johan Berget (Sp).

Han kan ikkje kommentere einskildsaker, men uttaler seg generelt om eldreomsorga i kommunen i Møre og Romsdal.

– Klarer de å gje pleietrengande den hjelp som dei har krav på?

– Det veit eg ikkje. Men vi får ein del tilbakemeldingar frå pårørande som er misnøgde.

Som i så mange andre norske kommunar kjem Hustadvika dei neste åra til å få mange fleire eldre, medan barnetala går ned.

– Dei som jobbar innan pleie- og omsorg gjer så godt dei kan me dei ressursane som er tilgjengeleg. Men eg har inntrykk av at folk sluttar fordi vi ikkje har pengar til å halde oppe ein god standard.

Berget seier det planar om fleire sjukeheimsplassar, men at dei ikkje har midlar til bygging eller drift.

Pleier triller beboer gjennom sykehjemsgang. Anonymisert.

Terskelen for å få sjukeheimsplass vert stadig høgare.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 21.02.2025, kl. 13.18 Oppdatert 21.02.2025, kl. 13.22

Read Entire Article