– Det kjendest skamfullt å vera einsam.
Mona Olina Tveito (55) har brukt nesten ti år på å koma seg ut av einsemda. Like før jul feira ho for første gong bursdagen sin med glede.
Ho slit med helsa på grunn av PTSD og ein revmatisk sjukdom. For rundt ti år sidan blei ho heilt ufør. Og einsam.
– Då blei eg åleine. Eg blei gløymd. Tilboda som fanst, var for eldre, og som 45-åring blei eg understimulert.
– Eg tenkte at eg måtte finna ein veg ut av einsemda, men ante ikkje kor den vegen var.
Mona Olina Tveito har jobba mange år i helsevesenet og på apotek, og seier ho har møtt mange som slit med einsemd.
Foto: Eli Bjelland / NRKFastlege etterlyser fleire verktøy mot einsemd
Eit nytt pilotprosjekt i Bergen gir håp for slike som Mona Olina.
Nyleg sende fastlege Magnus Farstad ved Loddefjord legekontor dei første henvisingane på sosial resept.
Pasienten blir kopla til ein frivillig i Røde Kors, som i løpet av 12 veker skal legga til rette og prøva å finna aktivitetar som kan få vedkomande ut av einsemda.
– Viss me klarer å gi dei ein aktivitet dei kan gå til og møta andre, vil det gi eit meir meiningsfylt liv. Det er eit aukande behov for å finna verktøy som kan hjelpa einsame.
Forsking viser blant anna at einsemd kan auka risikoen for psykiske lidingar som depresjon.
– Eg kan henvisa til DPS, men mange kjem jo tilbake til det same livet, som gjerne var ei av årsakene til at dei var deprimerte. Samtidig blir det stadig lengre køar og fleire får avslag hos DPS på grunn av det store trykket, seier Farstad.
Prosjektleiar for Sosial resept i Røde Kors Hordaland er Sanne Knorborg.
– Me ser at det er ei gruppe menneske som sit åleine heime. Me når dei ikkje med dei tilboda me allereie har, som til dømes besøksteneste. Desse har ikkje eit sosialt nettverk eller andre som kan hjelpa dei med å koma ut i aktivitet.
Det finst inga oversikt over kor mange det gjeld.
– Men me veit til dømes at det er eit kjempestort etterslep etter koronapandemien når det gjeld ungdomar som ikkje har kome seg tilbake til aktivitetar.
Sanne Knorborg rekrutterer og lærer no opp frivillige, som skal vera med på pilotprosjektet Sosial resept.
Foto: Eli Bjelland / NRK– Einsemd minst like risikofylt som røyking og overvekt
– Einsemd er ein ekstremtilstand for kroppen, seier førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Farane ved einsemd kan samanliknast med det å røyka, drikka for mykje alkohol, vega for mykje eller å sitta for mykje i ro.
Forskaren har blant anna påvist ein klar samanheng mellom einsemd og diabetes 2. No skal han leia arbeidet med å evaluera og måla effekten av sosial resept her i landet.
Førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen ved HVL har i fleire år forska på kva einsemd gjer med kroppen.
Foto: Eli Bjelland / NRK– Mange land som har innført ordninga med sosial resept, har gjort det fordi kapasiteten i helsevesenet deira er sprengd. I Noreg har me framleis eit helsevesen som fungerer, men det blir sprengt om me ikkje gjer noko.
Fleire studium viser at ordningar med sosial resept kan redusera utgifter og press på helsevesenet.
– Deltakarar på sosial resept har fått 30 prosent mindre behov for å gå til fastlege, sjukehusinnleggingar og polikliniske konsultasjonar, viser rapportar frå andre land. Det er ganske sterke funn. Det blir veldig spennande å sjå om me får tilsvarande tal i Noreg.
Ordninga er innført i 34 land, og talet veks.
I England har legar og anna helsepersonell skrive ut over 2,5 millionar sosiale reseptar dei siste ni åra. I 2018 fekk britane også ein eigen einsemdsminister.
Utfordringane knytte til einsemd får stadig meir merksemd både nasjonalt og internasjonalt.
Nyleg starta Else Kåss Furuseth Einsemdspartiet.
– Sosial resept høyrest ut som eit kjempespennende tiltak, og me ventar spent på resultatet av pilotprosjektet. Det er jo resultata og erfaringane som avgjer om dette er verdt å prøva i stor skala, seier ho.
Einsemdspartiet vil legga press på politikarane når det gjeld psykisk helse, einsemd og sjølvmord. Else Kåss Furuseth mista sjølv både mora og broren sin i sjølvmord.
Foto: Christian Ziegler Remme / NRK– Folk byrja å helsa igjen
Mona Olina Tveito kom seg ut av einsemda då ho fekk ei 20 prosents stilling på eit apotek i Kvinnherad. Plutseleg opplevde ho kjensla av å ha verdi igjen.
– Folk byrja å helsa igjen. Det var som å trykka på ein knapp og så eksisterte eg igjen. No har eg det betre enn eg nokosinne har hatt det før.
Men opplevinga har ein bismak.
– Kvifor eksisterte eg ikkje då eg berre var Mona som var uføretrygda og sjuk?
Tveito er frivillig i Røde Kors i Kvinnherad, og håpar at sosial resept blir innført i heile landet.
– Behovet er veldig stort. Eg skulle sjølv hatt ei henvising for ti år sidan.
Mona Olina Tveito har dei siste fem åra fått fleire gode vener. – Dei ser meg for den eg er og synest eg er god nok, trass i utfordringar med å takla helse og jobb.
Foto: Eli Bjelland / NRKPublisert 20.01.2025, kl. 11.28