Måndag kveld var vi vitne til eit lite opptrinn i Sørlandssendinga. På TV.
Der var eit lite innslag om bruk av narkohundar på vidaregåande skular.
Kjell Ingolf Ropstad var for å få det til igjen.
Så let dei Ingvild Vetrhus Thorsvik få kommentere det.
Og det skal eg seie at ho gjorde! Ho, frå Venstre, var sjølvsagt svært ueinig i synspunktet til Ropstad. Det er ei ærleg sak. Men når ho så seier at det er ”helt kunnskapsløst” av Ropstad å fremme dette synet på narkotikaproblemet, då blir det verre.
Det er rein hersketeknikk av stortingsrepresentanten Wetrhus Thorsvik.
Eg hoppa i stolen. Driv stortingsrepresentantar også med hersketeknikkar?
Tydelegvis.
Vi opplever det ofte der det er snakk om kristendom og Pride.
Dei som våger å gå imot Pride-idiologien/politikken, blir også karakterisert som ”kunnskapsløse”.
Nå trur eg Kjell Ingolf står for den støyten. Han er ein rutinert politikar.
Men for folk som er nye i politikken, er det tøft å bli utsett for slik mobbing.
Venstre er eit parti som har store tankar om seg sjølve, slik som eg ser det. Dei ligg og vakar på sperregrensa, men om dei kjem inn på tinget, så skal dei bestemme kven som skal bli statsminister!
Nei. Få dei over på raudgrøn side. Det er der dei høyrer heime, spør du meg.