Dronning Sonja innlagt på Lillehammer sjukehus

1 month ago 35



– Hennar Majestet Dronninga blei i kveld lagt inn på Lillehammer sjukehus for observasjon. Dronninga fekk hjarteflimmer (forkammarflimmar) i samband med ein skitur tidlegare i dag, skriv Kongehuset i ein pressemelding laurdag kveld.

Dei utdjupar at situasjonen blir ikkje sett på som alvorleg, og at 87-åringen er lagt inn for observasjon.

Hjarteflimmer er ein tilstand der hjartet slår uregelmessig og ofte for fort. Det kan føre til kan føre til symptom som rask og uregelmessig puls, svimmelheit, pustevanskar og trettheit, ifølgje Helsenorge.

På vinteren er kongefamilien ofte på Jørstad gard på Lillehammer og bruker skiløypene i området rundt.

NRK har vore i kontakt med kommunikasjonssjef ved Slottet, Guri Varpe, som seier at dei ikkje har nokre ytterlegare kommentarar.

Dronning Sonja innlagt for hjerteflimmer

Dronning Sonja er laurdag kveld innlagt på Lillehammer sjukehus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Jobba seinast denne veka

Så seint som torsdag var dronninga på jobb. Då møtte ho Fakhra Salimi og leiar Khansa Ali frå MiRA-senteret under ein audiens på Slottet. Ho har vore beskyttar for sentret i mange år.

Ho har ingen komande punkt på programmet, ifølgje kongehusets oversikt.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ønskjer dronninga god betring etter innlegginga på sjukehus laurdag kveld.

– Eg ønskjer dronning Sonja god betring og håpar ho kjem seg raskt og er klar for nye skiturar snart, seier Støre i ei fråsegn til NTB.

Dronninga på ski Sjusjøen mars 2022

Dronninga på ski på Sjusjøen, bilete frå mars 2022.

Foto: Christian Fougner / NRK

Kongehusekspert Trond Noren Isaksen seier til NTB at han er overraska over nyheitene.

– Det er overraskande fordi ho vanlegvis er betrakta som ei sprek dame med god helse. Samtidig er ho 87 år. Å gå på ski i den alderen er sprekt, men når ein er 87 så kan også ein skitur vere belastande for hjartet, seier Isaken til NTB.

Han fortel at dronninga ikkje har hatt store helseproblem tidlegare, og at fokuset har vore på kongen.

– Vi har vendt oss til at kongen er den som har hatt infeksjonar og sjukehusopphald, men at dronninga er sjuk er noko eg ikkje kan komme på at har skjedd.

Publisert 11.01.2025, kl. 21.33 Oppdatert 11.01.2025, kl. 21.58

Read Entire Article