Norske Tog erkjenner at dei skulle ha gjort meir for å skaffe lokomotiv til Nordlandsbanen tidlegare, melder RanaBlad.
Nyleg avlyste Norske Tog den tredje anbodsrunda for å leige inn lokomotiv til Nordlandsbanen. Dette opnar for at Norske Tog kan starte ein prosess med å kontakte ulike leverandørar og gjere direktekjøp av lokomotiv.
RanaBlad har spurt Øystein Risan, administrerande direktør i Norske Tog, om kvifor Norske Tog først no, etter at det tredje forsøket på ein anbodsrunde ikkje lukkast, valte å starte opp ein prosess med direktekjøp.
– Ved dei to førre anbodsrundene valte de å ikkje prøve denne vegen for å få tak i lokomotiv? spør RanaBlad.
Til avisa svarar direktøren følgande:
– Ved dei føregåande anbodsrundene trudde vi ikkje at det var noko å hente i marknaden, sidan ingen leverandørar viste noko interesse for å levere inn eit anbod. Denne gongen viste nokre aktørar ei interesse, men dei kom ikkje med eit konkret tilbod på det materiellet vi hadde håpa på.
Han fortel at dei no vil ta kontakt med aktørane som viste ei interesse, for å sjekke om det likevel finst ei moglegheit til å få leigd inn eit lokomotiv eller to på ein eller annan måte.
Vidare seier Norske Tog-sjefen at dei trudde lokomotiva av typen Di4, som SJ Noreg i dag brukar på Nordlandsbanen, ville halde til det skulle kome nye og moderne motorvognsett til jernbanestrekket.
Så skjedde den fatale ulykka hausten 2024, kor ein person omkom etter ei togavsporing mellom Bjerka og Mo i Rana etter eit steinras.
– Då vi plutseleg mista eit av dei tilgjengelege lokomotiva, blei situasjonen ein heilt annan, seier Risan.
No kjem han med ei erkjenning.
– Vi skulle ha gjort meir for å skaffe lokomotiv tidlegare, seier han.