Den økonomiske krisa til Moskenes blir verre

1 week ago 11



Vesle Moskenes kommune i Lofoten er eit ynda turistmål med idyllisk landskap og spektakulære fjell.

Men under overflata skjuler det seg store økonomiske problem.

Dei har vore på ROBEK-lista i 12 år, og i februar trua dei med å slå seg sjølve «konkurs» om dei ikkje får hjelp.

Og det ser ikkje ut til at det går noko betre snart åtte månadar seinare.

Dei siste prognosane viser at kommunen styrar mot eit overforbruk på 22 millionar kroner.

Det er over 10 millionar kroner meir enn det dei har budsjettert med.

– Utviklinga i kommunen er veldig urovekkande, seier fungerande statsforvaltar i Nordland, Monica Andreassen Iveland.

Dermed får dei eit samla meirforbruk på 143 millionar kroner.

– Det at kommunen legg opp til å auke meirforbruket sitt utover årets reviderte budsjett, meiner eg er svært alvorleg. Og det tyder på at kommunen framleis ikkje har klart å få kontroll og oversikt nok på økonomien sin, seier Andreassen Iveland.

Kalla overforbruk ei forbetring

Statsforvaltaren i Nordland har brukt mykje ressursar på å hjelpe kommunen, og under kommunestyremøtet tysdag stilte dei med tre representantar for å åtvare mot å styre mot enda meir underskot.

Der reagerte statsforvaltaren på at kommunen hadde påpeika i sakspapira at 22 millionar kroner er ei forbetring mot fjorårets underskot på 31 millionar kroner.

– Vi har lagt opp til eit årsbudsjett som hadde heilt andre tiltak og som skulle spare inn pengar. Dei hadde lagt opp til ein sum i eit meirforbruk, og så blir det dobla. Då kan ein ikkje måle det mot fjoråret og seie at det blei mykje betre. For det er ikkje det resultatmessig, seier Andreassen Iveland til NRK og legg til:

– I forhold til kva som var budsjettert, så er det ei kraftig forverring.

Assisterende stasforvalter i Nordland, Monica Andreassen Iveland .

– Vi meiner at det må gjerast ein enda grundigare jobb. Tydelegvis sidan ein endar opp med å bruke enda meir pengar, fungerande statsforvaltar i Nordland, Monica Andreassen Iveland.

Foto: Statsforvalteren i Nordland

Ut i møtet blei ordet forbetring foreslått fjerna av kommunedirektør Randi Gregersen, noko dei andre var einige i.

– Dokumenta som er lagde fram ber preg av at vi har hatt dårleg tid. Mitt råd er at vi utset saka, sa Randi Gregersen ifølge Lofotposten, som skreiv om dette først.

Politikarane var einige også i det, og no er budsjettreguleringa utsett. Med andre ord fortset jobben med å finne sparetiltak i lofotkommunen.

Utfordrande situasjon

Ifølge Lofotposten er det venta at helsesektoren aleine kjem til å gå 10 millionar kroner i minus.

– Kommunar er innbyggarar og livet skjer. Alt kan planleggast, men ting skjer undervegs. Vi har flotte tilsette som har bytta jobb eller gått av med pensjon som ikkje har blitt erstatta, noko som har ført til blant anna mykje bruk av overtid og innleige av vikarar, forklarar ordføraren i Moskenes, Hanna Sverdrup.

Og statsforvaltar Andreassen Iveland erkjenne at det er ein utfordrande situasjon dei står i.

– Det er det ingen tvil om, seier ho.

Spisse tinder på Lofotodden sett fra Reineforden

Vesle Moskenes kommune har under 1000 innbyggjarar, og er eit ynda turistmål med idyllisk landskap og spektakulære fjell.

Foto: Benjamin Fredriksen / Benjamin Fredriksen

For at denne floka skal løysast så meiner Andreassen Iveland kommunen må samarbeide meir med dei andre kommunane rundt.

Og det er ein del samarbeid på gang. Til dømes behandlar Vestvågøy kommune for tida saker innanfor det tekniske området i Moskenes.

I tillegg meiner ho at Moskenes systematisk må gå gjennom alle tenestene sine for å finne alle kostnadsdrivarane. Dei må finne ut kva dei kan skalere ned på og kva dei kan spare på.

Og ikkje minst, korleis dei kan få inn meir inntekter i form av gebyr og refusjonar, seier Andreassen Iveland.

For det viktigaste for kommunen er å få kontroll på økonomien.

– Og det hastar verkeleg.

– Det er dyrt å vere fattig

Ordførar Sverdrup seier statsforvaltaren ikkje har kome med forslag som har vore til noko særleg hjelp.

– At løysinga frå statsforvaltaren er meir samarbeid utover dei 40 samarbeida vi allereie har med nabokommunane forstår eg ikkje. For at dei skal kunne hjelpe oss må vi vere på same system, seier ho.

Hanna Sverdrup

Ordførar i Moskenes, Hanna Sverdrup seier kommunestyret er klar over ansvaret sitt. – Det er til sjuande og sist vårt ansvar at budsjettet går i balanse, men det er også vårt ansvar at innbyggarar får dei tenestene dei har krav på.

Foto: Vilde Bratland Erikstad

Dei skal halde fram med å samarbeide med nabokommunane, og ho skryt av samarbeidet, men dei andre slit òg.

– Dei har heller ikkje ressursar til å løyse alt for oss. Vi må ha nok hovud og hender til å følge opp og også bidra i samarbeid, seier ho og legg til:

– Det hjelper ikkje med fleire rapportar frå konsulentselskap betalte av statsforvaltar for å finne ut kvar skoen klemmer hos oss. Vi må ha tid og folk nok til å gjere noko med det.

Difor meiner ho det er på tide med ein diskusjon om kor mange tenester kommunar skal utføre.

Det har vore ein tradisjon med at statlege og fylkeskommunale oppgåver blir flytta til kommunane med finansiering nokre år, som fort viser seg ikkje er tilstrekkelege. Det same gjeld krava til kompetanse som skal vere hos alle for å få dette gjort.

Det blir pålagt meir og meir oppgåver som tar tid og ressursar som blir brukte til å lage planar, som heller skulle vore gjorde på å tilby tenester.

Vidare seier ordføraren at det er katastrofe at dei ser ut til å få ei samla meirforbruk på 143 millionar kroner.

– Det er dyrt å vere fattig.

Publisert 29.09.2024, kl. 15.59

Read Entire Article