Den italienske motedesignaren Giorgio Armani er død

2 days ago 7



Det er nyheitsbyrået Reuters som melder om dødsfallet.

– Med uendeleg sorg kunngjer Armani Group bortgangen til sin skapar, grunnleggjar og utrettelege drivkraft: Giorgio Armani, heiter det i ei fråsegn frå selskapet.

Armani døydde omgitt av sine næraste, ifølgje uttalen.

Vogue: Armani forandra moteverda

Motemagasinet Vogue beskriv Armani som «den mest suksessfulle italienske motedesignaren i historia».

Han jobba heilt til han døde, og sjekka alltid kvart einaste antrekk sjølv før visningar, skriv magasinet.

Vidare skriv Vogue at Armanis mantra var «Perfeksjonisme, og behovet for å alltid ha nye mål og å gjennomføra dei, er eit tankesett som gir livet djup meining.»

Armani forandra moteverda, ifølgje Vogue.

en mann som står foran en gruppe mennesker

Her frå ei motevising.

Foto: ANDREAS SOLARO / AFP / NTB

Armani var ein av dei mest markante skikkelsane innan moderne italiensk stil.

40 år gammail i 1975, oppretta han sitt eiga selskap. Før det jobba han for den italienske designaren Nino Cerruti.

Berre sju år seinare, i 1982, pryda han forsida av anerkjente Time Magazine. Det representerte ei enorm kulturell anerkjenning, skriv Vogue.

Sjå eit utval bileta frå livet til Armani:

  • Giorgio Armani, Thora Birch poserer for et bilde

    Giorgio Armani klemmer den amerikanske skuespilleren Thora Birch under åpningen av sin megabutikk i Milano, 4. oktober 2000.

    Foto: ANTONIO CALANNI / AP / NTB
  • en mann som klemmer en mann

    Arnold Schwarzenegger klemmer Giorgio Armani etter Emporio Armanis motevisning i Milano, 29. juni 1998.

    Foto: ANTONIO CALANNI / AP / NTB
  • Giorgio Armani, Ashley Judd poserer for et bilde

    Skuespiller Ashley Judd og designer Giorgio Armani smiler idet de ankommer Moulin de Mougins-restauranten for å delta på den årlige AIDS-innsamlingen under Cannes-festivalen, 20. mai 2004.

    Foto: PATRICK GARDIN / AP / NTB
  • Andriy Shevchenko, Roberta Armani et al. holder stearinlys

    AC Milan-spiller Andriy Shevchenko mottar den olympiske flammen fra designer Giorgio Armani på Montenapoleone i Milano, 29. januar 2006.

    Foto: PACO SERINELLI / AFP / NTB
  • Presidentskapet til George H. W. Bush, Giorgio Armani et al. poserer for et bilde

    USAs tidligere president George Bush og den italienske designeren Giorgio Armani smiler for fotografer under en fest i Milano arrangert av Armani, 29. juni 1998.

    Foto: AP / NTB
  • Tekst

    Giorgio Armani deltar på sin "One Night Only New York" moteshow 24. oktober 2013.

    Foto: Charles Sykes / AP / NTB
  • Giorgio Armani står foran en vegg med et skilt på

    Giorgio Armani poserer for pressen etter en pressekonferanse foran sin butikk i Seoul, 2. april 2005.

    Foto: LEE JIN-MAN / AP / NTB

I dag har imperiumet hans ei ei årleg omsetning på rundt 2,3 milliardar euro. Det tilsvarar 2,7 milliardar dollar.

Hans eigen personlege formue er rekna til 11 milliardar dollar.

Grunnla selskapet med ein partnar

Armani blei fødd i 1934 i den nod-italienske byen Piacenza.

Han studerte fyrst medisin, før han tenestegjorde i militæret.

Han grunnla selskapet sitt med hans partner Sergio Galeotti. Galeotti døydde i 1985 av HIV.

– Kjærleik er eit for snevert omgrep. Det var ei djup deltaking i livet og i resten av verda, sa Armani til vanity Fair i 2000 om forholdet sitt med det han kalte for sin «livspartnar»

Publisert 04.09.2025, kl. 15.15 Oppdatert 04.09.2025, kl. 15.57

Read Entire Article