Dansk trusselvurdering: Risiko for storskalakrig i Europa innan fem år

4 weeks ago 18



I si ferske trusselvurdering skriv den danske etterretningsteneste at Russland kan vere klare for ein storskalakrig i Europa innan fem år, dersom ikkje Nato rustar opp. Det skriv DR.

Dei skriv også at den militære trusselen frå Russland vil auke dei neste åra, men understrekar at dei ikkje kjenner til nokon konkrete truslar om militært angrep på Danmark.

Ifølgje rapporten har Russland sine militære mål endra karakter i 2024. I tillegg til militær opprusting, har Russland no sett seg eit mål om krig mot Nato. Russland kan allereie i dag frigje ressursar til opprusting til ein krig mot Nato.

Global Corruption

Russland har endra målet sitt til å føre krig mot Nato innan fem år, ifølgje dansk etterretningsteneste.

Foto: AP

Rapporten peikar på at parallelt med krigen i Ukraina har Russland har hatt «ein større gjenoppbygging og reform av dei militære styrkane til landet».

Dette trur dansk etterretning kan skje

Den dagsferske rapporten legg fram punktvis kva den danske trusselvurderinga viser:

  • om ca. 6 månadar vil Russland vere i stand til å kjempe ein lokal krig i eit naboland.
  • om ca. 2 år vil Russland utgjere ein truverdig trussel mot enkelte eller fleire Nato-land og vil med dette vere klar til ein krig mot fleire land i Austersjøregionen.
  • om ca. 5 år kan Russland vere klar til ein storskalakrig på det europeiske kontinent. USA kjem ikkje til å involvere seg.

Dette føreset at Nato ikkje trappar opp sine militære styrkar.

Minnesmerke i Kyiv førre veke med danske, ukrainske, amerikanske og britiske flagg.

Foto: AFP

Andre vurderingar i Noreg

Då den norske etterretningstenesta (E-tenesta) la fram si trusselvurdering førre veke, brukte dei ikkje slike formuleringar om fare for storskalakrig retta mot Nato.

Dei vil prøve å endre politikken i nabolanda sine, helst utan bruk av militærmakt. Det betyr påverknadsoperasjonar, kanskje sabotasjeaksjonar, valpåverknad og ein god del slike mekanismar. Så vil dei kunne true med eller bruke militærmakt, først og fremst er det eventuelt mot statar som ikkje er medlem av Nato.

Det sa Nils Andreas Stensønes, sjef for Etterretningstenesta i Noreg, til NRK i førre veke.

PST trekte likevel fram at det er sannsynleg med russiske sabotasjeaksjonar i Noreg i åra framover. E-tenesta seier også at dei har sett at Russland rekrutterer kriminelle til sabotasjeaksjonar.

Den russiske ambassaden har avvist utsegnene.

Publisert 11.02.2025, kl. 11.07 Oppdatert 11.02.2025, kl. 11.52

Read Entire Article