Daglegvare-etterforskinga: 4,9 milliardar i gebyr til Coop, Norgesgruppen og Rema

1 month ago 22



Konkurransetilsynet meiner dei tre store aktørane i daglegvarebransjen har drive med ulovleg prissamarbeid.

Ifølgje tilsynet har dei har delt store mengder prisinformasjon med kvarandre, gjennom såkalla prisjegerar.

– Dette er eit alvorleg lovbrot, noko som speglar størrelsen til gebyret, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Reitan Retail, som eig Rema 1000, seier dei vil anke avgjerda. Også Coop Noreg avviser lovbrot.

Ankar avgjerda

– Praksisen med å sjekke prisen konkurrentane tek for ei vare, har vore del av ein sunn og naturleg konkurranse til alle tider, i alle bransjar, seier leiar for næringspolitikk i Reitan Retail, Kårstein Eidem Løvaas.

Både Reitan Retail og Coop Noreg meiner på si side at prisjegerar har verka positivt for konkurransen.

– Coop Noreg har ikkje delteke i eit ulovleg samarbeid slik Konkurransetilsynet hevdar, seier Philipp Engedal, administrerande direktør i Coop Noreg.

Snart 7 år lang etterforsking

I mange år har Konkurransetilsynet meint at konkurransen mellom dei store daglegvarebutikkane har vore for svak, og at det gjer at prisane er høgare enn dei burde vere.

I 2018 aksjonerte tilsynet mot dei tre store: Norgesgruppen, som har butikkar som Kiwi og Meny, i tillegg til Coop og Rema 1000.

Tilsynet gjennomførte fleire umelde kontrollar, med mistanke om ulovleg prissamarbeid.

Den gongen sa kjedene at dei ikkje meinte dei hadde gjort noko ulovleg.

No har tilsynet konkludert i den såkalla prisjegersaka. Det forklarer tilsynet i ein pressekonferanse onsdag formiddag.

Varsla store gebyr

I desember 2020 varsla Konkurransetilsynet gebyr på til saman 21 milliardar kroner til dei tre store aktørane.

Det var kjedene sin bruk av prisjegerar tilsynet meinte kunne føre til høgare prisar.

Daglegvarekjedene meinte på si side at prisjegerane bidrog til å auke konkurransen.

I vår tok saka ei ny vending. Då droppa tilsynet dei mest alvorlege skuldingane mot kjedene – skuldinga om at dei hadde gjort avtalar seg i mellom med mål om å avgrense konkurransen.

Dei varsla gebyra vart kraftig reduserte:

  • Coop fekk varsel om eit gebyr på 1,3 milliardar kroner
  • Norgesgruppen 2,3 milliardar
  • Rema 1,3 milliardar

Publisert 21.08.2024, kl. 08.32 Oppdatert 21.08.2024, kl. 09.00

Read Entire Article