Det viser tal frå Eiendom Norge.
Korrigert for sesongvariasjonar auka prisane med 1,4 prosent.
Nytt krav til eigenkapital
Januar var fyrste månad med det nye kravet til eigenkapital. No er kravet at du må ha 10 % eigenkapital for å få lån. Før nyttår var kravet 15 %.
Dermed har regjeringa senka kravet for å få bustadlån. Mange økonomar har venta at dette vil få prisane til å auke i januar.
Særleg i Oslo har det vore mykje trykk i marknaden. På ei av visningane NRK va rinnom i januar var det 120 påmelde.
Lovnad frå Støre
Prisstatistikken kjem same dag som statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) gjekk på talarstolen i Stortinget for å presentere politikken til den reine Arbeidarparti-regjeringa.
Der gjorde han det klart at regjeringa har eit nytt mål om 130.000 ny bustader innan 2030.
Det vil seie 26.000 bustader i året.
Til samanlikning sette norske bustadbyggarar i gang bygging av 13 874 nye bustader i fjor. Det viser tal frå Boligprodusentenes foreining.
– Vi vil invitere storbyane til eit krafttak for bustadbygging, blant anna gjennom meir effektiv saksbehandling, fjerne reguleringar og sørge for gode rammevilkår for studentar- og ungdom, sa Støre.
Publisert 05.02.2025, kl. 10.59 Oppdatert 05.02.2025, kl. 11.02