Naudetatane blei varsla klokka 02.15 om brannen.
– Det er ikkje mykje synlege flammar lenger, men mykje røyk, seier Yngve Møller, som er vaktleiar i 110 sørvest.
Brannen er i eit bustadfelt.
Han opplyser om at det var ein bil i garasjen som var overtent.
Mykje kvitt skum frå sløkkinga.
Foto: Olav Røli / NRKVar full overtenning
Garasjen stod ned om huset og er heilt utbrent.
– Det var full overtenning, så brannvesenet har gjort ein god innsats for å avgrense skaden, seier Hans Christian Dahl i politiet til NRK på staden.
No skal dei starte etterforsking av brannen og veit førebels ikkje årsaka til brannen.
– No gjennomfører vi avhøyr av dei som har vore til stades. Og så blir åstaden sperra av medan ein ventar på om det blir gjort ytterlegare undersøkingar.
Kontroll på personar
Politiet opplyser rundt klokka 02.40 at huset som er knytt til garasjen er evakuert.
Brannvesenet held fram med sløkkingsarbeidet.
– Vi oppfordrar folk i området til å lukke vindauge til røyken minkar, seier Møller.
Publisert 06.02.2025, kl. 02.42 Oppdatert 06.02.2025, kl. 03.36