Er der ingen grenser på kor mykje pengar me skal bruke på unge, kriminelle gutar?
Oslo kommune brukte 60 millionar kroner på tre unge kriminelle barn.( Jan Bøler) Kvar av dei hadde fire personar til å passe på, når den unge var vaken, og to når han sov. Døgnpris er ca 56000 kroner.
Dette er vanskelege barn som har ei lang liste med brot på lovene. Planen er at dei skal ende opp som gangs menneskje.
På heile Sel sjukeheim, pleieavdelinga med 26 pasientar samt 16 på demensavdelinga, er der tre tilsette på heile huset om natta. Desse tre skal altså passe på 42 pasientar på fire ulike avdelingar på to etasjar, ifølge Nettavisen.
Me som har følgt lovene, betalt skatt og gjort så godt me kunne, kva med oss på heimen? Eg har aldri lese om ein sjukeheim eller likande som får ekstra hjelp fordi ein eller to av pasientane er sinna, uroleg og vil slå dei tilsette. Vanskelege pasientar får medisinar som roar dei ned. Ingen spør etter kva liv den eldre får, det som tel er å få vedkommande roleg. Så roleg at han ikkje skapar problem for nokon.
I Noreg er det skilnad på korleis ein handsamar ung og gamal. Dei unge må få ut sinnet sitt. Dei kan brøle, hyle, slå og sparke utan at noko skjer. Dei eldre bør vere snille og glade for alt dei får, elles må dei ta medisinar som gjer dei rolege. Bør unge, kriminelle barn, få medisinar som roar dei ned? Bør også urolege og aggressive fangar få medisinering? Alle bør få lik behandling i vårt samfunn.
Eg hugsar, då eg hadde praksis på skolepsykologisk kontor, sa Kjell Landmark ein gong:» Oppfør deg som ein pøbel, og du får gratis ridetimar». Er me eldre for snille?
Eldrebølgen – et uriktig og stygt ord
Åpen