Blei tilboden norsk landslagsplass: – Eg var redd for å ikkje bli godtatt

2 hours ago 1



– Er det her noko for meg? Eg bruker jo hijab og langerma. Eg var ikkje sikker på om det skulle bli godtatt der.

Det var tankane som gjekk gjennom hovudet til Zaynab Elmrani da ho før sommaren fekk ein uventa telefon frå trenaren for det norske landslaget i strandhandball.

Han ville ha henne med på landslagssamling i Spania.

– Å få den telefonen sit veldig høgt. Det har vore ein draum, seier Elmrani når vi møter henne i Oslo på seinsommaren.

en dame i blå skjorte og hijab

EIGE VAL: Elmrani er klar på at ho sjølv har tatt eit val om å bruke hijab.

Foto: Terje Haugnes / NRK

23-åringen frå Tønsberg, som til dagleg vaktar bura til Fjellhammer handballklubb, har norsk mor og marokkansk far.

– Hijab er ikkje berre at ein ikkje skal vise håret. Det er også å dekke til armar og bein, seier Elmrani.

Som handballmålvakt er det vanleg å bruke genser og bukse, men i strandhandball er heile laget pålagt å spele i shorts og singlet – også målvaktene.

I 2021 vedtok Det internasjonale handballforbundet ei regelendring, slik at strandhandballjentene slapp å spele i bikinitruse og sport-BH. Endringa kom etter mykje press frå fleire hald.

Reidd for å møte opp

Elmrani innrømmer at draumen om landslaget kunne ha enda med telefonsamtalen frå trenaren.

– Eg var veldig stressa for at drakta ikkje skulle bli akseptert, i og med at reglane er så strenge som dei er. Derfor var eg ikkje sikker på om eg torde å møte opp, seier ho.

Trenaren nemnde nemleg ingenting om drakta i telefonsamtalen.

– Tenk om eg hadde møtt opp på trening, og så visste ikkje trenaren at eg ikkje kunne spele i same drakt som resten.

Flyet til Spania gjekk frå Oslo lufthamn ein morgon i vår. Der hadde ikkje Elmrani vore om bord, om ho ikkje hadde tatt motet til seg og ringt landslagstrenaren tilbake.

To personer som går på gata med bagasje

SPANIA: Det kan bli varmt med heildekkande drakt på landslagssamling i Spania.

Foto: Privat

– Skal eg sende melding? Skal eg ringe? Kanskje han veit det? Til slutt ringde eg, og så sa han heldigvis at det ikkje var noko problem.

Positive reaksjonar

Målvakta møtte opp på Gardermoen, og landslagssamlinga i Spania gjekk knirkefritt for seg.

I etterkant har ho også vore med på turnering i Nederland.

– Det har ikkje vore nokon kritiske reaksjonar, verken frå lagkameratar eller folk rundt. Dei reaksjonane som har vore har vore positive, seier Elmrani og legg til at ho kjenner seg heldig som har hatt ei så god oppleving.

Full fart på landslagssamling i Spania

Christian Westheim /NHF

Landslagsspelaren seier at dei positive reaksjonane viser at det er rom for mangfald i strandhandball.

– Eg synest det gir eit veldig positivt bilete av sporten. Ikkje berre for jenter med hijab, men også for alle som kanskje kan kjenne seg litt utanfor. At det er plass til meg med hijab her, viser jo at det kan vere plass til kven som helst, seier ho.

For Norges Håndballforbund var den heildekkande drakta aldri eit problem.

– Da Zaynab sa at ho ønskte annleis utstyr enn lagvenninnene, så løyste vi det, seier Julie Aspelund Berg, strandhandballansvarleg i det norske handballforbundet.

En dame som smiler

ANSVARLEG: Julie Aspelund Berg, strandhandballansvarleg i Norges Håndballforbund.

Foto: NHF

Kan by på problem i meisterskap

Foreløpig har Elmrani vore med på treningssamlingar og turneringar, men ikkje internasjonale meisterskapar.

– Det internasjonale handballforbundet er meir rigide på reglane i meisterskap, så vi veit ikkje om drakta hadde bydd på problem viss Elmrani for eksempel hadde vore med til EM i sommar, seier Berg og legg til:

Men vi var klare til å ta den kampen.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Det internasjonale handballforbundet om bruk av hijab og heildekkande drakt, men har ikkje fått svar.

NRK har også spurt Det europeiske handballforbundet (EHF) om Elmrani kunne deltatt i EM med hijab og heildekkande drakt. I ein e-post skriv Thomas Schöneich, kommunikasjonsansvarleg i EHF:

– Spørsmålet du stiller kan likevel berre svarast på når ein tilsvarande førespurnad blir fremja direkte knytt til deltaking i ei turnering organisert av EHF.

Et strandhåndballag som står stilt opp strand

EM-SØLV: Landslaget kom på andreplass i europameisterskapen i strandhandball i sommar. Elmrani var tatt ut som reserve, men spelte ingen kampar.

Foto: Christian Westheim / Norges Håndballforbund

– Eit viktig førebilete

Sjølv seier Elmrani at ho ikkje tenker så mykje på at ho er eit førebilete for andre.

– Det er ikkje sikkert ho kjenner og opplever at ho er eit viktig førebilete, men vi veit at ho er det, seier Aina Anfinsen Westgaard.

En dame i sportsjakke

IMPONERT: Westgaard synest det er fantastisk at Elmrani står trygt i å spele strandhandball med hijab.

Foto: Norges Håndballforbund

Ho er fungerande mangfalds- og inkluderingsansvarleg i Norges Håndballforbund.

– Det kan inspirere veldig mange fleire jenter til å sjå at det er heilt mogleg å satse på idretten sin, og likevel få lov til å føle at dei kan vere den dei er med bakgrunnen sin, utdjupar Westgaard.

Elmrani har foreløpig ikkje sett nokon andre i Noreg som speler strandhandball med hijab. Målvakta fryktar at klesreglane er ein barriere for jenter i same situasjon som henne sjølv.

– Eg håpar det kjem fleire jenter som driv med idrett og ber hijab. Eg skal i alle fall stå i det med stoltheit og vere trygg.

Publisert 04.09.2025, kl. 16.39

Read Entire Article