Ber om ni års forvaring for sverddrap

3 weeks ago 6



Tiltalte har erkjent å ha drepe ei kvinne (45) ved å ha slått henne i hovudet med fire sverdslag.

Fleire diagnoser og låg IQ

Tiltalte i slutten av 20-årene, har både ei utviklings- og ei personlegdomsforstyrring. Han har også ei diagnose som knyter seg til rusmisbruk.

Mannen er også lettare psykisk utviklingshemma. Dei sakkunnige meiner IQ-en hans er på 65.

Personar som har IQ på under 60 er rekna som utireknelege.

Samla sett meiner dei sakkunnige at tiltalte har manglande evner til å forstå korleis handlingane hans kan påverke andre.

Korleis ein skal vurdere utilreknelegheit og IQ har vore eit tema under rettssaka i Trøndelag tingrett denne veka.

Retten byåsendrapet

Foto: Kari Sørbø / NRK

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne var klar i prosedyren sin fredag:

– Eg kan ikkje sjå at ein skal vurdere utilreknelegheit når IQ er 65 slik lova er i dag.

Hvis ein skal gjere det, så må lova endrast, påpeika aktor.

– Ei anna forståiing av verkelegheita

Den drepte var ein bekjent av tiltalte. Dei budde begge i kommunale leilegheiter på Byåsen i Trondheim. Ho var på besøk hos han.

Mot slutten av besøket sa ho til han at ho meinte katten hans burde bli utekatt. Tiltalte gjekk tur med katten i band. Fornærma skal ha sagt at ho ville varsle Mattilsynet om kattehaldet hans.

Tiltalte sa i retten at han flira litt, men vart også litt irritert. Han sa han trudde det hadde ein samanheng at han greip til sverdet som stod ved veggen.

Å ta til eit sverd i ein slik situasjon viser at tiltalte sine diagnoser og evne til å fungere er svekka, meiner påtalemakta.

Elisabeth Karete Bjørkavåg Ravnå, kvinnen som ble funnet drept på en adresse i Trondheim kvelden den 17. april 2023.

Elisabeth Karete Bjørkavåg Ravnå vart funnen drepen i Trondheim 17. april i fjor.

Foto: Politiet

Eit utydeleg motiv

– Det er eit utydeleg motiv. Eit merkeleg motiv, sa aktor. Han la til at det kan ha noko med utviklingshemminga å gjere.

– Tiltalte har ei anna forståiing av verkelegheita, sa aktor.

Men han vedgjekk at uklare juridiske føringar og diagnosene til tiltalte, gjer det utfordrande :

– Det er mange svingar i denne saka for å kome fram til ein konklusjon, sa aktor.

Publisert 13.09.2024, kl. 10.50 Oppdatert 13.09.2024, kl. 10.58

Read Entire Article