Barn smitta – dette bekymrar ekspertane

3 hours ago 3



Haust og vinter betyr høgsesong for influensa, inkludert for fugleinfluensa. USA er blant landa som har slite med svært høge tal på smitta dyr.

I tillegg har 55 menneske blitt smitta så langt i år.

Smittar frå kyr til menneske

Framleis rammar viruset først og fremst villfugl og fjørfe, men i USA har viruset også smitta mange mjølkekyr. 

 USDA Agricultural Research Service / AP / NTB
RAMMAR KYR: Stadig fleire kyr blir smitta av fugleinfluensa i USA. Her blir ein kalv vaksinert. Foto: USDA Agricultural Research Service / AP / NTB

Verst ramma er California. Delstaten har også flest tilfelle av smitte blant menneske. Det skriv U.S. Centers for Disesase Control and Prevention (CDC) på sine nettsider.

Eit fleirtal av dei smitta har jobba med infiserte kyr. 

Det er altså snakk om smitte frå eit pattedyr til eit anna. Under tidlegare utbrot, har menneske i hovudsak blitt smitta av infisert fugl.

Dei fleste som er smitta i USA har berre fått milde symptom.

Det vekte oppsikt då eit born blei smitta nyleg. Dette er først gong eit barn blir ramma i USA. Helsestyremaktene seier dei ikkje veit korleis guten fekk viruset sidan han ikkje har hatt kjent kontakt med infiserte dyr. 

Guten fekk milde symptom, og er på betringas veg.

Folkehelseinstituttet (FHI) her i Norge seier dei følgjer nøye med utbrotet i USA.

– Det er ei viss moglegheit for at det kan utviklast eit virus som også smittar lett til og mellom menneske, skriv Jeanette Stålcrantz i ein e-post til TV 2. 

Stålcrantz er seniorrådgjevar ved avdeling for smittevern og vaksine ved FHI.

– Men situasjonen i USA slik den er no, fører ikkje til høgare risiko for smitte til menneske i Norge.

Tenåring kritisk sjuk

I Canada er styremaktene på vakt etter at ein tenåring nyleg blei kritisk sjuk etter å ha blitt smitta av fugleinfluensa. 

Dette er det første gong eit menneske er registrert smitta i Canada, og helsestyremaktene har ikkje klart å finne ut korleis tenåringen blei smitta. Heller ikkje han har vore nær infiserte dyr så vidt styremaktene har klart å finne ut.

 Darryl Dyck / NTB
SMITTE: Eit skilt viser tydeleg at denne garden i Canada er råka av fuglevirus. Foto: Darryl Dyck / NTB

I tillegg har forskarar oppdaga mutasjonar i viruset som vekker bekymring. 

Mutasjonane kan tyde på at viruset smittar lettare, og at det kan føre til meir alvorleg sjukdom, skriv det anerkjende tidsskriftet Nature.

– Dette er ei bekymringsfull utvikling, seier immunolog Scott Hensley ved Universitetet i Pennsylvania til Nature.

Det er Gunnveig Grødeland ved Universitetet i Oslo einig i. Grødeland er professor i immunologi og leiar for Pandemisenteret (P1H).

– Mutasjonane er i eit område kor det ser ut til at det er mogleg at det kan smitte mellom menneske, forklarer Grødeland til TV 2.

– Det er potensielt problematisk fordi det betyr at det er eit godt skritt nærmare å smitte frå menneske til menneske.

 National Institute of Allergy and Infectious Diseases / AP / NTB
VIRUSET: Det gule viser viruspartiklar frå H5N1, som no herjar mange stader. Foto: National Institute of Allergy and Infectious Diseases / AP / NTB

FHI seier dei følgjer nøye med på oppfølgande forsking på dette tilfellet for å få kartlagt den faktiske effekten av mutasjonane.

– Inntil vidare ser det ut til at dette funnet ikkje representerer ein auka risiko framover, seier seniorrådgjevar Stålcrantz.

Foreløpig er det ikkje oppdaga smitte mellom menneske verken i USA eller Canada.

Viruset kan raskt endre form

I Canada har styremaktene testa fleire titals nærkontaktar til den smitta tenåringen, og ingen av dei har testa positivt.

Men immunologen Hensley seier denne siste utviklinga bør fungere som ei åtvaring.

– Dette viruset har kapasitet til å raskt endre form slik at det fører til alvorleg sjukdom.

 Darryl Dyck / NTB
SPREIER SEG: Stadig fleire fjørfeprodusentar i Canada må stenge ned på grunn av fugleinfluensa. Foto: Darryl Dyck / NTB

Tilstanden til tenåringen er framleis kritisk, men stabil, ifølge canadiske medium.

– Dette var ein frisk tenåring før han blei smitta, seier Bonnie Henry, som jobbar for canadiske helsestyremakter.

Faren for smitte i befolkninga generelt blir skildra som lav.

– Berre spørsmål om tid

Også Verdas helseorganisasjon har åtvara om at H5N1-viruset er i konstant utvikling, noko som kan ende med at viruset potensielt lett kan overførast frå person til person. Viss det skjer, kan det bli starten på ein ny pandemi.

Immunologen Grødeland trur det berre er eit spørsmål om tid før fugleinfluensa vil begynne å smitte mellom menneske.

– Det store spørsmålet er kva for form viruset har når det treff menneske, seier Grødeland.

Spørsmålet er om det vil gi milde symptom, slik ein i hovudsak har sett i USA dette året, eller om det vil det gi alvorleg sjukdom, slik som ved tilfellet i Canada og som ved fleire andre tidlegare utbrot.

– Det kan vi ikkje seie noko om før folk faktisk blir infiserte, seier Grødeland.

– Det som vil avgjere kor høg grad av sjukdom viruset gir, er for det første kor godt det smittar mellom menneske, og for det andre kor godt det klarer å formeire seg i kroppen vår.

 Tom Rune Orset / TV 2
REKORDSTORT UTBROT: I fjor blei dei nordlegaste delane av Norge råka av eit rekordstort utbrot blant villfugl. Biletet er tatt i Vadsø 20. juli 2023. Foto: Tom Rune Orset / TV 2

Den siste tida har det blitt påvist fugleinfluensa hos fugl fleire stader i Norge. Men så langt har det ikkje vore nokon tilfelle av H5N1 blant menneske her til lands, ifølge Folkehelseinstituttet.

– Må førebu «worst case-scenario»

Uansett er Grødeland ikkje i tvil om kva for strategi helsestyremaktene bør følgje no:

– Det er viktig å førebu seg på «worst case-scenario» der vi faktisk får et virus som smittar og forårsakar betydeleg sjukdom.

 Rune Blekken / TV 2
FORBEREDT: – Norge må vere forberedt på alle scenario, seier immunolog Gunnveig Grødeland. Foto: Rune Blekken / TV 2

Samtidig seier ho at folk flest ikkje har grunn til å få panikk.

– Det er fint lite kvar enkelt kan gjere, difor er ikkje dette noko ein skal gå å bekymre seg for på dagleg basis, seier Grødeland.

– Men samtidig må styremaktene og vi forskarar ha ein plan for å kunne handtere ulike scenario.

No etterlyser Grødeland endå meir forsking både på vaksinar og medisinar, og dessutan grunnforsking for å betre forstå immunsystemet.

Ho sjølv har utvikla ein ny vaksine mot fugleinfluensa. Fase 1-studien er over halvvegs, og målet er å vere ferdig før sommaren 2025. 

Så langt ser resultata lovande ut, ifølge Grødeland.

Meir om vaksinen:

– Det vi veit så langt, er at vaksinen ser trygg ut. Det er hovudhensikta med ein slik fase 1-studie. Vi ser også at vi kan få danna antistoff hos ein del av dei som er vaksinerte, seier Grødeland.

Det er tre ulike fugleinfluensavirus som med jevne mellomrom har smitta frå fugl til menneske det siste tiåret, kalla H5, H7 og H9, og som vi derfor bør vere forberedte mot.

Vaksinen Grødeland har utvikla, er mot H7-viruset og vil ikkje hindre smitte med H5, som no herjar i ml.a. USA.

– Vi valde H7 fordi den er kjent for å vere den som det har vore vanskelegast å lage vaksinar mot, seier Grødeland.

Ho legg til at vaksinen som no er under testing, lett kan vidareutviklast til å også hjelpe mot andre former for influensa.

Virus funne i rå mjølk

Noko anna som har vekt oppsikt i USA, er funnet av fugleinfluensavirus i rå mjølk på eit kjøpesenter i California. 

Rå mjølk er verken homogenisert eller pasteurisert. Slik mjølk har vore forbode å selje i butikk i Norge sidan 1953, ifølge FHI, fordi inntak av rå mjølk kan føre til sjukdom

I Norge er det likevel tillate med «tilfeldig» sal av upasteurisert mjølk direkte frå gardar til forbrukar, ifølge Opplysningskontoret for mjølk.

 Justin Sullivan / Getty images / NTB
INFISERT: Meieriet Raw Farm har kalt tilbake rå mjølk etter funn av fugleinfluensavirus. Biletet er tatt i California, der kyr er hardt ramma av utbrotet. Foto: Justin Sullivan / Getty images / NTB

Også Verdas helseorganisasjon åtvarar mot å drikke ubehandla mjølk. Samtidig skriv WHO at det er høgrisiko å ete rå egg eller rått kjøtt frå område som er ramma av utbrot.

Til dags dato er det ikkje bevist at fugleinfluensa kan overførast til menneske gjennom inntak av infisert mat, det skriv EUs avdeling for matsikkerheit (EFSA) på sine nettsider.

Men i USA har kattar døydd etter å ha drukke mjølk frå infiserte kyr.

– Det som er interessant, er at kyrne klarer seg relativt greitt mot H5-viruset, medan kattane blir alvorleg sjuke og døyr ofte. Det viser jo at dette er eit virus som har potensial til å gå i alle pattedyr, seier Grødeland.

 Marcus Leodolter / AP /NTB
SMITTA: Allereie i 2006 blei ei rekke kattar smitta med fugleinfluensa i Austerrike. Foto: Marcus Leodolter / AP /NTB

FHI seier folk i Norge bør ta enkle forholdsreglar mot fugleinfluensa.

– Det er viktig at ein ikkje tar på sjuke eller døde fuglar, eller andre dyr der det er mistanke om smitte, seier seniorrådgjevar Stålcrantz, og ber folk sjekke Mattilsynet sine råd

FHI har også eit råd til folk med kjæledyr:

– Hundar og kattar bør haldast unna sjuke og døde fuglar.

Read Entire Article