– Du får eit sjokk. Alle raude lamper lyser inni hovudet, seier Lægreid om blemma, som førte til ein merknad.
Toppidrettsutøvarar må jamleg rapportere kor dei er, slik at dei kan vere tilgjengelege for uventa dopingkontrollar. Tre slike brot innan tolv månader kan føre til utestenging.
Lægreids brot førte til ein merknad. Han fortel at det var ein kvartalsrapport som blei send éin dag for seint.
Han seier at åtvaringa kom for eit par år sidan, noko som har gjort at han har skjerpa rutinane.
– Eg trudde at eg hadde gjort det, men så oppdaga eg rundt 1. januar at eg ikkje hadde gjort det. Då gjorde eg det i ettertid. Men fordi eg oppdaga det ein dag for seint, så fekk eg ein sånn merknad. Sånt skjer, men det har heldigvis berre skjedd den eine gongen, forklarer leiaren av verdscupen.
Han avslørte brotet på sin YouTube-kanal.
Ikkje i søkelyset lenger
Desse kvartalsrapportane skal gjerne innehalde planlagde treningsstader, konkurransar og reiser. Kor dei bur og eventuelle hotellopphald må også registrerast.
– Ein blir litt ekstra påpasseleg. Fordi om du får tre sånne merknader i løpet av tolv månader så får du jo straff. Det er eit slags lite slag på lanken. Så då skjerpet eg meg litt ekstra ut resten av året. Nå er jo den merknaden ute av systemet, så det er herleg, påpeikar skiskyttarstjerna.
– Kva nervar kjenner ein på då?
– Det er kjipt dersom det er noko sånt som skal felle ein då. At ein er litt sløv på å rapportere sånne byråkratiske greier. Heldigvis gjekk det fint.
Han fortel vidare at han har skjerpa rutinane for innmelding, og at det ikkje har vore fleire glippar etter dette.
VM-KLAR: Sturla Holm Lægreid møtte pressa i samband med VM i skiskyting.
Foto: Hanne Skjellum / NRKLægreid-rival: – Sjølvsagt litt dumt
NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde meiner at éin feil kan skje alle.
– Det er fort gjort, og det er ein menneskeleg feil frå ein elles systematisk fyr, seier eksperten.
Det fransk-norske skiskyttaresset Éric Perrot har forståing for at det er mogleg å gleppe på innmeldingsrutinane. Han trur det same kunne skjedd han sjølv.
– Det er tøft å måtte levere rapportar for kvar dag der ein skal vere. Det kan skje alle. Det er sjølvsagt litt dumt når det skjer, først og fremst for han, men også for andre. For då kan det komme ein mistanke mot han òg, seier han til NRK.
RIVAL: Fransk-norske Éric Perrot.
Foto: Christian Grotnes / NRKPerrot seier det er litt tungt å fylle ut papir og rapportere kvar dag for å unngå dopingmistankar.
– Eg både håpar og trur at det berre var ein bom. Då må ein berre skjerpe seg og begynne med det igjen.
– Har det skjedd deg?
– Det har ikkje skjedd meg ennå, men eg er ung, så det kan framleis skje.
Skiskyttar stengt ute i 18 månader
Eitt kjent eksempel er frå skiskytingsverda er latviske Andrejs Rastorgujevs, som blei utestengd i 18 månader i 2021 etter å ha brote meldeplikta tre gonger innanfor ein 12-månadersperiode.
Rastorgujevs testa aldri positivt for doping, men sidan han ikkje var tilgjengeleg for uventa dopingkontrollar ved tre høve, blei det rekna som eit alvorleg regelbrot.
Det er altså ein relativt lang veg til utestenging for ein utøvar som bryt meldeplikta.
– Lægreid er ikkje aleine om å gjere det, men det er ei påminning til alle i laget at dei må vere skjerpa, seier Lunde.
TVILER PÅ GJENTAKING: NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde meiner Lægreids antidoping-blemme bør skjerpe rutinane i det norske laget.
Foto: Anders Boine Verstad / NRKDenne blemma er også vanleg i andre idrettar, og meldeplikta gjeld i alle toppidrettar.
I Noreg fekk brytar Oskar Marvik stor merksemd då han blei skulda for brot på meldeplikta tre gonger, og Antidoping Noreg ville stenge han ute i eitt år. Etter månader med trussel om utestenging, blei Marvik frifunnen av domsutvalet i Norges idrettsforbund.
Publisert 17.02.2025, kl. 11.49