Ap-skandalen illustrerer ei ny medietid. Konsekvensane for demokratiet er usikre

7 hours ago 1



GJESTEKOMMENTAR: Ap-skandalen illustrerer ei ny medietid. Konsekvensane for demokratiet er usikre.

Det vert uhorveleg merksemd rundt dei få sakene som vert snakkisar i dagens medierøyndom. I den siste spela Jan Christian Vestre og Jonas Gahr Støre sentrale roller. Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det vert uhorveleg merksemd rundt dei få sakene som vert snakkisar i dagens medierøyndom. Dette er ein måte å summere opp dei siste to åra i norsk politikk på, jamfør den følgjande saksrekkja. Hausten 2023 var det Erna Solberg og aksjeskandalen som kravde all merksemd – før det neste store temaet seinhausten i 2024 vart den uduglege Støre, ifølgje opinionsklimaet, og internt Ap-opprør mot han. Men så vart Støre brått populær att i vinter då også Jens Stoltenberg, som alle likar, vende tilbake til norsk politikk.

No har det snudd på ny. Eit meiningstrykk går ut på at dei to saman med Vestre er sjølve løgnarane i landet. Det spørst likevel om temaet varer lenge nok til å gje større konsekvensar, sjølv om mange på høgresida no ønsker å få klistra eit varig løgnmerke på Ap. I realiteten har vel fleire sine svin på skogen.

Ferje og studentgjeld-skandalen til Arbeidarpartiet og sakene oppfor kan illustrere ein ny medierøyndom. Tidvis vert jamvel mainstreammedia til myggsvermmedia der alle vil ha sin bit av byttet. Kvar er den felles politiske samtalen vår på veg?

To motstridande prosessar skjer på same tid. Først betyr oppdelinga i mange medieflater forvitring. Men så vert det likevel sterk konsentrasjon og merksemd for dei få, store sakene – og kanskje då også eit auka konformitetspress.

Solbergs kritikk

Sist i oktober kom Erna Solberg med overraskande sterk, men treffande kritikk mot NRK og norsk presse. NRK har vorte for opptatt av klikk, sa ho, og går for langt i å ville tekkast yngre veljarar, sjølv om ho forstod bakgrunnen. Ho meinte også at norske journalistar er for venstrevridde. Det gjaldt mest at kritisk journalistikk for fort handlar om å få pøse på med meir pengar i staden for å forstå kvifor system ikkje fungerer. Det har ho jo også rett i.

Korleis mediedekning og valkamp går føre seg, bør vere under stadig diskusjon. Etter den siste valdebatten til NRK kom ein partifelle av Erna Solberg, den svært dyktige Sandra Bruflot (34) frå Buskerud, med nokre interessante refleksjonar. Kvar vart dei nære og viktige forventa debattane om barnehage, skule og helse av i mylderet, spurde ho. Bruflot meiner at berre i løpet av dei siste fem åra ser vi at trendar på sosiale media i for stor grad får bestemme innhaldet i valkampen.

Eit steg tilbake

Kontrasten er stor til det året Bruflot vart fødd, i 1991. Då hadde NRK monopol som nasjonal kringkastar av levande bilete. I valkampen i 1991 var det ni nasjonale TV-sendingar om valet, alle på NRK – det var det heile. Så var det jo i tillegg aviser, men ikkje noko internett. Men vert vi klokare i dag?

Eit styrkt mangfald er sjølvsagt eit framsteg, og den teknologiske utviklinga gir større fridom for innhaldsprodusentar. Men som Bruflot var inne på, kvar vart det i valkampen i 2025 av debatt om sentrale tema som helse-, skule- og distriktspolitikk?

Det heile er paradoksalt. For om den felles offentlege samtalen forvitrar, vert den nye medierøyndomen ikkje berre eit framsteg, men også eit steg tilbake for oss som demokratisk fellesskap. To motstridande prosessar skjer på same tid. Først betyr oppdelinga i mange medieflater forvitring. Men så vert det likevel sterk konsentrasjon og merksemd for dei få, store sakene – og kanskje då også eit auka konformitetspress.

Mediet er bodskapen

Mediet er bodskapen, sa medieforskaren Marshall McLuhan. Stadig fleire bruker sosiale media som kjelde for nyheitsoppdatering, og desse vert mindre informerte samanlikna med dei som får informasjon direkte frå nyheitskjeldene. Vi såg i denne valkampen teikn på at overgangen frå redaktørstyrte til sosiale media omformar måten politikarane opptrer på i den politiske debatten.

Omforminga gjeld også debattdeltaking og debattskikk blant folk flest. Debatten i sosiale media vert ofte breial og konfronterande. Her er teorien om teiespiralar relevant, slik politikk-forskarane Torill Aalberg og Anders Todal Jenssen er inne når dei går gjennom medieendringar over tid. Veljarar flest har ein slags innebygd opinionsradar og får via media med seg kva som er «rett» å meine. Å seie mot den rådande meininga kan koste sosialt og teiespiralar oppstår. Meir einsidige informasjonsklima og teiespiralar i sosiale media kan gjere at vindstyrken aukar i majoritetens retning når store saker vert snakkisar.

Videoen til Vestre

Eit trekk ved den mediefasen vi no er på veg inn i, er at politikarane kommuniserer meir direkte med veljarane enn før, slik som i Vestre-videoen som Ap-nestleiaren seinare har måtta beklage. For Aslak Bonde i Morgenbladet er videoen eit teikn i tida. Han peika på at det er lettare å vere omtrentleg når ordskiftet går ut på å lage videosnuttar der ingen motseier deg, kontra å bryne deg med meiningsmotstandarar i debatt. I same leia gjekk observasjonen hans av trontaledebatten på Stortinget. Mange politikarar verka meir opptekne av å lage gode videosnuttar seinare, enn å debattere.

Denne utviklinga bør snus. Erna Solberg hadde difor rett då ho sa at verdien av mediedekninga til NRK ikkje berre bør målast av talet på klikk. Politisk debatt som reell meiningsbrytning er av umisteleg demokratisk kvalitet for å sikre opplyste veljarar.

Publisert:

Publisert: 2. november 2025 20:04

Read Entire Article