Anne Marthe mista vener i jakta på suksess på sosiale medium

3 weeks ago 14



Tanken var skummel. Det er openbert at mange ser på det som veldig flaut, inkludert meg sjølv.

Det tenkte fotograf og influensar Anne Marthe Widvey om å spørje følgarane sine om nokon ville vere venen hennar.

– Eg tenkte «nei, gurimalla dette er pinleg og ukomfortabelt».

Men så gjorde ho det likevel.

Mista vener i jakta på suksess

Anne Marthe er frå Karmøy, men bur i Sandnes saman med mann og tre kattar. På Instagram har ho over 36.000 følgarar, men ho har ikkje tusenvis av vener på privaten.

– Me manglar vener, rett og slett. Me manglar nokon å gjere ting med og ikkje berre oss og kattane våre, seier ho.

Korleis hamna du der at du faktisk ikkje har så mange ekte vener?

Men det er vel det som er jakta på suksess, at det ofte er det masse ulemper. Og ei av dei er jo at ein gjerne mister vener undervegs. For så sit du der og då var det berre meg.

Samstundes såg ho andre dele bilete frå store 17. mai-feiringar og bryllaup, omringa av masse folk.

Det blir alltid litt sårt når du ser det og ein blir jo gjerne meir bevisst på det, seier influensaren.

Difor tok ho motet til seg og spurde følgarane sine på Instagram om nokon ville vere ven med dei.

Og responsen? Over 1000 likarklikk og mange kommentarar, men også eit par nye vener.

Anne Marthe Widvey sitt innlegg på instagram.

Anne Marthe Widvey tenkte ho ikkje hadde noko å tape før ho la ut dette innlegget på Instagram.

Foto: skjermdump / instagram

Folk har tatt kontakt og vil vere vener med oss og møte oss. Det har vore utruleg kjekt.

Etter berre nokre dagar møtte Anne Marthe og mannen eit nytt venepar.

– Me hadde det så kjekt at me ikkje ville gå ifrå kvarandre. Me har allereie avtalt ny hengedag. Så det er veldig kjekt.

No er ho glad for at ho torde å gå utanfor komfortsona og legge ut innlegget.

Vanskelegare for vaksne enn barn

Anne Marthe er ikkje aleine om å ikkje ha så mange vener.

– Det er veldig mange som opplever av ulike grunner at dei ikkje har så mange vener, eller så nære vener som man ønsker, seier professor i psykologi Frode Thuen.

Og det kan opplevast vanskeleg å få seg nye vener, men det er ikkje umogeleg.

Ein må nesten gå fram på ein ny måte for at ein skal kome ut av einsemd, eller for at situasjonen skal bli betre. Så det å annonsere det offentleg sånn som Anne Marthe har gjort, synest eg er helt fantastisk, rosar Thuen.

I tillegg kan det vere vanskelegare for vaksne enn for barn å få nye vener, seier psykologen.

– Vaksne må ofte gjere ein meir aktiv innsats, ta kontakt, vise initiativ og at ein har lyst på vener.

– Alltid nokon som passar saman med deg

Men uansett alder kan det vere skummelt å vise at ein har lyst på ein ny ven.

– Men det er alltid nokon som passar med deg.

Det seier Hans Lukas Engan Stene. Han begynte på vidaregåande i haust og har fått oppleve akkurat dette.

– Då eg begynte her kjente eg ingen, men no kan eg seie at eg er ven med alle saman. Det er berre å tore å by på seg sjølv.

Ein av dei han har blitt ven med sidan august er Isak Yttersian som flytta heilt aleine frå øykommunen Frøya til Trondheim for å begynne på vidaregåande.

Ver open og ikkje ver redd for å snakke med nokon, råder Isak.

Hans Lukas meiner også det er viktig å hoppe i det og ikkje vere redd for å få seg nye vener – slik Anne Marthe har gjort.

Tør å by på seg sjølv, og ikkje ver redd. Alle ville jo ha nye vener.

Hans Lukas Engan Stene og Isak Yttersian står foran en gul vegg. Hans Lukas har hånden på skulderen til Isak.

Hans Lukas Engan Stene og Isak Yttersian har blitt gode vener etter at de begynte i same klasse på Thora Storm vidaregåande skole i august.

Foto: Linn Elisabeth Skarrud / NRK

Begge dei to kameratane trur det er mogeleg for alle å få seg ein ny ven.

– Det er alltid nokon som er lik deg på ein eller annan måte. Viss du liker å vere for deg sjølv, er det nokon andre som liker akkurat det same.

Og det har også Anne Marthe fått erfare.

– Mange har tatt kontakt og spurt om eg vil anbefale dei å gjere det same. Og det burde dei – alle må gjere det same, legg influensaren til.

Publisert 13.09.2024, kl. 12.07

Read Entire Article